Faktaboks

Rolf Theil

Rolf Theil Endresen

Fødd
30. oktober 1946, Porsgrunn
Rolf Theil
Rolf Theil
Av .

Rolf Theil er ein norsk lingvist med uvanleg brei kompetanse på ulike språk og språkforhold verda over. Han er uvanleg også på den måten at han taler svært mange av dei språka han har forska på, og såleis har han kommunikativ kompetanse på dei.

Theil er i dag professor emeritus i allmenn og afrikansk lingvistikk ved Universitetet i Oslo. Som språkforskar er han kognitivist og ser såleis språklege mønster og kategoriar i samanheng med måtar menneske tenkjer på.

Bakgrunn

Rolf Theil er fødd i Porsgrunn. Han tok magistergraden i lingvistikk i 1975, med kinesisk og samisk som støttefag. Avhandlinga han da leverte, har tittelen Handsaminga av trykk og tonem i generativ fonologi. Kritikk og framlegg. Med tillempning på grensk, altså hans eigen dialekt, dialekten frå Grenland. At ordet «kritikk» førekjem i tittelen på avhandlinga, er ikkje tilfeldig. På 1970-talet representerte generativ lingvistikk eit brot med gjengse lingvistiske teoriar og vekte sterk interesse. Men alt da viste Theil sider som seinare skulle bli enda tydelegare: ei djup fagleg interesse, sterkt teoretisk og metodisk medvit og ikkje minst evne og trong til kritisk tenking. Det seier ikkje lite at mens andre norske generativistar henta data frå engelsk, eller eventuelt norsk, vel den unge Theil å eksemplifisere med grensk, altså ein norsk dialekt, og ikke standardspråka. Seinare analysar av generativ lingvistikk har nettopp kritisert at generativistar har hatt ein tendens til å trekkje generelle konklusjonar om språk i altfor stor grad på grunnlag av engelsk og kanskje nokre få andre europeiske språk.

Forsking

I forskinga si har Theil vore særleg oppteken av afrikanske språk, med vekt på vestafrikanske språk. Han har laga ei rettskriving for språket nizaa, som blir snakka i Kamerun, og som tidlegare ikkje har eksistert som skriftspråk. Så lenge Universitet i Oslo hadde tilbod i afrikanske språk, underviste Theil i fulfulde og hausa. Han har også arbeidd med eit tilsvarande prosjekt for taterspråk (romani), med utarbeiding av ei lærebok i norsk romani for skuleborn.

Theil studerte aldri noko afrikansk språk på noko universitet; han lærte seg desse språka gjennom langvarige sjølvstudium og feltarbeid. Nizaa arbeidde han med fordi det ikkje tidlegare var utvikla som skriftspråk. Eit språk snakka av namibiske flyktningar i Zambia, subiya, berre så vidt omtalt tidlegare, kom han over da han arbeidde for Namibia-foreininga i Elverum i Zambia på 1980-talet. Sjølv meiner han at alt han har gjort fagleg, er resultat av ei tidleg og langvarig interesse for språk. «Interesse» er truleg eit for svakt ord her; «kjærleik til språk» vil vere meir dekkjande.

Det lar seg ikkje gjere å snevre inn Theils språkvitskaplege virke til éin eller to eller tre disiplinar eller kategoriar. Han lar seg ikkje setje i bås. På den eine sida kan ein godt kalle han kognitivist, som han sjølv presenterer seg som, men på den andre sida har han publisert arbeid der merkelappen kognitivist ikkje høver særleg godt. Han har skrive om språkhistorie, om stadnamn, om segmental fonologi og om urnordiske lån i samisk, for berre å nemne noko. Ikkje berre spenner han fagleg vidt; han er også ein grunnlærd lingvist, som både er teoretisk svært sterk, samstundes som han aldri har slutta å gjere lingvistisk feltarbeid.

I eit intervju i forskingsmagasinet Apollon i 2014 argumenterer han for at det er forskjell på å lære seg eit språk som er etablert som skriftspråk og å skulle lære seg eit språk som manglar skrift, men at det er viktig for ein lingvist å kunne gjere begge delar. I tråd med eit slikt syn blir det òg viktig ikkje berre å kunne beskrive og forklare dei grammatiske strukturane i eit språk, men også å vere i stand til å kommunisere på det gjevne språket. Og det er gjennom kommunikasjon med morsmålsbrukarar av eit ikkje-skriftfesta språk at ein lingvist kan bidra til å beskrive det aktuelle språket strukturelt og på grunnlag av det skape ei rettskriving for det.

Theil har publisert forskingsarbeid som demonstrerer den vide faglege interessa hans: mange arbeid med kognitiv tilnærming til ulike språknivå, fonologi, prosodi, morfologi, samansettingar i norsk med meir. I tillegg har han publisert arbeid innan andre faglege disiplinar, som språkhistorie og onomastikk, i tillegg til sosiolingvistikk og språksosiologi, til dømes i arbeid om taterspråk.

Språkpolitikk

Theil har vore leiar for Landslaget for språklig samling og redaktør for medlemsbladet Språklig Samling. I innføringsboka Fonetikk og fonologi (1988) har han prøvd ut ein eigen variant av samnorsk. I seinare år har han meir og meir gått over til å skrive nynorsk når han skriv på norsk.

Formidling

Også formidlingsverksemda til Theil er omfattande. Han har halde ei rekkje foredrag og har hatt språkspalte i Klassekampen, VG og Norsk Tidend. I 2007 gav han ut den populærvitskaplege boka Skyformasjonane på San Franciscos sørhimmel i grålysninga 30. april 1882 og grunnane til at vi ikkje har sett namn på dei. Reiser mellom språk. Theil tar formidlingsplikta til universitetstilsette akademikarar på djupaste alvor. Han har skrive i ei rekkje leksikon, Den Store danske, Caplex, Media, Allkunne og Store norske leksikon.

Ikkje berre er Theil ein svært kunnig lingvist og ein dyktig fagformidlar; han meistrar i tillegg ei rekkje språk reint praktisk, eit 50-tals, blir det sagt. I intervjuet frå 2014 i Apollon heiter det at han er «grenselaust forelska i språk». Sjølv seier han det slik: «Eg har berre alltid vore så frykteleg interessert i språk». I tillegg har han frå gutedagane vore svært interessert i astronomi, samstundes som han har vore glad i å lese skjønnlitteratur.

Som lingvist er Rolf Theil unik. Det finst knapt hans like her til lands og knapt nokon med så store språkkunnskapar. Theils språkreise begynte lenge før han tok til med formelle studium; allereie barne- og ungdomsåra var prega av ei uvanleg sterk språkinteresse. Seinare som akademikar skriv han ei avhandling der hans eigen dialekt blir analysert i eit bestemt perspektiv, og studerer kinesisk og samisk som støttefag, så gjer han ei språkreise til Kina og Japan, vidare til ein ny del av verda der talrike afrikanske språk blir snakka og der han arbeidde med språka nizaa, subyua, fulfulde og hausa; så ber det heim att til samisk og romani – eller taterspråk, som Theil gjerne omtaler språket som, fordi det er det brukarane sjølve kallar det. Det viser ikkje berre interessa hans for språk, men òg hans store respekt for språkbrukarane, ikkje minst for dei som er brukarar av minoritetsspråk, såkalla «små» og ikkje skriftfeste språk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg