Hopp til innhold

Magnus Hydle

Magnus Hydle, stortingsreferent og statsrevisor, venstremann og målmann.

Magnus Hydle var fødd 4. juni 1868 i Ulvik og døydde i Oslo 4. november 1944. Han gjekk på folkehøgskule i Ullensvang, Sogndal og Askov i Danmark, flytta så i 1891 til Kristiania, der han følgde førelesingar ved Universitetet og tok kurs i stenografi ved Olaf Alb. Paulsens institutt. I 1894 vart han fast tilsett som stortingsstenograf.
Saman med Anetta Garathun starta han same året Hydle & Co's Forlag, men gjekk året etter ut av verksemda. Forlaget heldt fram under nytt namn og gav ut fleire bøker på landsmål. I 1906–08 redigerte Hydle Akershus Budstikke, i 1908–18 var han ein drivande generalsekretær i Norges Venstrelag, og i 1918 vart han utnemnd til ein av fem statsrevisorar. Han hadde dette vervet resten av livet, for det vart ikkje utnemnt nye revisorar under krigen 1940–45.
Hydle skreiv fleire opplysningsskrift, hadde mange verv og var i fleire periodar medlem av kommunestyret i Østre Aker. Frå 1919 til 1929 var han styreleiar for landsmålsavisa Den 17de Mai. Då Det Norske Spellaget vart formelt skipa første gongen i 1899, vart Hydle vald til leiar. Saman med stortingsrepresentant Nils Nilsson Skaar fekk han i 1914 skipa Hardinglaget i hovudstaden og var ei tid formann. Han skreiv òg teksten til det som seinare vart Ulvikasongen («Heimbygdæ mi»).
Hydle sat i styret for Ekebergbanen 1927–44 og var nestformann 1933–44. I fleire periodar var han styremedlem eller formann i Nordstrands Vel i Oslo, og i 1942 gav han ut boka Nordstrand før og nå.
Kjelder
«17,000 mennesker har lært stenografi hos Paulsen som har 50-års jubileum», Aftenposten 29.8.1938
Gunnar Asting ofl. (red.): Hardingar i hovudstaden 1914–1989. Oslo 1989
Alf Borge: Spelemenn frå Voss og Hardanger. Voss 1996
Tim Greve: Riksrevisjonen 1816–1966. Oslo 1966
Tallak Lindstøl: Stortinget og statsraadet 1814–1914, bd. 2, del 2. Kristiania 1915
Knut L. Måge: «Hardingforlaget Hydle & Co. i Oslo som spreidde nynorsklitteratur i 1890-åra», Hardanger. Hardanger historielag, Øystese 1972
Minnenotis, Aftenposten 6.11.1944
Nils Sletbak (red.): Det norske teatret femti år. 1913–1963. Oslo 1963
Idar Stegane: Det nynorske skriftlivet. Oslo 1987
Harald L. Tveterås: Den norske bokhandels historie III. Oslo 1986
Wilhelm Witt: Ekebergbanen 1917–1947. Oslo 1947

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 26.05.2017