Hopp til innhold
Stefan Löfven. Foto: socialdemokraterna.se (pressefoto).
Stefan Löfven. Foto: socialdemokraterna.se (pressefoto).
X
Innhald

Stefan Löfven

Stefan Löfven er ein svensk sosialdemokratisk politikar, statsminister sidan 2014. Som tidlegare fosterbarn, sveisar og fagforeiningsmann er han omtalt som personifiseringa av det svenske sosialdemokratiet.

Stefan Löfven er fødd i Stockholm 21. juli 1957, men voks opp i ein fosterfamilie i Sollefteå kommune nord i Sverige. Som 13-åring melde han seg inn i ungdomspartiet til Socialdemokraterna. Etter først å ha gått økonomisk linje på gymnaset, byrja Löfven på ei sveisarutdanning. Seinare har han gått halvtanna år på Socialhögskolan i Umeå.

Frå 1979 til 1995 arbeidde Löfven som sveisar ved ein fabrikk i Örnsköldsvik, der han også engasjerte seg i fagforeiningsarbeid. I 1995 vart han tillitsvald på fulltid, frå 2006 som leiar av Industrifacket Metall. I eigenskap av dette vervet sat han òg i sentralstyret i Socialdemokraterna. I januar 2012 vart Löfven vald til ny partileiar etter Håkan Juholt, som gjekk ut etter halvtanna år på grunn av sviktande oppslutnad og intern uro. Löfven samla fløyene i partiet, og etter riksdagsvalet i 2014 vart han statsminister, då Socialdemokraterna danna mindretalsregjering saman med Miljöpartiet. 

Som partileiar og statsminister har Löfven i stor grad ført ein tradisjonell sosialdemokratisk politikk, med vekt på sysselsetjing, offentlege investeringar og velferdsytingar. Som respons på rekordmange asylsøkjarar og flyktningar i 2015 gjekk Löfven i bresjen for å stramme inn innvandrings- og integreringspolitikken, med strengare reglar for opphaldsløyve og familiesameining. Samstundes har regjeringa slite med å få fleirtal for politikken sin i Riksdagen.

I 2018 gjorde Socialdemokraterna sitt dårlegaste val nokonsinne. Löfven meiner at han bør halde fram som statsminister fordi dei tre partia Vänstern, Miljöpartiet og Socialdemokraterna er større enn dei fire partia som kallar seg Alliansen (Moderaterna, Centerpartiet, Kristdemokraterna og Liberalerna). Dei tre partia har likevel ikkje fleirtal. Sverigdemokraterna og Alliansen røysta for å kaste Löfven som statsminister 25.9.2018. Frå denne dagen leier han ei overgangsregjering, som berre har lov til å gjere det som er nødvendig for å halde tenestene og rettsstaten i gang.

Socialdemokraterna har slite med fallande oppslutnad på meiningsmålingane under Löfven si tid som statsminister. Partiet har mist veljarar både til det nasjonalistiske partiet Sverigedemokraterna og det sosialistiske Vänsterpartiet. 

Kjelder

Socialdemokraterna si nettside om Stefan Löfven, socialdemokraterna.se: https://www.socialdemokraterna.se/vart-parti/politiker/stefan-lofven/ [lesedato 1.9.2018]

Riksdagen si nettside om Stefan Löfven, riksdagen.se: http://riksdagen.se/sv/ledamoter-partier/ledamot/stefan-lofven_ac737989-5fa0-44bc-ad69-c1a0ddba71bb [lesedato 1.9.2018]

«Tal till nationen – mitt Sverige 2028», Sveriges Television, 31. mai 2018, svtplay.se: https://www.svtplay.se/video/18184458/tal-till-nationen-mitt-sverige-2028/tal-till-nationen-mitt-sverige-2028-stefan-lofven-s [sett 1.9.2018]

«Stefan Löfven (S) om valet 2018», intervju i Sveriges Radio 7. april 2018, sverigesradio.se: https://sverigesradio.se/sida/avsnitt/1046913 [lyttedato 1.9.2018]

«Stefan Löfven bortröstad – vem styr landet nu?", Sveriges Television 24. september 2018, svt.sehttps://www.svt.se/nyheter/inr... [lesedato 25.9.2018]

Alexandra Urisman Otto: «Stefan Löfven: 'Du får lov att anstränga dig. För mig är det hederlig arbetarmoral'», Dagens Nyheter, 21. juli 2018 (krev abonnement), dn.se: https://www.dn.se/nyheter/poli... [lesedato 1.9.2018]

Først publisert: 05.09.2018
Sist oppdatert: 25.09.2018