Hopp til innhold

Magne Rommetveit

Magne Rommetveit, ordbokredaktør og organisasjonsleiar. Han organiserte ein konkurrent til Noregs Mållag i 1955, men blei seinare heidersmedlem i Noregs Mållag.

Rommetveit var fødd på Stord 4. oktober 1918 og døydde 6. januar 2009. Han blei cand.philol. i 1950 og arbeidde i redaksjonen for Ibsen-ordboken 1950–55, før han blei dagleg leiar og redaktør for Norsk landbruksordbok i 1955. Verket låg føre i to band, med forklaringar på begge målformer og register på sju språk, i 1978.
 
Han var språkkonsulent i NRK 1973–77 og leidde arbeidet med nynorske ordbokverk frå 1978, særleg Nynorskordboka (1986). Same året gav han ut På godt norsk, og etter ei første utgåve i 1993 er den store synonymordboka Med andre ord (2000) blitt ståande som det viktigaste verket.
 
I 1955 var Rommetveit med og tok initiativet til å skipe Kringkastingsringen. Der var han dagleg leiar med sterk organisasjonskraft og målretta fantasi fram til 1970. Berre etter eitt år hadde den nye organisasjonen 10 000 medlemer. Han vart æresmedlem i Noregs Mållag i 1998.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 21.07.2010
Sist oppdatert: 28.07.2017