Hopp til innhold

Stordata

Stordata (engelsk: big data) er omfattande, komplisert informasjon som dataprogram kan tolke for å finne nyttige svar om alt frå epidemiar til verdsrommet. Bruken av stordata er omdiskutert på grunn av personvernet.

Stordata er store datamengder som er for ustrukturerte og for mangfaldige til tradisjonell, manuell analyse. For å analysere stordata blir oftast algoritmar for maskinell læring (også kalla kunstig intelligens) brukt for å finne mønster og samanhengar som elles ikkje er så lette å oppdage. I mange tilfelle må dataa reinsast og strukturerast før slike algoritmar kan køyrast.

Stordata har fleire bruksområde:

  • Ein kan varsle vêret meir nøyaktig og lenger fram i tid enn tidlegare, ved å bruke fleire nye kjelder for vêrdata, slik som satellittbilete, nedbørsradarar og private vêrstasjonar og sensorar (til dømes smarttelefonar og pulsklokker). I tillegg kjem tradisjonelle målingar av temperatur, vind, lufttrykk og nedbør som er blitt automatiserte og kan bli oppdaterte med ferske data til analyse oftare og meir nøyaktig enn før.
  • Ein kan kartleggje spreiing av sjukdomar med utgangspunkt i ord og uttrykk som dei ramma skriv i søkjemotorar og sosiale medium.
  • Ein kan oppdage nye himmellekamar ved å analysere fotografiske data frå teleskop.
  • Ein kan styre trafikk og kartleggje behov for vegvedlikehald ved å sjå trafikkflyten på grunnlag av posisjonsmålingar av mobiltelefonar i bilar.
  • Ein kan drive marknadsanalyse gjennom overvaking av aktivitet i sosiale medium eller nettbutikkar, for å skreddarsy målretta reklame.
  • Ein kan førebyggje og oppklare kriminalitet og terrorhandlingar ved å analysere mistenkjeleg nettaktivitet.

Bruken av stordata er omdiskutert. Datatilsynet har uttalt seg kritisk mot det og meiner at det kan vere ein trussel mot personvernet. Innanfor offentleg forsking har ein vore opptekne av å løyse dette problemet ved å anonymisere data som kan brukast til å identifisere enkeltpersonar. Eit problem med dette er at det iblant er mogleg å identifisere personar på nytt ved å kombinere enkeltbitar av data. For å bruke personlege data til forsking må ein få samtykke eller vere sikker på at personen ønskjer at informasjonen skal vere offentleg.


Kjelder

Arnfinn Christensen: «Regn med meg», forskning.no, publisert 23.9.2012: https://forskning.no/data-informasjonsteknologi-politikk/regn-med-meg/681457 [lesedato 4.1.2020]

Datatilsynet: «Big Data – personvernprinsipper under press», datatilsynet.no, sist oppdatert 5.6.2017: https://www.datatilsynet.no/regelverk-og-verktoy/rapporter-og-utredninger/big-data/ [lesedato 4.1.2020]

Henrik Dvergsdal: «Vil forske på det du legger igjen på nettet», forskning.no, publisert 16.10.2013: https://forskning.no/data/vil-forske-pa-det-du-legger-igjen-pa-nettet/604428 [lesedato 4.1.2020]

Mats Julius Stensrud: «Om å tenke stort», tidsskriftet.no, publisert 19.5.2015: https://tidsskriftet.no/2015/05/sprakspalten/om-tenke-stort [lesedato 4.1.2020]

Peikarar

H.V. Jagadish ofl.: «Big Data and Its Technical Challenges», semanticscholar.org, publisert juli 2014

Auke Hunneman: «Store skjevheter ved bruk av stordata?», magma.no, publisert april 2018

Henrik Lied: «Hva er stordata?», nrkbeta.no, publisert 21.8.2014

Meteorologisk institutt: «Satellittbildene», yr.no, publisert 20.6.2008

Yr: «Radarene på Yr», yr.no

Først publisert: 14.05.2020
Sist oppdatert: 14.05.2020