Hopp til innhold
Abbath frå svartmetallgruppa Immortal. Foto: Metal Chris, Flickr.com CC BY-NC 2.0
Abbath frå svartmetallgruppa Immortal. Foto: Metal Chris, Flickr.com CC BY-NC 2.0
X
Innhald

Svartmetall

Svartmetall er ein ekstremmetallsjanger som voks fram i 1980- og 90-åra, med norske grupper som viktige stilskaparar. Musikken er i stor grad gitarbasert, med større vekt på melankolske stemningar enn det som er vanleg i andre ekstremmetallsjangrar.

Opphavet til sjangernamnet finn vi hos den britiske gruppa Venom, som i 1982 gav ut ei plate med tittelen Black Metal. Samanlikna med andre heavy metal-plater på den tida var musikken til Venom ekstrem og støyande, og det visuelle uttrykket deira var prega av sataniske symbol som pentagram og geitehovud. Venom vart ein inspirasjon for mange andre grupper, og «black metal» vart etter kvart nytta som ei form for sjangernemning på metal-grupper med sataniske tekstar, til dømes svenske Bathory, tyske Sodom, brasilianske Sarcofago, danske Mercyful Fate og sveitsiske Hellhammer. For slike grupper, som gjerne vert kalla den første generasjonen med svartmetall, var det det tekstlege uttrykket som var det samlande, medan musikken deira høyrde heime i ulike sjangrar, til dømes thrash og heavy metal.

Tidleg i 1990-åra var mykje av den internasjonale ekstremmetallen prega av ei vektlegging av det tekniske og rytmiske i musikken. Ei gruppe norske musikarar, med Øystein Aarseth i Mayhem som ein viktig føregangsfigur, reagerte på korleis ekstremmetallen hadde utvikla seg. Dei ønskte å flytte merksemda bort frå rytme og teknikk og over på stemninga i musikken. Norske grupper som Mayhem, Darkthrone, Emperor og Burzum ville difor byggje vidare på det dei rekna som bra innanfor den første generasjonen av svartmetall, særleg musikken til Bathory. I tillegg sneik det seg inn inspirasjon frå annan musikk dei høyrde på, ikkje minst tysk elektronisk musikk frå 1970-åra. Resultatet vart eit heilt eige musikalsk uttrykk, og med det gjekk svartmetall frå å vere ein tekstsjanger til å verte ein musikksjanger.

(Artikkelen held fram under biletet)

Svartmetall 3, illustrasjonsfoto Mayhem_og_Darkthrone_Foto Arild Torvund Olsen.jpg?w=600

Illustrasjonsfoto av originalutgåver av to av dei viktigaste svartmetallutgjevingane: Mayhem: De Mysteriis Dom Sathanas (1994) og Darkthrone: A Blaze in the Northern Sky (1992). Foto: Arild Torvund Olsen.

Musikalsk er svartmetallsjangeren prega av melankolske melodiar gøymde i støyande klangteppe. Vokalen har ofte form av håse, klagande skrik, medan det er gitarane som har den melodiske hovudrolla. Gitaristane nyttar i hovudsak raske, repeterte slag på opne gitarstrenger, og under gitarmelodiane ligg trommerytmane ofte som eit teppe, gjerne med bruk av doble basstrommer. Det visuelle uttrykket i sjangeren, særleg slik han stod fram tidleg i 1990-åra, er prega av liksminke, svarte klede, gotisk skrift og svart/kvitt-bilete av aud natur. Boka Svartedauden av Theodor Kittelsen var dessutan ei viktig visuell inspirasjonskjelde for mange.

Dei første åra var mediemerksemda kring svartmetallsjangeren i stor grad knytt til at nokre av musikarane var involverte i kyrkjebrannar og drapssaker, særleg det at Varg Vikernes (Burzum, Mayhem) drap Øystein Aarseth. Med åra er det likevel musikken som har kome i framgrunnen, og norske svartmetallartistar har hatt musikalsk suksess både i Noreg og i utlandet. Etter kvart som svartmetallsjangeren har utvikla seg, har det dessutan vakse fram mange undersjangrar og musikalske variantar. I tillegg til den meir ortodokse varianten, som gjerne går under nemninga TNBM (True Norwegian Black Metal), har det difor utvikla seg variantar som til dømes black'n'roll, symfonisk svartmetall, avantgarde-svartmetall og ambient svartmetall.

Kjelder

Eiga platesamling

Petter Hansen: «Fra gravstøtte til statsstøtte», hovudfagsavhandling, UiO 2001

Arild Torvund Olsen: «Svartmetallestetikk», masteroppgåve, NTNU 2005

Arild Torvund Olsen: «Eit lite stykke Tyskland», Tjas og mas nr. 2, 2010

Peikarar

Synnøve Engevik: «Mayhem-manuskript: De Mysteriis Dom Sathanas», rockheim.no

Først publisert: 10.08.2015
Sist oppdatert: 31.10.2017