Hopp til innhold
X
Innhald

Roger Lockertsen

Roger Lockertsen, språkforskar, fagbokforfattar, økologisk bonde og målmann som arbeider for å få elevar til å velje nynorsk som hovudmål.

Roger Lockertsen er fødd 4. juni 1955 i Tromsø, der han òg voks opp. Han er busett i Stavanger. Lockertsen har hovudfag i nordisk frå Universitetet i Tromsø (1984) og doktorgrad frå Universitetet i Bergen (2006). Han var lektor ved Kongsbakken videregående skole i Tromsø 1983–87 og dagleg leiar i Noregs Mållag 1987–1991. Lockertsen har arbeidd som amanuensis (1991–98) og førsteamanuensis (frå 1998) i nordisk språkvitskap ved Høgskolen i Stavanger / Universitetet i Stavanger og driv økologisk på Nordvoll gard i Tromsø (frå 2001).
I 1988 stod han og Astrid Versto bak videoen og opplegget til Nynorsk is a better language. I 1996 gav han ut På godt nynorsk saman med Benthe Kolberg Jansson. Boka var retta mot elevar i vidaregåande skule som har nynorsk som sidemål.
Boka Namnet på byen Trondheim (2007) er basert på doktorgraden hans. Det er ein språkhistorisk og faghistorisk analyse av ulike namn på byen. Lockertsen har skrive mange artiklar i fagbøker, tidsskrift og aviser, mellom anna om nynorsk i vidaregåande skule og høgare utdanning i Didaktiske perspektiv i nynorskopplæringa (2007).
Lockertsen har hatt ei lang rekkje verv i Noregs Mållag, og han er leiar i Nynorsklaget (2007–2010).
Kjelder
Historisk oversikt over skrivarar og daglege leiarar i Noregs Mållag, nm.no, http://www.nm.no/tekst.cfm?id=2061 [lesedato 26.4.2011]
Roger Lockertsen: «Noreg i Europa på 1100-talet: Nidaros var namnet», dagogtid.no, frå papirutgåva 18.5.2001, http://www.dagogtid.no/arkiv/2001/20/nidaros.html [lesedato 26.4.2011] 
«Nidaros er bynamnet», om Lockertsen sin disputas, uib.no, http://www.uib.no/info/dr_grad/2006/Lockertsen_Roger.html [lesedato 26.4.2011]

Først publisert: 26.04.2011
Sist oppdatert: 03.05.2013