Hopp til innhold
Det svenske flagget er i fargane blått og gult, og vart teke i bruk på 1500-talet. Kjelde: Norden.org (fritt til å laste ned på norden.org).
Det svenske flagget er i fargane blått og gult, og vart teke i bruk på 1500-talet. Kjelde: Norden.org (fritt til å laste ned på norden.org).
X
Innhald

Sverige

Sverige er eit demokratisk monarki på den skandinaviske halvøya. Landet har vore sjølvstendig sidan 1523. Gjennom fleire tiår på 1900-talet gav «den svenske modellen» Sverige ei spesiell stilling i verdssamfunnet. Demokrati kombinert med velferd for alle var ei suksessoppskrift som blei eit førebilete for mange andre, særleg mindre utvikla land.

Frå 1930-åra bygde Sverige eit samfunnssystem med ein omfattande velferdsstat for alle, med høg grad av politisk og økonomisk likskap. Det offentlege skulesystemet, der nesten alle born går, er bygd opp med barnehagar, grunnskule, vidaregåande skule og høgare utdanningar knytte til fleire universitet og andre vitskaplege institusjonar. Landet har eit rikt kulturliv og er internasjonalt særleg kjent for filmtradisjonane sine.

 

Sverige har ein eksportorientert, høgteknologisk og spreidd økonomi, basert på råstoff som tømmer, jern, elektrisitet og ei høgt utdanna befolkning. Historisk er industrialiseringa av Sverige knytt til den liberale verdsøkonomien, tilgang til verdfulle råstoff og eit sterkt banksystem, der familien Wallenberg har spela ei sentral rolle.

 

Folketalet er 10 millionar, og flatemålet er 450 000 km2. 2/3 av befolkninga bur i den sentrale og sørlege delen av landet. Her finn vi òg dei største byane. Stockholm er hovudstaden, med om lag 2 millionar innbyggjarar. I nord er jernmalmutvinning og industri basert på tømmer hovudgrunnlaget for den økonomiske verksemda.

 

Sverige var ei stormakt i Europa frå tidleg på 1600-talet til slutten av Den store nordiske krigen i 1721. Landet har sidan 1917 eit parlamentarisk styresett. Sosialdemokratane var det statsberande partiet i lange periodar på 1900-talet. I dag skiftar den borgarlege og den sosialdemokratiske sida i politikken på å styre landet.

 

Statsminister frå 2014 er Stefan Löfven frå sosialdemokratane. Landet er medlem av EU, men står utanfor Nato. Sverige er òg ein aktiv deltakar i mange andre internasjonale organisasjonar, til dømes FN.

 

Landet har kystlinje mot Austersjøen, Bottenhavet og Bottenvika i sør og aust. I nord grensar Sverige mot Finland og Noreg, og i sørvest har landet kyst mot Skagerrak og Øresund. Over Øresund er det bru for bil og tog til Danmark. I Austersjøen har landet øyane Öland og Gotland.

 

Det høgaste fjellet i Sverige er Kebnekaise i Kiruna kommune. Toppen ligg 2101 meter over havet. Den største innsjøen er Vänern, 5650 km2. Vänern er den tredje største innsjøen i Europa og har ei største djupn på 106 meter. Gjennomsnittsdjupna er 27 meter. Vänern har 35 ulike fiskeartar og ei eiga laksestamme. Den lengste elva er Klarälven, som er den svenske delen av Trysilelva. Elva er 300 km lang i Sverige.

Kebnekaise, det høgaste fjellet i Sverige. Foto (2012): Joakim Poromaa Helger, Flickr.com CC BY 2.0.

Kebnekaise, det høgaste fjellet i Sverige. Foto (2012): Joakim Poromaa Helger, Flickr.com CC BY 2.0.

 

Folk, helse og fritid

Det svenske helsestellet er mellom dei beste i verda. Det offentlege helsestellet er til for heile befolkninga og blir finansiert av skattane. Ein tidel av dei totale ressursane i samfunnet går til helsestellet. Dei årlege utgiftene til helse per innbyggjar var 5227 US-dollar i 2015, medan utgiftene i Noreg var på 6567 US-dollar.

 

Det offentlege helsestellet er organisert i tre nivå: Staten har det overordna ansvaret for dei helsepolitiske måla, medan länsadministrasjonane og landstinga syter for at tilbodet er tilpassa etterspurnaden av helsetenester i länet (fylket). Omsorgstenestene ligg under kommunane. Tannhelse og psykoterapi er ikkje fullt med i det statleg finanserte helsestellet. Det finst òg private tilbod i kombinasjon med det offentlege.

 

Landet har ei aldrande befolkning. I 2016 var kvar femte person over 65 år. 755 000, eller 7 prosent, var mellom 12 og 18 år. Levealderen er høg, 84 år for kvinner og 80,4 år for menn. Levealderen for menn har auka meir enn for kvinner dei seinare åra, men auken for begge kjønn er mindre no enn tidlegare. 85 prosent av befolkninga bur i den sørlegaste tredelen av landet.

 

Den lange levealderen er resultat av eit målmedvite arbeid for ein sunn livsstil. Tre av fire svenskar driv med friluftsliv og idrett i fritida, og interessa for slike aktivitetar er aukande. Berre 15 prosent av svenskane røykjer.

Kvinner i bikini har utandørs gymnastikk på 1950-talet i Sverige. Foto: Erik Liljeroth, kjelde: Nordiska museet på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Kvinner i bikini har utandørs gymnastikk på 1950-talet i Sverige. Foto: Erik Liljeroth, kjelde: Nordiska museet på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

 

Skulestellet

Sverige har ei høgt utdanna befolkning. Svenskane var pionerar når det gjeld barneghagesatsing. Frå eitt års alder har alle rett til barnehageplass. Barnehagane er dels private og dels kommunalt drivne. Foreldrebetalinga er låg. Ungane får frukost med frukt og varm lunsj. Nokre barnehagar er døgnopne. Dei fleste tilsette har førskulelærarutdaning.

Kvilestund i ein barnehage i Sverige i 1950. Foto: K.W. Gullers, kjelde: Nordiska museet, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Kvilestund i ein barnehage i Sverige i 1950. Foto: K.W. Gullers, kjelde: Nordiska museet, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

 

Grunnskulen er niårig, med rett for alle seksåringar til eit førebuande skuleår i tillegg. Grunnskulen har vore obligatorisk og gratis sidan 1842. Den 9-årige grunnskulen blei innført i 1962. Det finst spesialskular for born med ulike former for funksjonshemmingar.

 

Alle som har fullført grunnskulen, har rett til vidaregåande opplæring, i gymnasiet. Nesten heile årskullet tek vidaregåande opplæring. Elevane kan velje mellom 18 treårige nasjonale studieprogram. Av dei er seks studieførebuande og tolv yrkesretta.

 

Ansvaret for skulestellet blei desentralisert i 1990-åra, men staten definerer dei overordna retningslinjene.

 

Landet har 14 universitet og 20 statlege høgskular. Det eldste universitetet er Uppsala universitet, som blei grunnlagt i 1477. Det blir rekna som det eldste i Norden. I dag er det mellom dei beste forskingsuniversiteta i verda.

 

Målet for den høgare utdanninga var at 40–45 prosent av alle i aldersgruppa 30–34 år skal ha minst to år med høgare utdaning innan 2020. Det målet blei nådd alt i 2011. Sidan 1990-åra har talet på registrerte studentar auka frå 200 000 til 400 000. I 1990 var 33 prosent av befolkninga lågutdanna, det vil seie utan utdaning ut over grunnskulen. I 2016 var talet 12 prosent. I 2016 var det fleire høgutdanna enn lågutdanna. 44 prosent hadde gått i den vidaregåande skulen. I 2016 hadde 27 prosent studert i tre år eller meir etter det. Fleire kvinner enn menn tek høgare utdaning. I 2014/15 studerte 242 000 kvinner og 162 000 menn ved ein høgskule eller eit universitet.

Elevar ved Viktor Rydberg Gymnasium i Stockholm feirar at dei er ferdige med studenteksamen. Foto (2009): Bengt Nyman, Flickr.com CC BY 2.0.

Elevar ved Viktor Rydberg Gymnasium i Stockholm feirar at dei er ferdige med studenteksamen. Foto (2009): Bengt Nyman, Flickr.com CC BY 2.0. 

 

Eksportretta økonomi

Sveriges BNP var 4379 milliardar svenske kroner i 2016. Det meste kjem frå eksport av varer og tenester. I 2016 var verdien av eksporten 1911,3 milliardar kroner. Dei viktigaste eksportvarene i 2016 var bilar, med 156 milliardar kroner, andre ikkje-elektriske varer, med 76 milliardar, papir, med 75 milliardar og medisinske produkt, med 70 milliardar. 75 prosent av varene går til Europa. Om lag 10 prosent går til Noreg og 10 prosent til Tyskland. I 2016 var verdien av vareeksporten til Tyskland 126 milliardar og til Noreg 124 milliardar.

 

Eksporten av tenester utgjer 30 prosent av den totale eksporten, men veks fortare enn vareeksporten og er ei viktig årsak til at svensk økonomi veks. Viktige tenesteprodukt er valutatransaksjonar, turisme og tele-, data- og informasjonstenester. Noreg er det landet som det blir eksportert flest tenester til.

 

I 2016 importerte Sverige varer og tenester for 1723,4 milliardar kroner. Dei viktigaste varegruppene her var bilar, med 149 milliardar kroner, olje og bensin, med 95 milliardar og tele-, radio- og fjernsynsapparat og liknande, med 78 milliardar. Dei landa Sverige importerte mest frå, var Tyskland og Nederland. Verdien av tyske varer var 227 milliardar kroner, nederlandske 100 milliardar og norske 99 milliardar. I tillegg kom import av tenester, som totalt var på 497 milliardar i 2015. USA, Storbritannia og Tyskland var dei landa det kom mest tenesteimport frå.

 

Sidan 1990-åra har industrisysselsetjinga gått tilbake frå 900 000 til 700 000 og er no om lag 16 prosent av den totale sysselsetjinga. 138 000 personar er tilsette i ulike omsorgsyrke, og av dei er 92 prosent kvinner. I handelsnæringa er det 101 600 tilsette, i grunnskulen 95 800 og i sal mellom bedrifter 89 400 tilsette. Det er stor mangel på lærarar, helsearbeidarar og folk i omsorgsyrke.

Bilar er ein av dei viktigaste eksportvarene i Sverige. Her ein Volvo 245 DL, 1988-modell, parkert i Washington, USA. Foto (2007): Bailey S., Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Bilar er ein av dei viktigaste eksportvarene i Sverige. Her ein Volvo 245 DL, 1988-modell, parkert i Washington, USA. Foto (2007): Bailey S., Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

 

Kulturlivet

Sverige har ein rik kulturtradisjon som går tilbake til førkristen tid, då det noverande Sverige bestod av fleire landskap. Svensk er eit indoeuropeisk språk i nær slekt med dei germanske språka. Svenskar kan forstå norsk og dansk. Finsk er offisielt minoritetsspråk. Sidan år 2000 er òg samisk fastsett som minoritetsspråk.

 

61 prosent av svenskane går på konsert eller danseførestillingar minst éin gong i året. Den eldre generasjonen er ivrige boklesarar, medan dei unge les bøker meir sporadisk. Svenskane er òg eit avislesande folk, men som i andre land det er naturleg å samanlikne med, har Sverige hatt ein tilbakegang for papiraviser og framgang for elektroniske medium. Dei største avisene er Dagens Nyheter, Expressen og Aftonbladet. Den siste er, til liks med Svenska Dagbladet og andre medieverksemder, eigd av det internasjonale mediekonsernet Schibsted.

 

Dei eldste litterære framstillingane finst på runesteinar, skrivne på urnordisk. Frå høgmellomalderen kjenner ein landskapslovene. Dei religiøse tekstane frå mellomalderen var ofte skrivne på latin, men det finst òg tekstar på svensk frå denne perioden. Den eldste og viktigaste kjelda til Sverige i mellomalderen er Erikskrönikan. Det er ei samling med rimsoger som skildrar svensk historie fram til 1300-talet. Hovudpersonen er hertug Erik Magnusson, som blei gift med prinsesse Ingeborg Magnusson av Noreg. Som så mange kjeldeskrift frå nordisk mellomalder har denne krønika vore tolka på mange ulike måtar av forskarar. Men dei er samde om at teksten blei fullført omkring 1320.

 

Den første fullstendige bibelomsetjinga til svensk kom i 1541.

 

1700-talet var ei rik tid for vitskap og litteratur i Sverige. Carl von Linné (1707–1772) er verdskjend som botanikar, og Carl Michael Bellman (1740–1795) er Sverige sin nasjonalskald. Dei mest kjende diktsamlingane hans er Fredmans epistlar og Fredmans sånger.

 

Litteraturen i det moderne Sverige nådde høgast mot slutten av 1800-talet. Som i Noreg og Danmark hadde litteraturen ein radikal tendens i desse åra, då August Strindberg gjekk til åtak på den etablerte svenske samfunnsordenen, og særleg kyrkja.

August Strindberg. Sjølvportrett tatt i 1886 i Sveits. Kjelde National Library of Sweden, Flickr.com CC BY 2.0.

August Strindberg. Sjølvportrett tatt i 1886 i Sveits. Kjelde National Library of Sweden, Flickr.com CC BY 2.0.

 

På 1900-talet stod det fram ein stor generasjon av diktarar som Pär Lagerkvist, Vilhelm Moberg, Ivar Lo-Johansson, Edith Södergran og Karin Boye. Frå siste del av 1900-talet er Göran Tunström, Lars Norén og Per Olov Enquist dei fremste. Astrid Lindgren er nok den meste kjende svenske diktaren ute i verda, medan Henning Mankell og Stieg Larsson skapte folkelesnad langt utanfor Sveriges grenser med kriminalromanane sine.

 

Svensk film blei òg ei kunstform som vekte stor internasjonal merksemd. Ingmar Bergman fekk i 1960-åra Oscar to år etter kvarandre for beste utanlandske film, for «Jungfrukällan» og «Så som i en spegel». I 1983 fekk han Oscar for «Fanny och Alexander».

 

Andre kjende filmregissørar er Bo Widerberg, Vilgot Sjöman og Stefan Jarl. I 1998 blei filmen «Fucking Åmål» ein suksess både i Sverige og dei andre skandinaviske landa.

 

Sverige har hatt mange store komponistar innanfor den klassiske musikktradisjonen. Barokk-komponisten Johan Helmich Roman (1694–1758) er kalla «far til den svenske musikken». Franz Berwald (1796–1868) blir i dag rekna som den fremste svenske komponisten på 1800-talet, medan Hugo Alfvén, Wilhelm Peterson-Berger og Wilhelm Stenhammar høyrer til dei mest kjende komponistane frå nasjonalromantikken, alle tre fødde sist på 1800-talet. Hilding Rosenberg og Lars-Erik Larsson er dei mest framståande 1900-talskomponistane.

 

Sverige har òg ein lang visetradisjon, frå meisteren Carl Michael Bellman via Evert Taube (1890–1976) i mellomkrigstida til Cornelis Vreeswijk, Olle Adolphson og Gösta «Skepparn» Cervin i 1960- og 70-åra. Saksofonisten og orkesterleiaren Arne Domnérus (1924–2008) var den fremste jazzmusikaren, medan ABBA blei ei av dei fremste gruppene innanfor internasjonal popmusikk i 1970- og 80-åra.

 

Sverige har òg hatt mange framståande målarar. Ein av dei er Anders Zorn (1860–1920), som er kjend for måleri og raderingar av kvinneakter i natur, portrett og motiv frå Dalarna. Andre folkekjære kunstnarar frå den same perioden er Carl Larsson (1853–1919) og Bruno Liljefors (1860–1939).

«Frukost under store-bjørka» (1896) av Carl Larsson. Biletet var med i Larsson si bok «Ett hem» (1899). Eigar: Nationalmuseum Stockholm. Foto: Erik Cornelius / Nationalmuseum, kjelde: Nationalmuseum Stockholm, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

«Frukost under store-bjørka» (1896) av Carl Larsson. Biletet var med i Larsson si bok «Ett hem» (1899). Eigar: Nationalmuseum Stockholm. Foto: Erik Cornelius / Nationalmuseum, kjelde: Nationalmuseum Stockholm, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

 

Det politiske systemet

Det politiske systemet i Sverige har ei historie attende til Gustav Vasas tid. Han kalla inn til riksmøte i Västerås i 1527 og 1544, og der møtte dei fire stendene: prestane, adelen, borgarane og bøndene. Dette systemet blei følgt då Sverige fekk ny grunnlov i 1809. Grunnlova av 1865 fastsette at Riksdagen skulle ha to kammer i staden for den stenderforsamlinga dei hadde frå 1500-talet. Första kammaren var vald indirekte og skulle representere «daning og formue», medan Andra kammaren blei vald direkte. Berre menn kunne røyste, dersom dei hadde fast eigedom, betalte skatt og var over 25 år.

 

Det politiske systemet blei modernisert i løpet av dei første tiåra av 1900-talet. Allmenn røysterett for menn til begge kammera i Riksdagen blei innført i 1918. Tre år seinare fekk kvinner den same retten. Frå 1917 har Sverige hatt parlamentarisme, som vil seie at regjeringa må ha eit fleirtal bak seg i Riksdagen. I dag har Riksdagen 349 representantar. I 1974 fekk landet ein ny grunnlov, som styrkte folkestyret endå meir. Parlamentarismen blei skriven inn i grunnlova, og monarken fekk berre symbolske funksjonar i styringsverket.

 

Etter valet i 2014 er det åtte parti i Riksdagen. Størst er Socialdemokraterna, med 113 mandat. Så kjem Moderaterna (det konservative partiet), med 83 mandat. Det tredje største partiet er Sverigedemokraterna, det innvandringskritiske partiet, med 46 mandat. Miljöpartiet de göna har 25 mandat, Centern 22, Vänsterpartiet 21, Liberalerna 19 og Kristdemokraterna 16. Regjeringa er ei mindretalsregjering, med statsrådar frå Socialdemokraterna og Miljöpartiet. Statsminister er sosialdemokraten Stefan Löfven. Regjeringa blei utnemnd 3. oktober 2014.

 

Den mest traumatiske hendinga i svensk politikk i moderne tid var mordet på statsminister Olof Palme 28. februar 1986. Han blei skoten og drepen då han saman med kona si, Lisbeth, på veg heim frå kino. Mordet blei eit tidsskilje i svensk historie. Det er framleis ikkje oppklart, og i ettertid ser ein at det fell saman med starten på slutten for sosialdemokratiet si hegemoniske maktstilling i Sverige. Eit nytt politisk attentat ramma Sverige i 2003, då den sosialdemokratiske utanriksministeren Anna Lindh blei drepen medan ho var på handletur i Stockholm.

Olof Palme og Joop den Uyl, dåverande statsminister i Nederland, på Schiphol lufthamn i Nederland 11. september 1974. Foto: Bert Verhoeff / Anefo, kjelde: Nationaal Archief. Falle i det fri / ingen kjente restriksjonar (biletnr. 927-4444).

Olof Palme og Joop den Uyl, dåverande statsminister i Nederland, på Schiphol lufthamn i Nederland 11. september 1974. Foto: Bert Verhoeff / Anefo, kjelde: Nationaal Archief. Falle i det fri / ingen kjende restriksjonar (biletnr. 927-4444).

 

Sverige er delt inn i 20 landsting. Landstinget har rett til å skrive ut skattar og har ansvar for helse, kultur, regionplanlegging  og lokal samferdsel og kollektivtrafikk. Det øvste styringsorganet i landstinget er landstingsfullmäktige, og representantane til landstingsfullmäktige blir valde med allmenn røysterett. Den utøvande styresmakta i landstinget er landstingstyrelsen. Kvart landsting er delt i kommunar, til saman 290 i heile landet.

 

Den regionale statlege styresmakta er knytt til länet og er lagt til länsstyrelsen. Det er 21 län, og i kvart län er det ein länsstyrelse, som altså er regjeringa sin representasjon i länet.

 

Historie

Sverige var eit jordbruksland fram til siste halvdelen av 1800-talet. Både i jordbruket, i handverkaryrka og dei små industriverksemdene som fanst, var teknikken den same som han hadde vore i hundreåra før, ofte både ineffektiv og arbeidskrevjande. Svenske varer var lite etterspurde, og staten hadde lite å betale importen med.

 

Dette biletet endra seg sterkt i siste halvdel av 1800-talet, då verdshandelen blei liberalisert. På kort tid blei mange av dei varene Sverige kunne selje, mellom anna trelast, jernmalm og stål, og etter kvart papir og verkstadprodukt, sterkt etterspurde på verdsmarknaden. Produksjonsmåtane blei endra gjennom masseproduksjon. Denne produksjonen var kapitalkrevjande, men mindre arbeidskrevjande enn tidlegare. Framveksten av banksystemet kom samstundes med den liberaliserte verdshandelen. Sparebankar var starta alt først på 1800-talet og stod klare då etterspurnaden etter kapital voks med industrialiseringa. Den sterke stillinga til Wallenberg-familien i svensk næringsliv blei bygd opp i desse åra. Dei dreiv bankar og fekk store eigarinteresser i svensk næringsliv, og det gjeld framleis.

 

Som ei følgje av denne økonomiske utviklinga fekk Sverige raskt ei stor industriarbeidarklasse, som fekk aukande politisk innverknad frå 1920-åra og utover. Det svenske «folkhemmet», med statlege velferdsreformer, har grunnlaget sitt i dei politiske krava som det svenske arbeidarpartiet, Socialdemokraterna, sette fram saman med fagrørsla. Det førte til stor og jamn velstand for det svenske folket alt før andre verdskrigen.

 

Den demokratiske utviklinga var òg sterkt knytt til framveksten av folkerørslene i den same perioden. Fremst mellom desse rørslene stod fråhaldsrørsla og fleire frikyrkjelege rørsler. Gjennom desse organisasjonane fekk folk flest trening i offentleg ordskifte og påverknad, noko som styrkte krava om røysterett for alle.

 

Sverige har opp gjennom historia vore ein viktig aktør på den europeiske scena. Alt i vikingtida hadde Sverige ein dominerande plass i handelsverksemd og kolonisering i landskapa kring Austersjøen og langs dei store elvane sørover mot Svartehavet og Bysants.

 

Dei store landskapsområda Svealand og Götaland blei slått saman under éin konge på 1200-talet, noko som styrkte både landet og kongemakta. Frå 1397 blei Noreg, Danmark og Sverige samla i ein personalunion under den same kongen. Dette arrangementet er kjent som Kalmarunionen. Unionen blei oppløyst i 1523, då Gustav Vasa erobra kongemakta i Sverige.

 

På 1600-talet tok Sverige del i dei store krigane i Europa, under leiing av Gustav 2. Adolf. Han blei konge i 1611. Men grunnlaget for den aukande makta var lagt alt i siste halvdel av 1500-talet, då Sverige erobra store delar av Baltikum. Stormaktstida enda med Den store nordiske krigen og Karl 12.s død ved Fredriksten festning i Halden i 1718.

 

Sidan då har Sverige stort sett halde seg utanfor dei store krigane i Europa. Landet tapte rett nok Finland etter ein kort krig med Russland i 1809 og vann Noreg etter eit par vekers krig i 1814. Unionen med Noreg var òg nærmast ein personalunion med felles konge og utanrikspolitikk, men lite meir. Dei to landa dreiv frå kvarandre utover på 1800-talet, og i 1905 blei unionen oppløyst utan krigshandlingar.

Mjølkekjerre i Sør-Sverige rundt 1955–60. Foto: Erik Liljeroth, kjelde: Nordiska museet på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Mjølkekjerre i Sør-Sverige rundt 1955–60. Foto: Erik Liljeroth, kjelde: Nordiska museet på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

 

Innvandring

Økonomisk gjekk Sverige tilbake etter finanskrisa i 2008, men i 2016 fekk landet ein vekst i brutto nasjonalprodukt (BNP) på 3,3 prosent. 6,9 prosent var arbeidslause. I kriseåra flytta fleire ut frå Sverige enn i åra med størst utvandring til USA sist på 1800-talet. Svenske borgarar drog gjerne til Danmark og Noreg for å finne arbeid. I 2016 fekk 4000 svenskar arbeid i Danmark, noko færre i Noreg.

 

Sverige har i åra etter andre verdskrigen hatt stor innvandring, og landet har den største innvandrarbefolkninga i Norden. Rekorden blei sett i 2016, då 163 005 personar kom til Sverige, dei fleste som flyktningar. Størst var innvandringa frå Syria, med 51 540 personar, medan 6580 kom frå Eritrea. Men det kom òg mange svenskar attende til landet då økonomien var i betring. 15 318 personar var i denne kategorien i 2016. Dei svenskfødde er normalt den største innvandrargruppa, men slik var det ikkje i 2015 og 2016.

 

Sverige har ikkje alltid vore eit innvandringsland. Frå midt på 1800-talet til 1930 var det ei masseutflytting frå Sverige. Totalt forlét 1,4 millionar personar landet mellom 1860 og 1930. Dei fleste drog til USA.

 

Innvandringsoverskotet etter andre verdskrigen har endra karakter. I byrjinga var det folk frå andre nordiske land som kom til Sverige for å finne arbeid. I 1970 kom til dømes 41 479 personar frå Finland, 3609 frå Danmark og 2837 frå Noreg. Andre fråflyttingsland var Jugoslavia, Hellas og Polen.

 

På 1980-talet skjedde det ei endring. Innvandrarane kom frå krigsramma land i Asia og Sør-Amerika. Dei fleste har søkt asyl. I slutten av 2016 budde det i Sverige nær 1,7 millionar menneske som var fødde i utlandet, det vil seie nær kvar sjette av den svenske befolkninga. Framleis er det personar frå Finland som er den største gruppa, med 154 000.

 

I det siste har òg utvandringa auka. No ligg ho på ca. 50 000 i året. Innvandringa fører til at folketalet i Sverige veks. I 2016 blei det fødd 117 425 born i landet, medan 90 982 døydde. 163 005 innvandra, medan 45 878 reiste ut. Nettotilveksten var 143 570. Folketalet passerte 10 millionar tidleg i 2017. Det er ei dobling sidan 1900.

 

Den liberale innvandringspolitikken hadde lenge stor politisk oppslutnad, og det var ikkje mange som protesterte offentleg. Det har endra seg dei siste åra. Det syner seg at integreringa av innvandrarane ikkje har vore vellukka alle stader, og i fleire av dei store byane har det vore stor sosial uro knytt til denne utviklinga. Politisk har dette kome til uttrykk i at eit høgre-nasjonalt parti, Sverigedemokraterna, har fått stor tilslutnad ved vala.

 

Fredsnasjon

Dei historiske røynslene gjorde at Sverige kunne byggje opp ei sjølvforståing som ein fredsnasjon. Styresmaktene engasjerte seg i arbeidet i Folkeforbundet etter første verdskrigen, og den svenske statsministeren Hjalmar Branting (1860–1925) fekk Nobels fredspris saman med nordmannen Christian Lous Lange i 1921 for arbeid sitt i Folkeforbundet.

 

Etter andre verdskrigen forma Sverige ei utanriks- og tryggleikspolitisk linje som bygde på alliansefridom, nøytralitet i ein eventuell stormaktsstrid og eit sterkt engasjement gjennom internasjonale organisasjonar som FN. Sverige kritiserte både Sovjetunionen då landet gjekk inn i Tsjekkoslovakia i 1968 og USA for krigføringa i Vietnam i 1960- og 70-åra. Under den kalde krigen utvikla landet ein stor våpenindustri. Ei tid i 1960-åra debatterte svenske politikarar om landet skulle skaffe seg atomvåpen.

 

FN er ei søyle i svensk utanrikspolitikk. Sverige står for éin prosent av FN‑budsjettet og betaler i tillegg store bidrag til dei ulike fagorgana i FN og til utviklingssamarbeid og humanitære innsatsar. Sverige bidrog med 10,7 milliardar svenske kroner til FN-systemet i 2015. Landet har nått målet om 0,7 prosent av BNP til slike føremål. Ca. 350 svenskar var i FN-teneste i 2016. Sverige hadde den andre generalsekretæren i FN, Dag Hammarskjöld (1953–1961).

 

Majoriteten av befolkninga i Sverige er kristne. Landet hadde ei evangelisk-luthersk statskyrkje til år 2000. Då blei kyrkja skild frå staten, og Svenska kyrkan er no ei folkekyrkje. Det svenske folket er mellom dei mest sekulære i verda. Islam er den nest største religionen, etter den store innvandringa dei siste tiåra.

 

Idrettsnasjon

Sverige er ein av dei fremste idrettsnasjonane i verda. Landslaget i ishockey, «Tre kronor», er det einaste som har vunne VM og OL det same året, i 2006. Mange svenske fotball- og ishockeyspelarar har vore stjerner i dei største klubbane i verda. Zlatan Ibrahimovic, som er fødd i Malmö i 1981, er den mest kjende i nyare tid. Han spela i Malmö FF, kom til Ajax i Nederland og har seinare spela i Italia, Spania, Frankrike og England. Han slutta på landslaget i 2016 etter 116 kampar. Då hadde han skåra 62 mål for Sverige.

Zlatan Ibrahimovic. Foto (2013): Mohan, kjelde: Doha Stadium Plus Qatar, Flickr.com CC BY 2.0.

Zlatan Ibrahimovic. Foto (2013): Mohan, kjelde: Doha Stadium Plus Qatar, Flickr.com CC BY 2.0.

 

I individuelle idrettar har Sverige òg gjort seg gjeldande internasjonalt. Gunder Hägg var den store mellomdistanseløparen i mellomkrigstida, medan Anders Gärderud tok OL-gull på 3000 meter hinder i 1976. Ricky Bruch dominerte diskos i 1970-åra, medan Patrick Sjöberg var den beste høgdehopparen i verda i 1980-åra. Han vann VM i 1987.

 

Björn Borg var den store tennisstjerna i 1970- og 80-åra og vann Davis Cup fleire gonger. Han vann 37 av 40 singelkampar i denne turneringa. I Sverige blei Borg kåra til «Århundradets idrottare» i 2000.

 

Boksaren Ingemar Johansson vann tungvekts-VM i 1958.

 

Sverige har òg vore ein av dei store nasjonane i individuelle vinteridrettar. Dei mest kjende i langrenn er Sixten Jernberg, Gunde Svan, Thomas Wassberg og Torgny Mogren. I hopp skapte Jan Boklöv skihistorie då han innførte V-stilen.

 

Sverige har hatt store utøvarar i alpint, med Ingemar Stenmark som den fremste i 1970- og 80-åra. Han har fem gull i OL og VM og 86 v‑cupsigrar. Pernilla Wiberg og Anja Pärson var mellom dei fremste i kvinneklassa. Wiberg har fire gull i OL og VM, og Pärson har sju VM-gull. Begge vann v‑cupen fleire gonger i 1990-åra og dei første åra etter 2000.

 

Sverige har arrangert OL berre éin gong, sommar-OL i 1912. Landet arrangerte VM i fotball i 1958, og vann turneringa.

 

Klima, geologi og flora

Sverige har eit temperert klima, slik også Noreg har. Det kjem av at Golfstraumen går langs norskekysten og påverkar klimaet jamvel i Sverige. Middeltemperaturen i dei kaldaste månadene varierer frå minus 15 gradar lengst i nord til 0 gradar i sør. Om sommaren kan middeltemperaturen i nord liggje rundt 15 gradar, medan han i området rundt Stockholm ligg på 18 gradar.

 

Årsnedbøren varierer frå 500 mm til 700 mm, og den mest nedbørrike tida er seinsommaren.

 

Bergartane består for det meste av grunnfjell. Det finst store jern-, kopar- og svovelførekomstar i Midt-Sverige og i nord, særleg i Kiruna-området. Malmen frå Kiruna blir frakta med tog til Narvik og skipa ut derifrå.

 

Over 60 prosent av vegetasjonen er skog, særleg gran og furu i nord, lauvtre i sør. I sør er det store jordbruksareal, og Skåne er det mest produktive området. Det arbeider 171 400 personar i svensk jordbruk. Talet på einingar i jordbruket er halvert sidan 1970 og er no på 63 000. Det samla jordbruksarealet utgjer 7 prosent av det totale landarealet, og 80 prosent av det er åker. 20 prosent av verdien av jordbruksproduksjonen er mjølk. Før Sverige blei med i EU i 1995, låg den svenske sjølvforsyningsgraden av mat på 90 prosent, medan han no ligg på 45 prosent.

Dyrka raps i Skåne. Foto (2013): Annika Persson / Precious People, kjelde: Moderaterna i Region Skåne , Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Dyrka raps i Skåne. Foto (2013): Annika Persson / Precious People, kjelde: Moderaterna i Region Skåne , Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

 

Klimapolitikk

Sverige har hatt ein målmedviten klimapolitikk sidan 1990-åra. Utslepp av CO2 frå oppvarming er redusert frå 9,5 millionar tonn i 1990 til 1,3 millionar tonn i 2015. I same perioden er utslepp frå industrien redusert med 20 prosent. I transportsektoren er reduksjonen på ni prosent, medan utsleppa frå personbilar er redusert med 13,8 prosent. Sommaren 2017 vedtok Riksdagen at Sverige ikkje skal ha utslepp av klimagassar i atmosfæren etter 2045.

 

I dei seinare åra har Sverige vore mellom dei største bidragsytaren i kampen for det globale klimaet. Sverige har sett av 4 milliardar svenske kroner til Det grøne klimafondet. Det gjer Sverige til den største givaren per capita.

 

Den svenske modellen

Fundamentet for den moderne svenske velferdsstaten var staten si planmessige utbygging av skulesystemet, helsestellet og institusjonane i kulturlivet. Det systemet som voks fram gjennom denne politikken, blei kalla «folkhemmet». Omgrepet blei først brukt som del av det politiske språket av den sosialdemokratiske leiaren Per-Albin Hansson sist i 1920-åra. Politikken var basert på optimisme og tru på framsteg gjennom fornuftsbaserte politiske reformer til det beste for heile befolkninga. Full sysselsetjing og planmessig bustadbygging skulle vere ein sentral del av «det goda hemmet».

 

Frå 1930-talet og gjennom dei første etterkrigstiåra bygde sosiale ingeniørar dette samfunnet, under politisk leiing av sosialdemokratane Per-Albin Hansson, Tage Erlander og Olof Palme. Ein kombinasjon av effektiv planlegging, ein langvarig økonomisk vekst og ro og samarbeid i arbeidslivet skapte ein eineståande økonomisk framgang. Dette pregar Sverige også dei første tiåra av 2000-talet.

Maistong frå svensk midtsommarfeiring. Foto (2012): Bengt Nyman, Flickr.com CC BY 2.0.

Maistong frå svensk midtsommarfeiring. Foto (2012): Bengt Nyman, Flickr.com CC BY 2.0. 

 

Kjelder

Maths Isacson: Industrisamhället Sverige. Arbete, ideal och kulturarv. Lund 2007

Ernst Söderlund og Sven Tunberg: Svensk historia för gymnasiet. Stockholm 1961

Kati Laine-Sveiby: Svenskhet som strategi. Stockholm 1987

Svensk sjukvård i internationell jämførelse – 2015. Rappport frå Sveriges kommuner och landsting 2015

 

Statistiska Centralbyrån: Statistikk for 2017, om økonomi, innvandring, utdanning, fritidssyslar og kultur, scb.se: http://www.scb.se/ [lesedato 13.11.2017]

OECDs statistikk, oecd.org: http://www.oecd.org/ [lesedato 13.11.2017]

SO-rummet: «Samhällskunnskap», so-rummet.se: https://www.so-rummet.se/kategorier/samhallskunskap [lesedato 13.11.2017]

Nettstaden til den svenske regjeringa, Regjeringskansliet: http://www.regeringen.se/ [lesedato 13.11.2017]

Først publisert: 20.02.2018
Sist oppdatert: 20.02.2018