Hopp til innhold
X
Innhald

Vigleik Leira

Vigleik Leira, språkvitar, og den fremste allmennlingvisten i sekretariatet til Norsk språkråd.

Vigleik Leira var fødd 22. november 1931 i Oslo og døydde 27. mai 2010 i Oslo. Han voks opp i Stavanger, tok examen artium ved St. Svithun skole i 1950 og vart cand.philol. i 1968 ved Universitetet i Oslo med russisk hovudfag og fransk og engelsk. Seinare tok han også norsk. Før han byrja å studere språk, hadde han ymse arbeid. Mellom anna var han bryggjearbeidar i Oslo.

Frå 1969 var han forskingsstipendiat ved Institutt for lingvistikk ved Universitetet i Oslo og seinare hjelpelærar ved Institutt for nordisk språk og litteratur. Frå 1975 til 2001 arbeidde han i Norsk språkråd, frå 1978 som fast tilsett. Han var den fremste allmennlingvisten i sekretariatet.

For Norsk språkråd redigerte Leira i 1982 boka Nyord i norsk 1945–1975. Han gav elles ut Innføring i lingvistisk semantikk (1971), Termar i grammatisk analyse (1991), Ordlaging og ordelement i norsk (1992) og Geografiske navn i flere språk (2006). Han skreiv òg ei rad vitskaplege og populære artiklar. Posthumt kom den store samlinga Grammatiker og bryggearbeider (2011). Han skreiv både radikalt bokmål og nynorsk. Teoretisk hadde han si forankring i strukturalismen.

Kjelder

Vigleik Leira: Geografiske navn i flere språk. Oslo 2006

Vigleik Leira: Grammatiker og bryggearbeider. Oslo 2011

Vigleik Leira: Innføring i lingvistisk semantikk. Oslo 1971

Vigleik Leira og Ståle Løland: Norsk forkortingsordbok. Oslo 2001

Vigleik Leira (red.): Nyord i norsk 1945–1975. Norsk språkråd, Oslo 1982

Vigleik Leira: Ordlaging og ordelement i norsk. Oslo 1992

Vigleik Leira: Termar i grammatisk analyse. Oslo 1991

Einar Lundeby ofl. (red.): Fornying og tradisjon. Språkvern og språkrøkt 1972–1988. Oslo 1987

Dag F. Simonsen og Marit Hovdenak: «Vigleik Leira til minne». Språklig samling nr. 2/2010

Språknytt, 1977–2010

Årsmeldingar frå Norsk språkråd

Peikarar

Vigleik Leira: Termar i grammatisk analyse, NBdigital

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 09.08.2018