Hopp til innhold

Synnøve Persen

Synnøve Persen, poet, biletkunstnar og organisasjonsbyggjar, som har gjort ein formidabel innsats for samisk kulturliv.

Synnøve Persen er fødd i Bevkop i Porsanger 22. februar 1950 og tok utdanning ved Statens kunstakademi i Oslo i 1972–78. I 1978 var ho med på å starte ei samisk kunstnargruppe i Masi, som arrangerte utstillingar i heile Norden. Den første separatutstillinga heldt ho i Tromsø i 1983. Den vart følgd av utstillingar og utsmykkingsoppdrag i store delar av Noreg. I 2017 var ho med på Documenta 14, ei internasjonal utstilling av samtidskunst som vert halden kvart femte år, og ho er bidragsytar til utstillinga om samisk kunst i Dronning Sonja KunstStall 2019.

I 1981 debuterte ho som lyrikar med Alit lottit girdilit, gjendikta til norsk av Laila Stien med tittelen Blå fugler flyr. I 1990-åra kom to nye diktsamlingar, og i 2005 Meahci suvas bohciidit ságat (Av skogens sus spirer nytt), omsett til norsk av forfattaren. Denne boka fekk ho Samerådets litteraturpris for. I Poems poemas (2016) er ho gjendikta til spansk og engelsk. For Persen er poesi og måleri utfyllande kunstformer. Dei nordnorske landskapsbileta er ofte nonfigurative akvarellar, og landskapet avspeglar seg i dikta. Poesien, seier ho, var først mogleg då ho i vaksen alder lærte seg det nordsamiske skriftspråket, som har ein annan klang og farge enn norsk.

I heile sitt kunstnarliv har ho arbeidd for å modernisere samisk kunst, men både som diktar og målar poengterer ho at ho er kunstar, ikkje samisk kunstnar. I kunsten representerer ho seg sjølv, i organisasjonane taler ho for mange. Ho var med på å stifte Samiske Kunstneres Forbund og Samisk Kunstnersenter i Karasjok og har hatt styreverv i forfattar- og biletkunstnarforeiningar. I 1977 teikna ho det første samiske flagget, som fekk ny utforming i 1986.

Det første samiske flagget, som vart teikna av Synnøve Persen i 1977. Kjelde: Norsk Folkemuseum på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NFSA.4418. CC BY-SA 4.0.

I 2018 fekk Persen tildelt St. Olavs Orden for innsatsen sin for samisk samfunnsutvikling. Same året fekk ho Kulturrådets ærespris for sitt kunstnarlege virke nasjonalt og internasjonalt.



Kjelder

Synnøve Persen: Ruoná rieggá vuol váccašit / Under grønn ring vandre. Norsk gjendikting i samarbeid med Erling Kittelsen. Oslo 2017

Morten Johan Svendsen, i samarbeid med Trygve Lund Guttormsen og Synnøve Persen: Synnøve Persen. Njuohtamat – Malerier – Paintings 1978–2000. Ikkaldas, Porsanger 2001

 

Thomas Kintel: Hva står på spill i samisk kunstverden. Hovedoppgave, Høgskolen i Telemark, 2008, bibsys.no: https://brage.bibsys.no/xmlui/handle/11250/2438816 lesedato 25.2.2019]

 

Peikarar

Dronning Sonja KunstStall: «Historier. Tre generasjoner samiske kunstnere». utstilling 2019, kongehuset.no 

NRK TV: Oddasat 27.9.2018. Synnøve Persen får ærespris og tildeles St. Olavs Orden, nrk.no

NRK TV: Kulturoperatørene 30.3.1993. Intervju med Synnøve Persen, nrk.no

Først publisert: 09.05.2019
Sist oppdatert: 15.05.2019