Hopp til innhold
X
Innhald

Jan Terje Faarlund

Jan Terje Faarlund, språkforskar og professor. Han var med og skreiv Norsk referansegrammatikk, den største grammatikken som er utgitt for norsk språk.

Jan Terje Faarlund er fødd på Hamar 3. mai 1943. Han voks opp på Østre Toten og tok examen artium ved Eidsvoll landsgymnas i 1962. I 1974 tok han magistergraden i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo.

Han var professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Trondheim i 1981–83 og 1985–97. I åra 1979–80 og 1984–85 var han professor i norsk og lingvistikk ved University of Chicago. Frå 1998 har han vore professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo. Faarlund har særleg forska i grammatikk, historisk språkvitskap og språkvitskapleg teori.

Han har gitt ut bøker om setningsbygnaden både i moderne norsk og i gamalnorsk, har skrive om den amerikanske lingvisten Noam Chomsky og har saman med Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo utarbeidd Norsk referansegrammatikk (1997), den største grammatikken som er utgitt om norsk språk (bokmål og nynorsk). Han har òg skrive ei bok om målet på heimetraktene, Totenmålet (2000).

Saman med Joseph E. Emonds gav han i 2016 ut den kontroversielle boka English: The Language of the Vikings. Boka legg fram ein hypotese om at moderne engelsk stammar frå det norrøne språket til den skandinaviske folkesetnaden aust og nord i England, snarare enn frå gammalengelsk.

Faarlund var leiar for nynorskseksjonen i fagnemnda i Norsk språkråd i 1996–2000, som på den tida arbeidde mykje med normering av nynorsk. Han er medlem av The Philological Society i London frå 1977, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim frå 1983 og av Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo frå 1996.

Kjelder

Jan Terje Faarlund: Morfologi. Bøyingssystemet i nynorsk og bokmål. Oslo 1988

Jan Terje Faarlund, Svein Lie, Kjell Ivar Vannebo: Norsk referansegrammatikk. Oslo 1997

Jan Terje Faarlund (red.): Ordtilfanget i nynorsk – synsmåtar og røynsler. Norsk språkråds skrifter, Oslo 1998

Jan Terje Faarlund: Revolusjon i lingvistikken. Noam Chomskys språkteori. Oslo 2005

Jan Terje Faarlund: Totenmålet. Lena 2000

Kjell Ivar Vannebo: «Jan Terje Faarlund», Norsk biografisk leksikon, bd. 3. Oslo 2001

Årsmeldingar frå Norsk språkråd

Peikarar

Jan Terje Faarlund: «Mennesket - den talende ape? Om språk og biologi», P2-Akademiet:

Norsk referansegrammatikk i Nbdigital

Jan Terje Faarlund: Morfologi i Nbdigital

Jan Terje Faarlund (red.): Ordtilfanget i nynorsk i Nbdigital

Først publisert: 22.11.2011
Sist oppdatert: 19.02.2018