Hopp til innhold
X
Innhald

Knud Knudsen (1812–95)

Knud Knudsen (1812–95) var lærar, filolog og språkforskar. Han er rekna som føregangsmann for det skriftspråket vi i dag kallar bokmål.

Som Ivar Aasen var han oppteken av korleis ein skulle utforme språket i den nye nasjonen. I Den landsgyldige norske uttale (1876) skriv han at uttalen av norsk språk skal følgje ≪den dannede dagligtale», ikkje den danske skrifta. 

Ein skulle altså byggje på talemålet til dei som snakka ≪danna≫ i byane. Knudsen si haldning skilde seg bade frå Aasens dialektbaserte norm og frå den konservative bruken av dansk som norm.

Linja hans fekk gjennomslag og førte til at normene for riksmål på slutten av 1800-talet braut med danske reglar og nærma seg norsk uttale.

Tilhøvet til norrønt, og dialektene mellom, spela inga rolle hos Knudsen.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 18.06.2018
Sist oppdatert: 06.11.2019