Hopp til innhold
Bokomslag til diktsamlinga Jordsjukantologien nr. 1 (2017) av Stein Torleif Bjella. Oktober forlag. Foto: Egil Haraldsen og Ellen Lindeberg, EXIL DESIGN.
Bokomslag til diktsamlinga Jordsjukantologien nr. 1 (2017) av Stein Torleif Bjella. Oktober forlag. Foto: Egil Haraldsen og Ellen Lindeberg, EXIL DESIGN.
X
Innhald

Stein Torleif Bjella

Stein Torleif Bjella, musikar og lyrikar frå Ål i Hallingdal som skildrar lagnaden til Bygde-Noreg med humor og melankoli.

Stein Torleif Bjella er fødd 7. april 1968 i Ål i Hallingdal, der han også bur no. I tillegg til å vere soloartist, har han spela i gruppene Farmen og Tolv Volt. Han hatt ulike jobbar, mellom anna som journalist i avisa Hallingdølen, men har sidan 2012 vore artist på heiltid.

Bjella debuterte som soloartist i 2009 med albumet Heidersmenn. I 2011 kom Vonde visu, i 2013 Heim for å døy og i 2016 Gode Liv. Alle albuma vart nominerte til Spellemannsprisen. For Vonde visu vann han prisen i klassen for viser. I 2018 kom albumet Jordsjukantologien, og i 2020 kom albumet Øvre-Ål Toneakademi.

Bjella har nådd eit stort publikum med låtar som «Psykisk kan du vera sjøl» (2009), «Romantikken gjer meg sjuk» (2011) og «Alt rundt er det samma» (2016). Musikkmeldarane trekkjer fram formidlingsevna og dei gode historiene. Temaet i songane er gjerne det sørgmodige, men gode livet på landsbygda. Med eit humoristisk og melankolsk skråblikk syng han om at kjærleiken ikkje er nokon spøk, men at det også er det finaste vi har.

I 2017 gav Bjella ut diktsamlinga Jordsjukantologien nr. 1. Tematisk er dikta lik musikktekstane hans. På albumet Jordsjukantologien les han dikta til musikk komponert av dei faste musikarane hans. I 2017 sette Det Norske Teatret opp Kan nokon gripe inn, som er ei framsyning basert på musikken til Bjella. Handlinga er lagd til ein togstasjon ein stad på bygda. Hit kjem dei som vil reise frå det livet dei har, eller som vil at nokon skal kome og gripe inn.

I tillegg til Spellemannsprisen har Bjella vunne Bendiksenprisen (2012) og Prøysenprisen (2012). Han fekk òg kulturprisen i Ål kommune i 2012.

Kjelder

«Stein Torleif Bjella – Gode Liv», steintorleifbjella.no: http://www.steintorleifbjella.no/info/ [lesedato 21.1.2019]

«Stein Torleif Bjella», biografi, rockipedia.no: https://www.rockipedia.no/artister/stein_torleif_bjella-19079/# [lesedato 21.1.2019]

Peikarar

NRK: Stein Torleif Bjella i «Brenners bokhylle» 13.12.2017, https://tv.nrk.no/serie/brenners-bokhylle/2017/MKTV54000517

Først publisert: 08.11.2019
Sist oppdatert: 30.04.2020