Hopp til innhold
Foto: Unni Ulltveit. Brukt med løyve.
Foto: Unni Ulltveit. Brukt med løyve.
X
Innhald

Tor Erik Jenstad

Tor Erik Jenstad er språkforskar, ordboksredaktør og folkemusikar. Skjellsordboka (1991) er berre ei av fleire språkbøker han har gitt ut.

Tor Erik Jenstad er fødd 5. oktober 1956 i Sunndal, men han bur no i Trondheim, der han frå 2003 har vore redaktør ved Norsk Ordbok 2014. Frå hausten 2013 jobbar han òg som konsulent i Stadnamntenesta for Midt-Noreg. Han tok examen artium ved Tingvoll gymnas i 1975. Han vart cand.philol. frå Universitetet i Trondheim i 1982 med faga nordisk hovudfag, historie mellomfag og geografi mellomfag. I 1985 tok han pedagogisk seminar same staden. I doktoravhandlinga si frå 1995, Ein repetis i obligadur. Norsk folkemusikkterminologi, med vekt på feletradisjonen, fekk han kombinert folkemusikkinteressa si med interessa for norsk dialektologi. Jenstad speler trekkspel i Oppdal Spellmannslag og fleire andre lag.
Frå 1992 har han svart på spørsmål i «Dialektmagasinet», frå 2010 med programtittelen «Sei det», på NRK Trøndelag, og han har vore mykje brukt som ekspert i «Språkteigen» på NRK P2. Saman med Arnold Dalen redigerte han Trønderordboka (1997 og 2002). I 2003 gav han ut Norge rundt med ord. Jenstad har gitt ut fleire bøker om dialektar, spesielt om trøndersk. I  2007 gav han ut Ka sa du?, i 2008 kom Vaddesålekt, din jehuk, i 2010 Snedig å koinn trøndersk og i 2012 kom Din hånstaur!. Jenstad skriv underhaldande og med stor fagleg tyngd i desse og mange andre bøker.
Skjellsordboka, som kom i 1991, var så populær at Jenstad måtte revidere og gi henne ut på nytt i 1992 og i 1999.
Kjelder
E-post frå Tor Erik Jenstad 08.01.2010 og 7.2.2014
Tor Erik Jenstad: Norge rundt med ord. Ål 2003
Tor Erik Jenstad: Skjellsordboka. Gimse 1991
Peikarar

Først publisert: 17.03.2010
Sist oppdatert: 28.06.2017