Hopp til innhold
X
Innhald

Jonathan Aars

Jacob Jonathan Aars, filolog og rektor. Han grunnla ein høgre skule, gav ut rettskrivingsreglar til skulebruk og var med og førebudde rettskrivinga av 1907.

Aars var fødd i Kristiania 12. juli 1837 og døydde same staden 22. september 1908. Han tok examen artium ved katedralskulen i Kristiania i 1854 og vart cand.philol. med hovudfag i gresk i 1860. 1859–64 underviste han ved Hartvig Nissens Latin- og Realskole.
Saman med studiekameraten og venen Peter Voss skipa han i 1863 Aars's og Voss's Latin- og Realskole, som vart ein høgt respektert skule som var tidleg ute med undervisningsreformer, og som fekk mykje å seie for utviklinga av den høgre skulen i Noreg. Aars underviste sjølv i gresk, i tidlege år også i latin og norsk.
Påverka av Knud Knudsen, som han hadde hatt som lærar på katedralskulen, arbeidde Aars for ei fornorsking av rettskrivinga i dansk-norsk. Alt i 1858 gav han som stud.philol. ut Forsøg til en Vejledning i norsk Retskrivning. I 1866 kom Retskrivningsregler til Skolebrug. Mellom 1866 og 1907 kom det 17 reviderte utgåver av boka, som i 1897 skifta tittel til Norske retskrivnings-regler. 1877-utgåva innfører, etter ei høyring blant skulefolk, liten førebokstav i samnamn. Frå 1885 vart boka formelt autorisert av Kyrkjedepartementet som rettesnor «ved bedømmelsen av besvarelser ved de offentlige skole-eksamener». I dei seinare utgåvene deltok også Simon W. Hofgaard i arbeidet med boka.
Aars publiserte ymse arbeid i klassisk og nordisk filologi. Eit hovudverk er Sokrates, skildret gjennem oversættelser af Platon, med indledning og anmerkninger frå 1882. Han var medlem av fleire departementale utgreiingskommisjonar og var med i det utgreiingsarbeidet som førte fram til rettskrivingsreforma for dansk-norsk av 1907.
Aars var styremedlem i Det norske Oldskriftsselskab frå 1864, medlem av Videnskabsselskabet i Kristiania frå 1886 og formann i Bymålslaget 19061908. I 1890 var han utnemnd til riddar av St. Olavs Orden.
Førenamna til Aars blir i litteraturen skrivne på ulike måtar, mest vanleg er Jacob Jonathan. Sjølv skreiv han i formelle brev og som forfattar berre «J. Aars». På gravsteinen på Vår Frelsers gravlund i Oslo står «Skolebestyrer Jakob Jonatan Aars». Skrivemåten er i samsvar med dei rettskrivingsreglane han sjølv gjekk inn for.
Kjelder
Alf Hellevik: Språkrøkt og språkstyring. Oslo 1979
Elling Holst: «J. Aars og P. Voss», Skolebladet, 15.1. 1898
Egil Børre Johnsen: Unorsk og norsk. Knud Knudsen. En beretning om bokmålets far. Tvedestrand 2006
Einar Lundeby: Bymålslaget og Maal og Minne. Et 100-årsjubileum. Oslo 2002
A. Midsem: Festskrift utgitt i anledning av Aars og Voss' skoles femtiaars jubilæum. Kristiania 1913
Einar Sigmund: «Aars, Jacob Jonatan», Norsk biografisk leksikon, bd. 1. Kristiania 1923
Randi Bård Størmer: «Jonathan Aars», Norsk biografisk leksikon, bd. 10. Oslo 2005
Joh. K. Bergwitz (red.): Studenterne fra 1854. Kristiania 1904
Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling. Oslo 1978
Aars og Voss's latin- og realskole. Aarsberetning for skoleaarene 1907–1910. [Minneord, biografi og bibliografi]. Kristiania 1911
Ivar Aars: «Jonathan Aars og 'Retskrivnings-regler til Skolebrug'», Språknytt nr. 2/2007
Peikarar

Først publisert: 30.09.2011
Sist oppdatert: 29.04.2013