Hopp til innhold
X
Innhald

Leiv Flydal

Leiv Flydal, språkforskar og professor i romansk filologi. Han var ei særmerkt røyst i norsk språkvitskap.

Leiv Flydal var fødd i Fræna i Romsdal 20. april 1904, voks opp på Sunnmøre og døydde i Oslo 13. august 1983. Han tok fransk studenteksamen ved Lycée Corneille i Rouen i 1922 og embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1933, med fransk hovudfag og sidefaga latin og engelsk.
Før embetseksamen underviste han ved høgre skular på Voss, i Bø i Telemark, i Kristiansand og i Oslo. I 1933–36 var han adjunkt, seinare lektor, ved den høgre allmennskulen i Kongsvinger. Frå 1936 var han lektor, frå 1947 dosent og frå 1955 professor i fransk filologi ved Noregs handelshøgskole, og i 1963–71 professor i romansk filologi ved Universitetet i Oslo.
Flydal hadde studieopphald i Frankrike, Italia, Spania, Portugal og Romania. Han hadde stor kunnskap om alle dei romanske hovudspråka. Han var òg sterkt oppteken av dei undertrykte romanske språka, til dømes katalansk og oksitansk. Som lingvist var han glossematikar. Glossematikk er ei grein av strukturalismen, med opphav i Louis Hjelmslev (1899–1965) i København.
Flydal arbeidde mest med fransk språk, men gjorde òg arbeid som galdt norsk, mellom anna ein analyse av norske boktitlar og to store dialektstudiar av ørstamålet og geirangermålet. Han var aktiv deltakar i den norske målstriden, som han såg som ein del av klassestriden på det kulturelle området.
For arbeidet sitt med fransk språk og kultur vart han heidra med Æreslegionen. Arne Halvorsen og Geirr Wiggen samla i 1989 ein del av Flydals artiklar og etterlatne manuskript i tobandsverket Språket – struktur og samfunn. Bibliografien omfattar 278 publiserte og upubliserte arbeid.
Kjelder
Leiv Flydal: Språket – struktur og samfunn. Oslo 1989
Arne Halvorsen: «Leiv Flydal til minne», Norsk Lingvistisk Tidsskrift nr. 1/1984
Helge Nordahl: «Leiv Flydal», minneord i Aftenposten 18.08.1983
Even Hovdhaugen: «Nordiske romanisters bidrag til allmennlingvistikken», Romansk Forum nr. 2/2002
Evy Beate Tveter: Norsk språkvitenskap i perioden 19651995. Masteroppgåve i nordisk språkvitskap. Universitetet i Tromsø 2006
Helga Sverdrup Ekrheim, Olav Ekrheim, Håkon Norås (red.): Norges filologer og realister. Stavanger 1950

Først publisert: 16.09.2010
Sist oppdatert: 07.01.2013