Hopp til innhold

Magne Oftedal

Magne Oftedal, professor i keltisk språkvitskap. Han publiserte arbeid om språkspor i stadnamn etter dei norrøne busetjingane i Skottland og Irland.

Magne Oftedal var fødd 10. mars 1921 i Sandnes og døydde i Oslo 26. mai 1985. Han tok examen artium i ved Stavanger katedralskole i 1940, vart magister i 1947 ved Universitetet i Oslo i allmenn språkvitskap, med fransk og norsk som støttefag. Tittelen på magistergradsavhandlinga var Ordstruktur i Gjestalmålet.
Oftedal var universitetsstipendiat i allmenn språkvitskap ved Universitetet i Oslo 1949–54, tok doktorgraden i 1956 på avhandlinga The Gaelic of Leurbost, Isle of Lewis og vart professor i keltisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo i 1957. Føregjengaren var Carl Marstrander, som var ein av lærarane til Oftedal. Ved sida av skotsk-gælisk underviste han også i walisisk og bretonsk. Han var redaktør av tidsskriftet Lochlann – A Review of Celtic Studies frå 1969 til 1974, då tidsskriftet gjekk inn. Tidsskriftet var eit tillegg til Norsk Tidsskrift for Sprogvidenskap.
Under eit opphald ved University of Wisconsin i 1948 samla Oftedal materiale om norske dialektar i USA. Materialet vart publisert i Einar Haugens verk The Norwegian Language in America (1959). Seinare arbeidde han særleg med skotsk-gæliske dialektar, stadnamn og fonologi. Han publiserte fleire arbeid om stadnamnspor etter den norrøne busetjinga i Skottland og Irland.
Oftedal vart vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1958. Han var medlem i Norsk språknemnd 1956–65 og var viseformann 1958–59 og 1960–61. Oftedal var òg formann i Norsk forening for språkvitenskap 1956–57, medlem av Kringkastingsrådet 1959–66 og styremedlem i Det Norske Teatret 1967–73. Då Kringkastingsringen vart skipa i 1955, var Oftedal den første formannen (1955–56).
Kjelder
Ask–: «Keltolog med krumpipe», VG 04.01.1957
Einar Haugen: «Språk- og samfunnsforskning blant norsk-amerikanere i Wisconsin», VG 10.03.1948
Einar Haugen: The Norwegian Language in America, bd. 1 og 2. Philadelphia 1953
Magne Oftedal: «Stadnamn på framand grunn», i Botolv Helleland: Norske stedsnavn/stadnamn. Oslo 1975
Magne Oftedal: «The village names of Lewis in the Outer Hebrides», Norsk Tidsskrift for Sprogvidenskap, XVII, 1954
Jan Erik Ringstad: «Magne Oftedal», Norsk biografisk leksikon, bd. 7. Oslo 2003
Jan Erik Rekdal: Minneord i Aftenposten 01.06.1985
Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø (red.): Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år 1955–2005. Oslo 2005

Først publisert: 03.05.2010
Sist oppdatert: 19.12.2011