Storm er eit mannsnamn som også er brukt som slektsnamn. Storm, som opphavleg var eit tilnamn, er laga til ordet storm.

Namnedag er 14. august. Stella har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Storm

Eit utval personar med namnet Storm, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 831 menn i Noreg som hadde Storm som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 102 gutar som fekk namnet Storm.

Utvikling i bruk av namnet

Storm fekk eit oppsving i perioden 2000–2004, og dette var like etter at Justisdepartementet i 1997 hadde oppheva forbodet mot Storm som førenamn. Før 1997 hadde Storm i lengre tid berre vore tillate som etternamn.

Utvikling i bruk av namnet Storm frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Storm frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg