Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Lid

Nils Lid, folkeminnegranskar, språkvitskapsmann og skihistorikar, ein føregangsmann i teknikken med å bruke spørjelister til innsamling av materiale.

Nils Lid var fødd på Voss 16. januar 1890 og døydde i Oslo 30. april 1958. Han var bror til botanikaren Johannes Lid og forfattaren Brita Lid. Etter examen artium som privatist vart han cand.philol. i 1918 og dr.philos. i 1924 på avhandlinga «Norske slakteskikkar». Avhandlinga var bygd på materiale frå utsende spørjelister, etter ein metode grunnlagd av tyskaren Wilhelm Mannhardt.
Lid var universitetsstipendiat i folkeminnevitskap 1920–28, dosent i nynorsk ved Universitetet i Oslo frå 1935 og professor i norsk folkelivsgransking (etnologi) same staden frå 1940. Han gav ut to bøker om juleskikkar: Joleband og vegetasjonsguddom (1928) og Jolesveinar og grøderikdomsgudar (1933). Mange av avhandlingane han skreiv om magiske krefter og om korleis folk prøvde å påverke desse kreftene, er samla i Trolldom, festskrift til Nils Lid (1950).
Lid var òg mykje oppteken av norsk skihistorie. Han hadde eit nært samarbeid med svenske og finske etnologar om dette emnet og om magiske førestellingar hos folk på nordkalotten.
Nils Lid vart æresdoktor ved Universitetet i Åbo i 1955 og fekk ordenen Finlands Vita Ros.
Kjelder
Leit Torgersen Axell: «Nils Lid», Norsk biografisk leksikon, bd. 6. Oslo 2003
Kjell Bondevik: «Nils Lid», Norsk Allkunnebok, bd. 8. Oslo 1957
Reidar Th. Christiansen: «Nils Lid in memoriam», NORVEG nr. 6/1956

Først publisert: 19.05.2010
Sist oppdatert: 14.05.2012