Faktaboks

Svein Gjerdåker
Fødd
6. september 1963, Voss
Svein Gjerdåker
Svein Gjerdåker i forbindelse med at Dag og Tid vann Fritt Ords Pris 2017.
Svein Gjerdåker
Av /NTB Scanpix.

Svein Gjerdåker er ein norsk historikar og avisredaktør. Frå 2001 er han ansvarleg redaktør og dagleg leiar i nynorskavisa Dag og Tid.

I Gjerdåker si redaktørtid har Dag og Tid hatt jamn opplagsvekst. Opplaget var 12 053 i 2019.

Gjerdåker er frå Voss, og utdanna cand.polit. frå Universitetet i Bergen i 1992. Han var informasjonsleiar ved Chr. Michelsens Institutt frå 1992 til 1996, og redaksjonssjef i Universitetsforlaget frå 1996 til 2000. Gjerdåker var redaktør for «Mennesker og rettigheter – Nordic Journal for Human Rights 2000–2001».

Han var leiar i Studentersamfunnet i Bergen i 1989.

Gjerdåker er gift med Ingvild Bryn.

Utgjevingar

  • Den uoverstigelige grense: tanke og handling i miljøkampen, 1991
  • Alltid fattig? Perspektiver på den tredje verdens fattigdom, 1992
  • Norges utenrikspolitikk, 1995

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg