Hopp til innhold
X
Innhald

Kåre Flokenes

Kåre Flokenes, høgskulelektor og språkforskar frå Askvoll, busett i Stavanger. Han har gått i djupna når det gjeld stadnamna på fødestaden og har omsett norrøn mellomalderlitteratur til moderne norsk.
Flokenes er fødd 20. oktober 1928 i Vevring (no Askvoll). Han er utdanna cand.philol. med norsk hovudfag ved Universitetet i Bergen i 1961, og med tysk og historie i fagkrinsen. Han har arbeidd ved lærarhøgskulane i Levanger, Tromsø og Stavanger. Dei siste åra før han vart pensjonert i 1998, arbeidde han som høgskulelektor ved Avdeling for humanistiske fag ved Høgskolen i Stavanger.
 
Flokenes har vore særleg oppteken av å forske på stadnamn og norrønt språk, og etter at han vart pensjonist, har han vore svært aktiv som forfattar og omsetjar. I 1999 kom den vidfemnande Stadnamn i Askvoll, der han tek opp tråden frå hovudoppgåva si og analyserer stadnamna på fødestaden systematisk både grammatikalsk og historisk. Seinare har han omsett ei rekkje eldre mellomaldersoger frå norrønt, mellom anna Den legendariske Olavssoga (2000/2006), Morkinskinna (2001) og Soga om Gautrek (2006).
 
Peikarar
Kåre Flokenes i Bibsys
«Norrøne soger i ny norsk omsetjing», aftenbladet.no

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 09.02.2010