Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Rune Langeland

Nils Rune Langeland, historikar og skribent, med kvass stil og kritiske samtidsdiagnosar.
Langeland er fødd på Voss 9. april 1964 og er i dag førsteamanuensis ved Institutt for kultur- og språkvitskap, Universitetet i Stavanger. Hovudoppgåva hans frå 1992 tek føre seg den tyske historikarstriden i 1980-åra, medan doktoravhandlinga frå 1996 handlar om den konservative revolusjonen i Tyskland i mellomkrigstida.
 
Langeland har saman med Erling Sandmo gitt ut Siste ord. Høgsterett i norsk historie 1814–1965 (2005). Forfattarane legg her til grunn ei historiserande haldning til Høgsterett, der dei analyserer utvalde dommar i relasjon til samtidige tenkjemåtar.
 
Langeland var redaktør for Syn og Segn i perioden 1998–2002, der han fekk fram ei rekkje nye, yngre nynorskskribentar. Han har vore spaltist i Dagbladet og Dag og Tid, og mykje av dette stoffet ligg til grunn for essaysamlinga Kveldseta (2003) og reiseskildringa Noreg (2008). Som samfunnskommentator har han hatt eit kritisk blikk på norsk Oslo-sentrert allmente og det ideologiske hegemoniet som 1968-generasjonen har hatt.
 
Kjelder
Heming Gujord: «Heroisk tale i skoddeheimen. Om Kveldseta. Historiske essay av Nils Rune Langeland». Norsk litterær årbok 2004

Først publisert: 12.11.2009
Sist oppdatert: 02.08.2011