Hopp til innhold

Olaf Almenningen

Olaf Almenningen, målmann og ordboksredaktør som har skrive eller redigert fleire bøker om norskdomsrørsla.

Olaf Almenningen er fødd på Voss 29. januar 1947. Han tok examen artium ved Voss landsgymnas i 1966 og vart i 1982 cand.philol. med faga norsk, engelsk, historie og samfunnskunnskap. Hovudoppgåva hans, Målstrev og målvokster, handlar om framveksten av målrørsla i tida 1905 til 1913 og vart utgitt av Det Norske Samlaget i 1984.
I studietida var han aktiv i Studentmållaget i Bergen, der han var redaktør for medlemsbladet «Vestlandsfa’n» i 1969–70. Han var nestleiar i Norsk Målungdom i 1972–73 og var skrivar i Noregs Mållag frå 1976 til 1987. Frå 1987 har han vore redaktør i Norsk Ordbok 2014.
Almenningen er ein stor kjennar av målreisingssoga og har gjort seg nytte av denne kunnskapen i fleire bøker, mellom anna den viktige Striden for nynorsk bruksmål, som han gav ut saman med Åsmund Lien i 1978. I tida som skrivar i Noregs Mållag var han uvanleg profilert som offentleg debattant. Han var òg tidleg med på å samle inn store mengder data om skulemålsrøystingar.
Han har skrive eller redigert jubileumsbøker om Noregs Mållag, BUL og Studentmållaget i Oslo, og han har skrive lærebøker i nynorsk.
Almenningen var formann i Idrottslaget til BUL i Oslo i 1997–99. Sidan 2007 har han vore med i styret for Riksfondet for nynorsk presse.
Kjelder
E-post frå Olaf Almenningen 27.10.2010
Presentasjon hos Norsk Ordbok: http://no2014.uio.no/tekster/prosjektet/tilsette/indexefbb.html?side=olafa [lesedato 6.12.2012]

Først publisert: 06.12.2012
Sist oppdatert: 08.05.2013