Hopp til innhold
X
Innhald

Sylfest Lomheim

Sylfest Lomheim, omsetjingsforskar og tidlegare språkdirektør. I 1969–70 blei han den første som brukte nynorsk i Sportsrevyen i NRK TV.

Lomheim er fødd i Hafslo i Sogn 11. mars 1945. Han er cand. philol. frå Universitetet i Oslo i 1971 og har utdanning som tv-produsent. I mange år var han programmedarbeidar i NRK, og Lomheim var den første som brukte nynorsk i Sportsrevyen, i 1969–70. Han var språkkonsulent i NRK 1980–94 og har vore medarbeidar i programposten Språkteigen frå 1990.
 
Han var tilsett ved Agder distriktshøgskole frå 1977 med omsetjingsteori og translatørutdanning som spesialområde og var rektor i perioden 1987–92. I 2003 blei han professor ved Høgskolen i Agder.
 
I perioden 2004–2010 var han direktør i Norsk språkråd, som frå 2006 endra namn til Språkrådet.
 
Lomheim var statssekretær i Barne- og familiedepartementet i regjeringa Jagland i 1997.
 
Han har mellom anna utgitt Skrifta på skjermen (2000), Språkteigen (2002) og Språkreisa (2007).
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 29.04.2013