Hopp til innhold
X
Innhald

Sophus Bugge

Sophus Bugge, 1833–1907, var språkforskar og professor i samanliknande indoeuropeisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo frå 1866.

Han stod mellom anna bak ei utgåve av den eldre Edda frå 1867 og Norges Indskrifter med de ældre Runer i 3 bind mellom 1891 og 1924. Bugge gjorde også viktige arbeid innanfor norrøn mytologi, dialektar og stad- og personnamn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017