Hopp til innhold
Stortingssalen. Foto Stortinget, flickr.com CC BY-ND 2.0
Stortingssalen. Foto Stortinget, flickr.com CC BY-ND 2.0
X
Innhald

Stortinget

Stortinget er namnet på nasjonalforsamlinga i Noreg som møttest første gong på Eidsvold 10. april 1814, då som Riksforsamlingen som vedtok Grunnlova av 17. mai 1814. Totalt har dagens Storting 169 representantar.

Talet på representantar og fordelinga av dei mellom valdistrikta vart fastsett i Grunnlova i 1859. Frå 1859 til 1919 auka talet gradvis frå 111 til 150 representantar. Ved valet i 1973 vart talet heva til 155, i 1985: 157, i 1989: 165 og i 2005: 169, sjå valordning.

Stortinget var fram til 2009 delt i to avdelingar: Odelsting og Lagting med høvesvis tre firedelar og ein firedel av stortingsrepresentantane. Delinga skjedde ved lovhandsaming. Frå 2009 vert alle lovsaker handsama i plenum.

Stortinget vert leidd av presidentskapet og har halde til i Stortingsbygningen i Karl Johansgate i Oslo sidan 1866. Parlamentsbygningen vart utvida i 1959. Nærliggjande bygardar vart innlemma i 1978 og 1988 med underjordisk garasjeanlegg bygd under Eidsvolds plass.

Stortingsvalet 2017 gav følgjande partifordeling i Stortinget (2013-tal i parentes): Arbeidarpartiet: 49 (55) representantar; Høgre: 45 (48) representantar; Framstegspartiet: 27 (29) representantar; Senterpartiet: 19 (10) representantar; Sosialistisk Venstreparti: 11 (7) representantar; Kristeleg Folkeparti: 8 (10) representantar; Venstre: 8 (9) representantar; Miljøpartiet Dei Grøne: 1 (1) representant; Raudt 1 (0) representant. Totalt har Stortinget 169 representantar.

«Eidsvoll 1814» av Oscar Wergeland (1885). Foto © Stortingsarkivet/ Teigens fotoatelier as, flickr.com CC BY-ND 2.0.jpg?w=600

«Eidsvoll 1814» av Oscar Wergeland (1885). Foto: Stortingsarkivet, Teigens fotoatelier as, flickr.com CC BY-ND 2.0

Sjå videoen «Hva skjer på Stortinget» frå NRK Skole:

Peikarar

Nettstaden til Stortinget

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.11.2012
Sist oppdatert: 01.10.2018