Hopp til innhold
Stig Sæterbakken. Foto: Øystein Vidnes på flickr.com. CC BY-SA 2.0.
Stig Sæterbakken. Foto: Øystein Vidnes på flickr.com. CC BY-SA 2.0.
X
Innhald

Stig Sæterbakken

Stig Sæterbakken, forfattar. Han var ein kompromisslaus og kontroversiell deltakar i den litterære debatten og blei høgt verdsett både som romanforfattar og essayist.

Stig Sæterbakken var fødd 4. januar 1966 på Lillehammer og døydde for eiga hand 25. januar 2012 same staden. Han gjekk Lillehammer Gymnas (1982–84) og flytta deretter til Oslo. Der byrja han på Statens bibliotekhøgskole (seinare under Høgskulen i Oslo), men slutta raskt og studerte i staden litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo.

Etter romandebuten med Incubus i 1991 arbeidde Sæterbakken for det meste som forfattar og omsetjar. I tillegg underviste han i skrivekunst ved Nansenskolen på Lillehammer. Frå 1998 til 2000 var han tilsett der som skrivelærar med hovudansvar for skrivekunstlinja. Frå 2000 og fram til han døydde, var han fast gjestelærar same staden. I åra 2006 til 2008 var han kunstarisk leiar for Norsk Litteraturfestival på Lillehammer.

Sæterbakken var 18 år gamal då han debuterte med diktsamlinga Flytende paraplyer i 1984. Seinare gav han ut fleire diktsamlingar og romanar, og dessutan forteljingar og essaysamlingar. Det nye testamentet (1993) er ein stor og utfordrande roman, som fekk hard medfart blant norske kritikarar. Den såkalla S-trilogien, med Siamesisk (1997), Selvbeherskelse (1998) og Sauermugg (1999), er meir anerkjend og er blant dei mest særeigne bøkene hans. Seinare romanar som Besøket (2006) og Gjennom natten (2011) viser ein formsikker og både djup- og mørksindig forfattar.

I essaysamlingane til Sæterbakken kjem den prinsipielle tenkinga hans om litteratur og kunst til syne. Essaya hans er stilistisk nyskapande og elegante, og minst like høgt verdsette som romanane. I samlingar som Estetisk salighet (1994), Det onde øye (2001) og Dirty Things (2010) diskuterer han spørsmål om litteratur, etikk og samfunn på ein uredd og engasjert måte. I både essay og romanar ser vi inspirasjonen frå tyskspråklege forfattar som Peter Handke og Thomas Bernhard og franskspråklege forfattarar som J.M.G. Le Clézio og Louis-Ferdinand Céline.

Sæterbakken har omsett diktsamlingar av dei slovakiske poetane Ján Ondruš, Ján Buzássy og Ivan Kupec, ei samling noveller av Edgar Allan Poe og to romanar av den svenske forfattaren Nikanor Teratologen. Som kunstarisk leiar for Norsk Litteraturfestival på Lillehammer inviterte han i 2009 holocaust-fornektaren David Irving til festivalen, og etter oppstyret som invitasjonen førte til, trekte han seg frå jobben.

For omsetjinga av Nikanor Teratologens Eldreomsorgen i Øvre Kågedalen (2007) fekk Sæterbakken både Kritikarprisen for beste omsetjing og Bokklubbane sin omsetjarpris i 2007. Han fekk også Osloprisen 2006 for Besøket (2006), og den siste romanen hans, Gjennom natten, fekk både P2-lyttarane sin romanpris 2011 og Ungdommens kritikarpris 2011 etter at Sæterbakken var død. I 2012 blei Stig Sæterbakkens minnepris oppretta, og den blir delt ut til unge, modige litterære talent. Dei første åra gjekk prisen til nynorskforfattarane Mette Karlsvik (2012) og Jan Roar Leikvoll (2013).

 

Kjelder

E‑post frå Inger Veiteberg og Hans Tarjei Skaare ved Nansenskolen på Lillehammer, 30.1.2019

 

Audun Lindholm (red.): Alt menneskelig. En bok om Stig Sæterbakken. Oslo 2016

 

Dag Eivind Undheim Larsen og Sandra Lillebø: «En sentral outsider», klassekampen.no, publisert 26.1.2012: https://www.klassekampen.no/59836/article/item/null/en-sentral-outsider [lesedato 29.1.2019]

Herdis Eggen: «Å holde noen i nakkeskinnet», forlagsliv.no, publisert 28.2.2015: https://www.forlagsliv.no/blog/2015/02/28/redaktoren-om-stig-saeterbakken-a-holde-noen-i-nakkeskinnet/ [lesedato 30.1.2019]

 

Peikarar

Terje Dragseths videoessay om Stig Sæterbakken, «Ikke noe av dette handler om meg» (2011), youtube.com

Audun Lindholm: «Sæterbakkens merke», det siste intervjuet med Stig Sæterbakken, i tidsskriftet Vagant, vagant.no

Stig Sæterbakken: «Nei! Nei! Nei!», essay om den franske forfattaren Louis-Ferdinand Céline, vagant.no

Først publisert: 09.05.2019
Sist oppdatert: 15.05.2019