Faktaboks

Marius Hægstad
Kristoffer Marius Hægstad
Fødd
15. juli 1850, Steinvågen i Borgund (no Ålesund), Møre og Romsdal
Død
21. november 1927, Oslo
Verke
Skulemann og språkforskar
Familie

Foreldre: Fullmektig, cand.jur. Ole Hægstad (1821–89) og Charlotte Abigael Tonning f. Rønneberg (1812–72).

Gift 13.7.1857 med Pernele Larsdotter Midgaard (7.7.1852–1.10.1935), dotter til bonde Lars Knudson Midgaard og Gjertrud Berdla.

Far til Olav Heggstad (1877–1954) og Leiv Heggstad (1879–1954).

Marius Hægstad

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Marius Hægstad
Av /NTB Scanpix ※.

Marius Hægstad var ein norsk skulemann og språkforskar. På grunnlag av skrift og språk i daterte dokument på norrønt og mellomnorsk påviste Hægstad at det gamle norske skriftspråket gav sikre opplysningar om norske dialektfenomen som var eldre enn det ein tidlegare har gått ut frå. Undersøkingane hans omfatta særleg trøndersk og vestnorsk.

Bakgrunn

Kristoffer Marius Hægstad var fødd i Borgund (no ein del av Ålesund) i Møre og Romsdal. Han vart i 1899 professor i «landsmaalet og dets dialekter», ein tittel som i 1917 vart endra til «nordisk sprogvidenskap». Denne stillinga hadde han til 1920. Hægstad tok også ivrig del i politikken (Venstre), var stortingsmann i 1889–1900 (bortsett frå 1894–1896) og redigerte Nordtrønderen (1883–1892) og ungdomsbladet Dag med fleire.

Språkpolitikk

Hægstad inntok ei sentral stilling i språkpolitikken, og framgangen til landsmålet var ei hjartesak for han. Han var formann i komiteen som skulle foreslå ei offisiell landsmålsrettskriving (1901). Her vann Hægstad sitt syn fram, slik at 1901-rettskrivinga, ofte kalla Hægstad-rettskrivinga, vart mindre ulik frå Ivar Aasen sin normal enn tidlegare foreslått. Hægstad var medlem av komiteen for geistlege og sivile inndelingsnamn, og av komiteen som utarbeidde rettskrivinga frå 1917. Frå 1906 til 1909 var han første formannen i Noregs mållag.

Utgjevingar

Hægstad gav mellom anna ut Gamalt trøndermaal (1899), Vestnorske maalføre fyre 1350 (Nordvestlandsk, 1908, Sudvestlandsk, 1915–1917, Hildinakvadet, om målet på Shetland, 1900), og dessutan ei bok om det offisielle språket i landet i mellomalderen (Maalet i dei gamle norske kongebrev, 1902). Etter hans død kom ut Tillegg til Vestnorske maalføre (1935) og ei fortsetjing av Sudvestlandsk (indre sudvestlandsk, færøymål og islandsk; 1942). Hægstad gav i 1909 ut Gamalnorsk ordbok med nynorsk tyding saman med Alf Torp, og gav dessutan ut fleire lærebøker.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Venås, Kjell: I Aasens fotefar: Marius Hægstad, 1992

Faktaboks

Marius Hægstad
Historisk befolkingsregister-ID
pf01053303001171

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg