Hopp til innhold
X
Innhald

Tale Maria Krohn Engvik («Helsesista»)

Tale Maria Krohn Engvik («Helsesista») har gjennom Snapchat og andre sosiale medium blitt ein svært populær og viktig helsesjukepleiar for ungdom over heile landet.

Tale Maria Krohn Engvik er fødd 25. juli 1979 i Ålesund og er busett i Oslo. Ho utdanna seg til sjukepleiar ved Høgskolen i Bergen i 2006 og til helsesøster (no helsesjukepleiar) ved Høyskolen Diakonova i Oslo i 2010.

Engvik arbeidde som helsesjukepleiar ved fire vidaregåande skular i Oslo fram til 2017. Då hadde Snapchat-kontoen ho opphavleg brukte overfor elevane i jobbsamanheng, blitt nasjonalt kjend blant unge. Engvik sa opp jobben i skulen for å satse som påverkar på heiltid under namnet «Helsesista». Ho er svært aktiv og tilgjengeleg på sosiale medium. Frå kontoen @Helsesista når ho ut til meir enn 200 000 ungdomar via Snapchat. Ho har òg svært mange følgjarar på Facebook og Instagram.

Kropp, sex, identitet, kjærleik, einsemd, rus og psykisk helse er viktige livstema som Helsesista fokuserer på, og som ho får ungdom til å engasjere seg i. Førebygging av vald, seksuelle overgrep og sjølvmord er døme på saker ho er spesielt oppteken av. I 2019 gav ho ut boka Helsesista: #vågåvære. I denne boka samlar ho dei mest aktuelle sakene ho har vore innom som helsesjukepleiar.

Frå helsefagleg miljø har ho møtt noko kritikk for at ho nyttar sosiale medium til å snakke med ungdom om sensitive ting.

Sidan 2018 har Engvik i hovudsak livnært seg av foredragsverksemd. Våren 2019 var ho programleiar i Helsesista gjør en forskjell på TV 2.

Engvik fekk Redd Barnas rettighetspris i 2017, og i 2018 fekk ho Tabuprisen. Denne prisen blir delt ut av Rådet for psykisk helse. Ho fekk prisen for å snakke om vanskelege tema og gi hjelp til ungdom over heile landet. Ho har også fått prisane Årets forbilde og Årets Ladejarl, begge i 2018. I 2019 fekk Engvik Dialektprisen for å bruke ålesundsdialekten sin i sosiale medium.


Kjelder

Liz Buer: «Kyss, snap og klem», psykiskhelse.no, sist oppdatert 23.8.2019: https://psykiskhelse.no/bladet/2018/helsesista-0218 [lesedato 22.1.2020]

Beate Haugtrø: «Helsesista med bok: Skriv om sjølvmordstankar, kropp, sex og kjærleik», framtida.no, publisert 22.10.2019: https://framtida.no/2019/10/21/helsesista-med-bok-skriv-om-sjolvmordstankar-kropp-sex-og-kjaerleik [lesedato 22.1.2020]

Trine Høklie Jonassen og Madeleine Hatlo: «Krass kritikk mot «Helsesista»», dagbladet.no, publisert 21.12.2019: https://www.dagbladet.no/nyheter/krass-kritikk-mot-helsesista/71910143 [lesedato 22.1.2020]

Nettstaden til Tale Maria Krohn Engvik, helsesista.no: https://helsesista.no/ [lesedato 22.1.2020]

Kristin Sommerseth: «Helsesista får Redd Barnas rettighetspris», reddbarna.no, publisert 30.8.2017: https://www.reddbarna.no/nyheter/helsesista-faar-redd-barnas-rettighetspris [lesedato 7.9.2020]

Peikarar

Lovise Ingeborg Gangnes og Hanne Taalesen: «Slik vil «Helsesista» stoppe mobbing», tv2.no, publisert 23.1.2018

Eivor Hofstad: «Hva skal vi si til unge om å sende nakenbilder?», sykepleien.no, publisert 13.3.2018

Marie Kvitrud: «Tale (38) sa opp jobben for å leve av Snapchat: – Veldig skummelt», kk.no, publisert 14.6.2018

Rådet for psykisk helse: «Tabuprisen 2018 til Helsesista», psykiskhelse.no, sist oppdatert 28.2.2019

Facebook-kontoen til Tale Maria Krohn Engvik, facebook.com

Instagram-kontoen til Tale Maria Krohn Engvik, instagram.com

Snapchat-kontoen til Tale Maria Krohn Engvik, snapchat.com

Først publisert: 02.09.2020
Sist oppdatert: 07.09.2020