Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Jáhkoš-Lasse Hætta

Lars Jáhkoš-Lasse Hætta, 1834­–96, frå Guovdageaidnu/Kautokeino var samisk bibelomsetjar og dreiv med tresløyd.

Han tok del i opprøret i Kautokeino i 1852, vart dødsdømd for medverknad til to drap, men vart friteken frå straff. Hætta sat mange år i Akershus fengsel. Der omsette han Det nye testamentet til samisk i samarbeid med professor J.A. Friis. Bibelomsetjinga kom ut i 1874. Etter at han vart sett fri i 1867, omsette Hætta Det gamle testamentet til samisk. Heile den samiske Bibelen kom ut i 1895.
Hætta var ein av redaktørane bak Ordbog for det lappiske Sprog og omsette andre bøker til samisk. Han var òg ein svært dyktig duojár eller treskjerar. Mange av dei tradisjonelle arbeida hans i tre finst på Norsk Folkemuseum.

Først publisert: 29.04.2014
Sist oppdatert: 29.04.2014