Hopp til innhold

Svein Olav Langåker

Svein Olav Brandtzæg Langåker, statsvitar og journalist, redaktør og prosjektleiar i dei nynorske nettavisene Framtida.no og Framtidajunior.no.

Svein Olav Langåker er fødd 5. juli 1977 på Stord i Vestland, der han også vaks opp og bur no. Han var elev ved Stord vidaregåande skule i 1993–96 og elev ved Danvik Folkehøgskole i 1996–97. Langåker har hovudfag i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen i 1997–2003 med ei oppgåve med tittelen «Demokrati og internett – mellom kultur og arkitektur. Om kvifor internett ikkje blir brukt til meir deltaking».

I 2003–06 arbeidde Langåker som journalist i avisa Sunnhordland og var nettansvarleg for avisa i 2006–10. I 2010 blei han innhaldsansvarleg for nynorsk på ABC Startsiden og journalist, redaktør og prosjektleiar for Framtida.no og frå 2017 Framtidajunior.no. Det er ABC Startsiden og LNK (Landssamanslutninga for nynorskkommunar) som står bak Framtida.no. og Framtidajunior.no, og LNK har det økonomiske ansvaret.

Framtida.no og Framtidajunior.no, som er den første nynorskavisa for barn i alderen 7–13 år både på nett og i papirutgåve, er begge redaksjonelt uavhengige nettaviser med unge som målgruppe, og målet er å styrkje nynorsk blant barn og unge og få dei engasjerte. Både målsak og klimasak er viktig for Langåker, og han meiner at det er ein demokratisk rett å møte språket sitt i kvardagen.

Saman med Magne Langåker gav han ut Stord-handboka i 2001. Han har vore leiar og styremedlem i Stord filmklubb sidan 2016. Han var òg kasserar i organisasjonen Internasjonal Reporter i 2010–14. Sidan 2012 har han vore redaktør for Magasinett, eit nynorsk nettidsskrift for ungdom som blir drive av Framtida.no-redaksjonen, og sidan 2014 har han vore redaktør for Pirion, ei nynorsk kulturavis for alle som jobbar med barn.

Langåker fekk Folk i sentrum-prisen for 2019 på Stord for engasjement sitt for å lære barn og ungdom å debattere.

 

Kjelder

Svein Olav Langåker, profil, linkedin.no: https://www.linkedin.com/in/svein-olav-lang%C3%A5ker-94182527/?locale=no_NO [lesedato 18.11.2019]

Haldis Lauksund: «Svein Olav B. Langåker vann Folk i sentrum prisen», stord.kommune.no, publisert 2.5.2019: https://www.stord.kommune.no/svein-olav-b-langaaker-vann-folk-i-sentrum-prisen.6218047-454088.html [lesedato 11.11.2019]

Mariann Skau: «Får støtte til å formidla nyhende for unge på nynorsk», sognavis.no, publisert 31.5.2019: https://www.sognavis.no/siste-nytt/nyhende/fr-sttte-til--formidla-nyhende-for-unge-p-nynorsk [lesedato 18.11.2019]

 

Peikarar

Frøydis Falch Urbye: «Å gjøre journalistikk for barn er krevende, men i Framtida.no gir de seg likevel i kast», journalisten.no

Nettstaden til Framtida: «Om oss», framtida.no

Nettstaden til Framtida Junior: «Om oss», framtidajunior.no

Nettstaden til Magasinett, magasinett.no

Nettstaden til Pirion, pirion.no

Først publisert: 14.01.2020
Sist oppdatert: 03.07.2020