Hopp til innhold
X
Innhald

Kåre Elstad

Kåre Ivar Elstad, skulemann og dialektforskar med nordnorske dialektar som spesialitet. Frå 1974 var han tilsett ved Universitetet i Tromsø, frå 1984 som professor.

Elstad var fødd i Borge (Vestvågøy) i Lofoten 8. juni 1919 og døydde i Stokmarknes 20. april 2001. Han tok eksamen ved Tromsø lærarskule i 1942 og vart cand.philol. i 1974 med nordisk som hovudfag. Han arbeidde i mange år som lærar og rektor i Lofoten og Vesterålen. Sidan 1974 var han knytt til Institutt for språk og litteratur ved Universitetet i Tromsø, frå 1984 som professor i nordisk språkvitskap.
Fagfeltet hans var dialektgransking, og han var rekna som ein av dei fremste kjennarane av nordnorske dialektar. I 1982 publiserte Elstad den omfattande avhandlinga om talemålet på heimstaden sin, Borgfjerdingsmål I og II. Same året skreiv han den store oversynsartikkelen «Nordnorske dialektar», som framleis gjeld som den mest heilskaplege framstillinga av det nordnorske talemålet. Den lange pedagogiske røynsla prega førelesingane hans ved universitetet. Elstad likte å undervise og var ein engasjerande og kunnskapsrik førelesar.
Utanom dialektforskinga engasjerte Elstad seg i arbeidet med å samle inn og ta vare på stadnamn i den nordlege landsdelen. Han arrangerte lokale kurs og innsamlingar, og hindra dermed at delar av den nordnorske stadnamntradisjonen gjekk i gløymeboka. Han tok del i den sentrale Samarbeidsnemnda for namnegransking, og stod sentralt i arbeidet med å få etablert eit nordnorsk målføre- og namnearkiv (Nordnorsk talemålsarkiv) ved Universitetet i Tromsø. Dessutan var han interessert i musikk og dikting.
Kåre Elstad var oppteken av samanhengen mellom nynorsken og det nordnorske talemålet. Han arbeidde for eit nynorsk skriftspråk som òg reflekterte nordnorske språkformer. Hans eigen språkbruk var eit framifrå døme på denne samanhengen. Han var medlem av Norsk språkråd frå 1980 og av fagnemnda i språkrådet (nynorskdelen) i tida 1980–1982. Engasjementet for nynorsken hadde han fått med seg frå heimen. Far hans, Hagbart Elstad (1878–1960), skipa det første mållaget i Lofoten, i 1913.
Kjelder
Lars Beite (red.): Norske skolefolk, bd. 1. Stavanger 1966
Tove Bull og Anton Fjeldstad (red.): Heidersskrift til Kåre Elstad. Universitetet i Tromsø 1986
Herman Berthelsen (red.): Hvem er hvem i norsk kulturliv? Oslo 1987
Helge Stangnes: «Minneord over Kåre Elstad», Lofotposten april 2001
Årboka Lófotr. Vestvågøy Historielag 1993

Først publisert: 09.11.2011
Sist oppdatert: 09.11.2011