Hopp til innhold

Den nynorske litteraturen 1848–2018

I 170 år er det nynorske skriftspråket blitt nytta til dikting, vitskap, presse og opplæring. Litteraturen er blitt mangfaldig og dekkjer mange emne og bruksområde, men dominerer meir på nokre område enn andre.

Ei nynorsk litteraturhistorie

Den nynorske litteraturhistoria kan byrje mange stader, til dømes med den tidlege norrøne diktinga, den munnlege folkediktinga eller skriftleg dialektlitteratur i dansketida. Den største færøyske litteraturhistoria på dansk (i to band), byrjar i 1298 med Fårebrevet, det færøyske lovtillegget. I Store Norske Leksikon byrjar leksikonartikkelen om norsk litteraturhistorie med versediktinga på norrønt frå 800-talet. Både tidlege lovtekstar, diplom og munnleg versedikting kunne ha utgjort byrjinga i denne artikkelen.

Før Ivar Aasen var det nemleg ein omfattande skrive- og forteljekultur i Noreg. Eit av kjenneteikna på denne kulturen i Noreg er at dei skrivande miljøa ikkje nødvendigvis var urbane. Det fanst kulturelle bygdesentrum alt før det nynorske skriftspråket blei etablert, til dømes i Volda, på Elverum, i Steinkjer og på Stord.

I denne teksten er historia likevel avgrensa til tida frå den første nynorske grammatikken blei publisert i 1848, og fram til 2018. Her blir omgrepet litteratur nytta i den vide tydinga: offentlege menneskelege ytringar gjennom skrift. Dette er altså historia om nynorsk dikting og sakprosa, i både bøker, aviser, tidsskrift, blad og på internett.

Det gjekk berre 37 år frå Ivar Aasen publiserte den nynorske grammatikken (1848) til nynorsk blei eit offisielt skriftspråk (1885). Sjølv om ikkje éin einaste elev til då hadde fullført skulegang på nynorsk, hadde over hundre menneske allereie gitt ut dikting, avisstykke og sakprosa på det nye skriftspråket. Likevel er det slik at etter at nynorsk blei eit skulespråk, har det kome færre avisspalter og boktitlar på nynorsk enn talet nynorskbrukarar skulle tilseie. Slik er det med eit språk som er blant dei hundre sikraste og største skriftkulturane i verda, men som ikkje er det dominerande skriftspråket i landet som språkbrukarane bur i.

Etablering av ein skriftkultur

Norsk tale fekk det vi i dag kallar nynorsk skriftspråk, då Ivar Aasen gav ut ein grammatikk (1848) og ei ordliste (1850). I tiåra som kom, tok nordmenn nynorsk i bruk på stadig fleire område: først i songar, forteljingar, avisstykke og teaterstykke, deretter i tekstar til bruk i kyrkje, skule, vitskapsinstitusjonar og til styring av staten. Nynorsk har sidan jamstillingsvedtaket i 1885 vore eit språk som formelt kan nyttast ved alle høve.

Det gjekk altså raskt frå eit nynorsk skriftspråk til ein nynorsk skriftkultur. Det vil seie at nynorsk fekk fotfeste i ulike institusjonar (i skule, kyrkje, kommunar, lag, foreiningar, forlag og aviser), som sidan har overført kunnskap, kulturelle uttrykk, normer og minne gjennom lese- og skrivekunne. Nordmenn tok kjapt i bruk det nye språket på ulike område og i ulike sjangrar.

Frå 1850-åra kom songar, dikt og forteljingar, både nydikta og gjendikta, avisstykke og debattinnlegg. Frå 1860-åra kom lærebøkene, frå 1870-åra blada, teaterstykka, forteljingane og den første noregshistoria, frå 1880-åra romanar, barneblad og Det nye testamentet, frå 1890-åra tidsskrifta og dei første lovene og frå 1920-åra teikneseriane, den første nynorske radiosendinga og Det gamle testamentet. Før den andre verdskrigen braut ut, fanst det nynorske tekstar til bruk i forvaltning, skule, rettsvesen og kyrkje. Det var tekstar til underhaldning, ettertanke og opplysing. Institusjonar for spreiing av desse tekstane var etablerte, til dømes aviser, forlag, blad og ungdomslag.

Litteraturvitaren Ottar Grepstad har delt inn den nynorske pressehistoria i fire fasar: etablering (1848–1904), utskiljing (1904–1945), integrering (1945–1972) og alminneleggjering (1972–) (Grepstad, 2010). Mykje taler for at ei slik inndeling også er relevant for heile den nynorske litteraturen. I etableringsfasen synte pionerane kva som var mogleg. Deretter skilde det nynorske seg ut frå den etablerte danske skriftkulturen, med folkehøgskular, forlag, blad og aviser. Visjonen var eit eittspråkleg samfunn. Utskiljinga skulle leggje grunnen for ei kulturell overtaking. Slik gjekk det ikkje.

I staden heldt Noreg fram som ein fleirspråkleg nasjon. Det nynorske blei gradvis meir integrert i ei nytt felles offentleg rom. Sidan 1970-åra er nynorsk litteratur blitt meir alminneleg, som ein sjølvsagd del av det norske. Alminneleggjeringa er komen lengst for diktinga, og kanskje kortast for nynorsk i kommersielle samanhengar.

Gjenreisinga av ein norsk skriftkultur var i første halvdel av 1800-talet ein romantisk og teoretisk idé byborgarar og embetsmenn hadde stor sympati for. Men då Ivar Aasen gav folket eit verktøy til å ta språket i bruk med, blei motstanden større. Folkemålet var ein trussel mot det kulturelle herredømet dei tysk- og danskspråklege embetsmennene hadde hatt til då.

Etableringa av parallelle utdannings- og kulturinstitusjonar kan sjåast som eit svar på denne motstanden. Samstundes blei det aldri etablert parallelle kyrkje- eller skulesamfunn, slik følgjene blei i språkstridane i Schleswig-Holstein i det noverande Tyskland, der det i dag er eit eige privat dansk og frisisk skulesystem parallelt med eit statleg tysk. Den nynorske ideen var å bruke dei etablerte strukturane til sin eigen fordel, ikkje etablere parallelle system ved sida av dei statlege.

Nynorsk er eit nasjonalt språk, som har slått rot lokalt og regionalt. Parallelt med at nynorsk blei offisielt språk i kyrkje, skule, kommunar og andre offentlege institusjonar lokalt, tok folk til å dikte, fortelje og formidle på nynorsk frå og om staden der dei budde.

I bygder der nynorsk ikkje lenger er i bruk i skulen, har ofte kyrkja og det lokale museet halde på nynorsk språk i fleire år etter. Dette finst det døme på mellom anna i Målselv, Notodden, Tinn, Birkenes, Inderøy og Rennebu i fleire tiår etter at nynorsk gjekk ut av bruk i skulen. I Rennebu er det framleis nynorskgudstenester, og tekstane i bygdetunet er stort sett på nynorsk. Også på 2000-talet er det i årboka til sogelaget i Rennebu fleire tekstar på nynorsk enn på bokmål – og handlar det om språk, kyrkje eller historie, er nynorsk framleis i bruk i avisa. Desse skribentane nyttar ofte bokmål om andre emne. I lokalhistoriske årbøker, bygdebøker og andre lokalhistoriske skrifter dominerer nynorsk framleis i nokre bygdelag, trass i at nynorsk lokalpresse ikkje eksisterer der og nynorsk skulemål heilt eller delvis har forsvunne.

To strategiar på ein gong

Dei nynorske strategane nytta ulike strategiar på ulike område. Medan ein fekk det nynorske integrert i skulane, kyrkjene og administrasjonen, blei det etablert eigne kulturinstitusjonar for å styrkje bruken av nynorsk på det private området. Litteratur treng forfattarar og lesarar, men mellom forfattarane og lesarane er det ofte institusjonar. Institusjonane kan vere frivillige lag (ungdomslag og mållag) som skaper miljø for å lese og skrive nynorsk, føretak som gir ut og sel bøker og aviser, og andre institusjonar som rettar merksemda mot nynorsk litteratur.

Forlaga Det Norske Samlaget (1868), Norsk Barneblads Forlag (1887), Noregs Boklag (1922) og Fonna Forlag (1940) blei alle skipa for å spreie nynorsk litteratur. Det tok rett nok lang tid før Samlaget blei ein leiande skjønnlitterær aktør. Forlaget konsentrerte seg i byrjinga om klassikarar og sakprosa. Medan dei mest lesne nynorske diktarane har gitt ut bøker på eit mangfald av forlag, har Det Norske Samlaget sidan skipinga i 1868 vore nødvendig for at dei nynorske bøkene skulle dekkje heile menneskelivet: barnebøker, skulebøker, bøker for høgare utdanning, eiga opplysing, fritid, kunstnarleg oppleving og innsikt.

Fire personlege forleggjarar var svært viktige i byrjinga: Mons Litleré (frå 1886) i Naustdal og Bergen, Olaf Huseby og Olaf Norli (frå 1890) i Oslo og Erik Gunleikson (frå 1912) i Risør. Dei satsa systematisk på å rekruttere nynorskforfattarar, og dei spreidde nynorsk litteratur. Forlaga dreiv skiftebruk mellom dansk/bokmål og nynorsk, men synte vilje til å prioritere det nynorske. I byrjinga var dei personlege forleggjarane avgjerande for at det kom nyskriven nynorsk litteratur, seinare kom dei nynorske forlaga etter.

Heile tida, og undervegs, har enkeltforfattarar debutert med dikting på andre norske forlag, til dømes Gyldendal Norsk Forlag, H. Aschehoug & Co. og Lunde Forlag. Nynorsk dikting kjem altså ut på alle slags forlag, men naturleg nok mest på dei som satsar systematisk på nynorsk. Særleg i byrjinga var avisføljetongar viktige for å spreie nynorsk dikting. Dei viktigaste av desse avisene har vore Den 17de mai, Gula Tidend, Norig og Fedraheimen.

I tillegg til utgivarar av bøker og aviser har institusjonar som folkehøgskular, landsgymnas (seinare vidaregåande skular) og lærarseminar (seinare lærarskular, distriktshøgskular, lærarhøgskular, høgskular, universitet) vore avgjerande for å skape miljø for nynorsk lesing og skriving. På 2000-talet har òg mange bibliotek, festivalar og institusjonane Garborgsenteret, Nynorsk kultursentrum og Nynorsksenteret vore viktige formidlarar av nynorsk litteratur.

Blad og aviser

Medan den nynorske diktinga er blitt integrert i den norske bokbransjen, har dei nynorske avisene i større grad skilt seg ut. Då dei fleste av dei blei etablerte rundt 1900, trongst det eigne aviser for at ein i det heile skulle kunne uttrykkje seg fritt på nynorsk. Det har vore fleire forsøk på nynorske riksaviser, men ingen har vart så lenge som vekeavisa Dag og Tid (1962–). Landslaget for nynorskkommunar har saman med ABC Startsida sidan 2010 drive ungdomsavisa Framtida.no. Ei riksdekkjande dagsavis for vaksne på nynorsk finst likevel ikkje. Lokalavisene er viktige nynorske tekstprodusentar lokalt og har vore det sidan dei første blei etablerte tidleg på 1900-talet.

Norsk Barneblad (1887–) er det eldste barnebladet i verda og ein viktig formidlar av litteratur i mange sjangrar og om mange emne på nynorsk gjennom fleire generasjonar. I 2017 tok ABC Startsida, Framtida.no, Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis og Sunnhordland initiativ til å starte barneavisa Framtidajunior.no, etter modell av junioravisene til Bergens Tidende og Aftenposten. Også det danske mindretalet i Tyskland og det tyske mindretalet i Danmark har i åra etter 2010 etablert barneaviser med nyhende for ungar på mindretalsspråket.

Fleire stader er den einaste lokalavisa redigert på nynorsk, frå Midsundingen i nordvest til Hallingdølen og Bø blad i aust. Ein fjerdedel av alle norske aviser har nynorsk som redaksjonsspråk, medan om lag seks prosent av bøkene som blir gitt ut kvart år, er på nynorsk. Avisene trykkjer meir tekst på nynorsk enn andre private aktørar. Frå 1850 til 2010 er det blitt skipa over 170 nynorske aviser. Utanom offentleg sektor er avisa Firda i Førde den største produsenten av nynorsk tekst. Det er den einaste dagsavisa som berre blir redigert på nynorsk.

I 2010 kom det ut nynorske lokalaviser 56 stader i ti fylke. Den største veksten av nynorskaviser kom etter 1970. I motsetning til dei fleste andre private nynorskinstitusjonane har lokalavisene hatt fotfeste der nynorsk er kvardagsspråket. Medan andre institusjonar har lege i Oslo, er nynorskavisene lokaliserte i bygdene der nynorsk står sterkast. Desse avisene har stadfesta den nynorske skriftkulturen.

Då dei nynorske avisene først blei etablerte på slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet, trongst det eigne aviser for at folk skulle kunne ytre seg fritt på nynorsk. Slik er det ikkje no. Folk kan skrive på nynorsk i kva avis som helst, med mindre ein er fast tilsett i ei avis som held fast på eitt redaksjonelt språk, slik som er tilfellet for dei største riksavisene. Medan dei regionale avisene i språkdelte område, som Telemarksavisa, Stavanger Aftenblad, Bergens Tidende og Sunnmørsposten, blir redigerte på både bokmål og nynorsk, er det blant dei riksdekkjande avisene berre nisjeavisene Klassekampen, Vårt Land, Nationen, Dagen og Fiskeribladet Fiskaren som blir redigerte på begge språka.

Einskildpersonar og grupper har i fleire periodar arbeidd for å få på plass ei landsdekkjande nynorskavis som kjem ut kvar dag. Den lokale journalistikken er den nynorske pressa sin spesialitet. Alle nynorskavisene som kjem ut i dag på papir, bortsett frå éi, er lokale. Dei skildrar det som skjer i lokalsamfunnet, og set det under debatt. Lokalavisa er for mange den staden der dei oftast ser skriftspråket sitt brukt offentleg.

Nye utgangspunkt for forteljingar

Den første nynorske diktinga stod i opposisjon til den urbane romantikken som elles prega nordisk litteratur, særleg bygdeskildringane, midt på 1800-talet. Med det nynorske skriftspråket kom forfattarar som fortalde om bygda slik ho var, ikkje slik byfolk såg henne når dei var på ferie. Med nynorsk dikting, journalistikk og sakprosa fekk den romantiserte bonden eit eige skriftspråk, og kunne sjølv skrive om realitetatane.

Mellom 1885 og 1906 debuterte 18 forfattarar som skreiv forteljingar om kvardagen til folk. Dei kom frå Dønna, Røros, Sagene og alt imellom. Denne bygderealismen er nynorskforfattarane sine eigne originale bidrag til diktinga i Noreg rundt hundreårsskiftet. Medan ein større del av dei andre norske forfattarane var opptekne av nyromantikken, skildra mange av nynorskforfattarane bygda på nytt. Seinare tok desse forteljingane ei annan form. I etterkrigstida er skildringane distriktspolitiske, og frå 1980-åra kjem det eit større mangfald av skildringar. Dei nynorske diktarane sluttar aldri å skildre bygda og bygdebyen, eller bygdefolk som flyttar til byen. Denne tematikken går att i heile den nynorske diktinga.

Då Aasmund Olavsson Vinje publiserte Ferdaminne frå sumaren 1860 (1861), etablerte han den subjektive norske reiseskildringa. Han nytta reisa til å drøfte ulike emne i samtida og vekslar mellom prosa og poesi, sak og dikting. I ettertid er han også blitt lesen som essayist.

Frå 1960-åra er det fleire som skriv nynorske essay. Både filosofar, mellom dei Hans Skjervheim og Gunnar Skirbekk, og etter kvart også diktarar, til dømes Kjartan Fløgstad og Agnes Ravatn, har kome med eigne originale bidrag til norsk tenking og forståing. Det finst òg ein særleg nynorsk litterær dagboktradisjon, med tre litterære dagbøker som er publiserte offentleg. Ivar Aasen registrerer, Arne Garborg tenkjer, og Olav H. Hauge reflekterer. Til saman dekkjer dei språk, litteratur og tanke i eit tidsspenn frå 1830 til 1994.

Den første bestseljaren på nynorsk var Steinar Schjøtts Norigs soga (1879, med nye utgåver fram til 1920), som skiensmannen skreiv medan han var lærar i Halden. Det var den andre heilskaplege framstillinga av norsk historie som tok med tida etter 1814, og den første på nynorsk. Sidan er norsk historie – både i fortid og samtid – blitt fortald på nynorsk av historikarar, journalistar og andre skrivande.

Det nynorske forteljaridealet har vore å skrive presist og talemålsnært til eit allment nasjonalt publikum. Kunnskapen skal vere etterretteleg, men skriven på ein måte som gjer at dei omtalte forstår det. Dette har vore særleg synleg i journalistikken og historieframstillinga. Idealet står i kontrast til det språket som elles har vore nytta i vitskap og saksframstilling i Noreg.

Den første boka på Det Norske Samlaget var Søgnir fraa Hallingdal (1868). Folkediktinga blei raskt skriven inn i det nye nynorske skriftspråket. Det same forlaget publiserte frå 1936 til 1959 sju band i ein serie om norsk folkedikting og følgde seinare opp med eit eventyrbibliotek. Lokale forlag rundt om i landet har òg publisert tradisjonsstoff på nynorsk. Skriftspråket som var basert på talemåla, var med på å ta dei munnlege tradisjonane over i bokverda. Skrønene var ein viktig del av den munnlege litteraturen, og frå 1900 og framover kom det mange skrøner og humorbøker på nynorsk og dialekt.

Mangfaldig litteratur for barn

Det var for det meste nynorskforfattarar som førte barnelitteraturen i Noreg nærmare barna sjølve. Med Rasmus Lølands Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906) kom to av dei første barnebøkene i Noreg der lesaren ser livsverda og fantasien til barnet frå barnet sin eigen synsvinkel. Barnelitteraturen kjem i barnehøgd, i staden for å vere ein peikefinger frå pedagogisk utdanna kvinner eller teologisk utdanna menn.

Tradisjonen med barnelitteratur i barnehøgd lever vidare både i dei fantasifulle Dustefjerten-bøkene (1991–2003) av Rune Belsvik og dei meir realistiske bøkene om Lena og Trille av Maria Parr (Vaffelhjarte, 2005 og Keeperen og havet, 2017).

Det er gitt ut minst 90 teikneseriar på nynorsk. Nokre av dei som har fått mest gjennomslag, er Vangsgutane (1940–1983), Tuss og Troll (1944–1987, 1992–), Smørbukk (1938–) og Ingeniør Knut Berg på eventyr (1941–1960, 2007–). Av omsette teikneseriar er Hårek og Donald Duck & Co dei som har fått flest lesarar. Teikneserien Dunce av Jens K. Styve har vore fast dagleg innslag i Dagbladet sidan 2016 og er den første originalskrivne nynorske teikneserien som kjem på prent kvar dag i ei riksavis.

Blant dei rundt 200 teikneseriane er opp mot halvparten informasjonsteikneseriar, om alt frå tannstell til trafikkreglar. Denne sjangeren var særleg dominerande i 1950-åra, og igjen etter 1990. Sidan det i sum er færre tekstar på nynorsk, og det offentlege er pliktig til å informere på begge skriftspråka i mange samanhengar, er dette ein sjanger som er meir dominerande på nynorsk enn på bokmål.

Den første biletboka på nynorsk var Regler og rim for barn (1923) av Magnhild Haavardsholm og Karen Grude Koht. Seinare kom det ein sterk prosatradisjon med nynorske biletbøker. Med Guri Vesaas og Einar Økland som føregangsfolk satsa Det Norske Samlaget frå 1970-åra på samarbeid mellom skrivande og bildande kunstnarar.

Det har funnest nynorske vekeblad, men det har likevel vore lite nynorsk i vekeblada i Noreg. Lett og ledig populærlitteratur for vaksne i bladform, eller for den del i bokform, er lite tilgjengeleg på nynorsk.

Heile verda på nynorsk

Det er kanskje lett å setje diktinga på nynorsk i kontrast til eller i samspel med litteraturen på dansk og bokmål. Den nynorske litteraturen refererer til seg sjølv og til anna litteratur i Noreg – men like mykje til Europa og verda i samtid og fortid. Viktige tekstar frå verdslitteraturen er tilgjengelege på nynorsk, og har vore det lenge.

Eit utval kan vere Heimskringla (1872–1879) og 48 andre band med norrøne bokverk, Det gamle testamentet (1921), alle skodespela til William Shakespeare (1932–1933) klassiske bokverk frå gresk og romersk antikk (1921–1941), bokverk frå mellomalderen, bokverk frå renessansen, austerlandske bokverk, Koranen (1965) og nyare klassikarar som Ringdrotten (2006) og Frankenstein (2016). Skald forlag har frå 2016 ei eiga satsing på omsetjing av moderne europeiske klassikarar til nynorsk.

Barnelitteraturen på nynorsk blei styrkt av omsetjingar av barnebokklassikarar som Robinson Kruso, Heidi, David Copperfield, Ivanhoe, Jungelboka, Hytta hans farbror Tom og Med tigeren og bjørnen til Panama, Blåmann barnebokklubb (2001–2012) og Det Norske Samlaget har følgt opp denne tradisjonen også på 2000-talet.

Olav Duun lét seg inspirere av dei store russiske forteljarane. Aslaug Vaa reiste i mellomkrigstida til Frankrike og Tyskland for å finne inspirasjon til dikta sine. Åse Marie Nesse hadde gjendikta Wolfgang Hildesheimer, Carlos Fuentes og Nelly Sachs før ho i 1970 debuterte med ei diktsamling i dialog med Iliaden.

Eit viktig grunnarbeid var den første omsetjinga av Det nye testamentet (1889). Dansk var godt etablert som kyrkjespråk, og nynorske bibelomsetjingar, salmar og preiker var omstridde i byrjinga. Arbeidet med slike tekstar blei prioritert høgt av Det Norske Samlaget. Tanken var at dersom dei nynorske tekstane fekk plass i det religiøse rommet, ville det nye skriftspråket kome i bruk i både heimar og i det offentlege rommet.

Men verda er ikkje berre skrift og kultur, ho er også natur. Syn og Segn (1894–) har vore eit svært viktig tidsskrift for nynorsk vitskapsformidling og sakprosa, og tidsskriftet har vore med på å utvide grensene for kva det er mogleg å skrive om på nynorsk. Dei naturvitskaplege artiklane var særleg viktige, fordi nynorsk stod svakare innanfor desse vitskapane enn andre, og fordi naturvitskapane blei prioriterte tidleg på 1900-talet, sidan ein meinte at dei kom til å bli viktige i framtida. Artiklane om naturvitskap oppfyller dei same krava til god nynorsk språkføring som andre artiklar i tidsskriftet. Språket er verbalt, med korte, enkle setningar og lite bruk av passiv.

Knut Liestøl var den første som skreiv ei avhandling på nynorsk (1915), etter å ha arbeidd som dosent i landsmål i sju år. At den første avhandlinga var i folkloristikk, med Norske trollviser og norrøne sogor, er kanskje ikkje så overraskande. Kulturhistorie, nordisk språk og nordisk litteratur er dei humanistiske faga der nynorsk og bokmål har vore jamstilte som vitskaplege språk. Det har ikkje vore tilfellet for dei fleste andre fagområde.

Med profesjonaliseringa av landbruksvitskapane, og etablering av høgskule- og universitetsstudium i agronomi, fekk nynorsk ei sterkare stilling innanfor naturvitskapane. Fagmiljøet på det som no er universitetet på Ås, har vore viktig for at det er blitt skrive nynorske avhandlingar, artiklar og meir populærvitskaplege tekstar om natur. Floraen til Johannes Lid frå 1944 har gjort nynorsk namneskikk dominerande i botanikken. Sigurd Einbu prøvde seg på det same i astronomien i 1911, men fekk ikkje gjennomslag.

Engasjementet for folkekultur i nynorsk sakprosa blei frå 1970-åra av supplert med bøker om massekultur. Den visuelle massekulturen, mellom anna pornografi, brukskunst og reklame, skulle òg dokumenterast og forteljast.

Læraren, læreboka og nynorsk lesekunne

Lærarane var nøkkelpersonar då nynorsk gjekk frå å vere ein idé til å bli eit skriftspråk for mange. Mange lærarar blei på slutten av 1800-talet overtydde nynorskbrukarar. Dei hadde trua på at unge nordmenn skulle lære å skrive norsk, og ikkje dansk. Folkehøgskulane og lærarseminara var avgjerande for å kveikje lysta til å spreie nynorsk språk i heile landet. Men det var på grendeskulane det nynorske språket blei spreidd til flest.

Med nynorsk i skulen kom dei nynorske lesebøkene. Mange av dei første var omsette, men dei fleste av dei blei redigerte av nynorskfolk og tilpassa språket og elevane på bygdene. Det kom òg ganske raskt lærebøker som opphavleg var skrivne på nynorsk. Andreas Austlid var den første som gav ut ei ABC-bok (1880), ei originalskriven lesebok (1889) og eit trebands leseverk (1902–1906) på nynorsk. Austlid kom, som mange nynorskfolk, frå folkehøgskuletradisjonen. Tradisjonell pugging blei erstatta av forteljingspedagogikken. Gjennom gode forteljingar skulle elevane sjølve bli i stand til å lære både fag og moral.

Samanhengen mellom tale og skrift er tydelegare i nynorskbøkene enn dei hadde vore i tidlegare skulebøker. I tillegg tok dei folkeleg munnleg forteljestoff med i bøkene. Den munnlege tradisjonen blei skriftleggjord, og teken inn i pedagogikken. Etter andre verdskrigen har nynorskforfattarane modernisert bygda slik ho ser ut i lesebøkene. I Thorbjørn Egners lesebøker, som Halldis Moren Vesaas omsette og tilpassa til nynorsk, var det traktor og folk i lønsarbeid på bygda. I bøkene på bokmål møtte elevane ei landsbygd med sjølvbergingshushald og hest som arbeidsverktøy til langt ut i 1980-åra.

Den nynorske læreboka er stort sett omsett, og som regel frå bokmål. Få bøker er originalskrivne på nynorsk, og etter at læreplanane blei felles for bygd og by i 1959, er ingen bøker skrivne særskilt for nynorskelevar.

Omsette lærebøker er ikkje noko spesielt for nynorskelevane, om ein ser ut i verda. Dei fleste vestfrisiske lærebøker er omsette frå nederlandsk. På Island og Færøyane er lærebokverk i fag som matematikk, engelsk og naturfag oftare omsette frå dansk eller bokmål enn nyskrivne på det offisielle språket i landet. Norske lærebøker i matematikk har òg vore omsette til finsk for bruk i Finland, og russiske lærebøker er ofte omsette til ei rekkje språk i land som ikkje følgjer ein russisk læreplan.

Dei nynorske lærebøkene har stort sett ikkje kome frå pedagogiske miljø som skriv nynorsk, men er produserte på grunnlag av kravet om at alle lærebøker i grunnskulen skal liggje føre på begge dei norske skriftspråka. Det er ikkje utvikla eit eige lærebokmiljø på nynorsk, og heller ikkje i skulebokavdelinga til Det Norske Samlaget var det ei prioritert oppgåve.

Historia om den nynorske læreboka er også historia om lovnader som blei brotne, og bøker som ikkje kom. Sjølv om det er eit krav at nynorske læremiddel skal liggje føre til same tid og til same pris som på bokmål, har dette kravet sjeldan blitt følgt opp.

Ordbøker, fagbøker og andre rettleiingar

Utan ordbøker og grammatikk, ikkje noko skriftspråk. Det var med desse bøkene det nynorske skriftlivet byrja, og det er ordlistene som er dei mest selde nynorskbøkene over tid. Det Norske Samlaget har sidan 1938 gitt ut offisielle nynorskordlister. Norsk Ordbok (1939–2016), som dekkjer det nynorske skriftspråket og dei norske dialektane, er den første vitskaplege ordboka som dokumenterer heile det norske språket. Det er òg gitt ut ordlister for enkeltfag og profesjonar, til dømes medisin, landbruk, juss og administrasjon.

Praktisk bruksprosa er det lite av på nynorsk, men det har kome nokre handbøker, og nokre av dei har selt godt. Norsk flora (1944–) av Johannes Lid er framleis standardverket for skandinavisk og finsk botanikk. Johanne Nylænds bok om norske plantefargar (1904–1976) og Olav Skards bok om frukthagen er det òg selt mykje av.

Vidareføring av tradisjonen har vore ein viktig del av norskdomsrørsla. Frå 1917 er det blitt delt tekstar og oppskrifter for å ta opp att og føre vidare norsk folkedanstradisjon. Det som tidlegare var handbøker, skrivne for ungdomslagsrørsla, til dømes Atten norske folkedansar (Klara Semb, 1917), er frå 2016 av fleirmediale tekstar med tekst, video, tale og musikk i Folkepedia.no.   

Heimebrygging, tradisjonsmat og strikking er andre emne som i nynorsk litteraturhistorie både har vore emne for tradisjonsskildringar (før 1940), hobbybøker (frå 1970) og seinare bloggar (frå 2000). Nynorsk er ikkje eit mykje nytta bloggspråk, men dersom det handlar om handverk, mat, praktisk miljøvernarbeid heime eller litteratur, er nynorsk meir representert enn elles. Den nynorske brukshandboka har likevel aldri slått igjennom, anten ho har vore trykt eller er publisert på ein nettstad.

Ivar Aasen gav ut eit lite skrift, Heimsyn (1875), som gav eit kort oversyn over viktige kunnskapsområde. I 1918 tok Norsk Bladmannalag initiativ til å etablere eit nynorsk leksikon og fekk med seg Fonna forlag. På 18 år (1948–1966) kom ti band av Norsk Allkunnebok. Det var det første norske oppslagsverket med daterte blad og signerte artiklar. Moderne kjeldekritikk kom inn i leksikonet med det nynorske oppslagsverket. I 2004 blei Wikipedia Nynorsk etablert, og i 2009 opna Allkunne.no – det siste også med signerte artiklar.

I 1894 blei den første lovteksten på nynorsk vedteken, det var lova om felles normaltid i heile landet. Den moderne tidsrekninga kom med det nye skriftspråket. Rettsstellet var blant dei institusjonane som var mest prega av dansk språkføring. Dei nynorske lovene har vore med på å skape eit juridisk språk som ligg nærmare folkemålet. I 2018 var 14 prosent av lovene på nynorsk. Berre Grunnlova (sidan 2014) er vedteken og jamstilt på begge dei norske skriftspråka. Alle andre lover er anten på nynorsk eller bokmål. Nokre av dei sentrale lovene på nynorsk er veglova, arvelova, odelslova, barnelova, tomtefestelova, burettslagslova og mållova.

Det offentlege er pålagt å bruke skilt på nynorsk i nynorskområde. Næringslivet gjer som dei vil, men mange stader syner handverkarar, handelsfolk og tenestetilbydarar i annonsar og oppslag at dei bruker nynorsk i forretningsdrifta. Likevel står nynorsk svakare i kommersielle samanhengar enn ved offentlege og kulturelle høve.

Allereie då Televerket opna den første nettstaden i Noreg, MultiTorg, i 1993, blei ein nynorsk tekst gjord tilgjengeleg på internett. I 1996 hadde Dag og Tid, Gjesdalbuen, Hordaland, Jærbladet og Os og Fusaposten etablert dei første nynorske nettavisene. Sidan 2008 har det sosiale mediet Facebook vore tilgjengeleg på nynorsk. Dei største nynorske tekstprodusentane på internett er offentleg sektor, lokalavisene, Nrk.no og Nynorsk kultursentrum. Men det er langt mindre nynorsk innhald på internett enn det nynorskdelen i skulen og blant registrerte skattebetalarar skulle tilseie.

Lyden av skrift

Det nynorske skriftspråket tek ikkje utgangspunkt i éin dialekt, men i fellestrekk for alle dei norske dialektane. Skriftspråket og målrørsla har likevel bana veg for at fleire har kunna snakke dialekten sin offentleg. Songen, teaterstykket, talen og opplesinga av nyhende er alle viktige sjangrar der folk har høyrt lyden av nynorsk.

Frå Ivar Aasen publiserte Fem Viser i søndre Søndmørs Almuesprog (1843) er det blitt skrive mange songar på nynorsk. Først kom visene, og deretter tok Elias Blix plass i kyrkjerommet med både nyskrivne og gjendikta salmar. Gjennom skulebøkene kom det òg tidleg ein nynorsk barnesongtradisjon på plass.

Eit viktig bidrag i norsk litteraturhistorie er at nynorskdiktarane, frå Elias Blix, Aasmund Olavsson Vinje og Ivar Aasen på 1800-talet til Edvard Hoem, Ingebjørg Brattland og Kjartan Fløgstad på 2000-talet, har ført song- og skriftlyrikken i hop. Ord, rytme og rimmønster er enklare og meir attkjennelege for folk flest enn den lyrikken på dansk som dominerte før nynorsken kom på bana.

Den nynorske songtradisjonen står sterkt i heile landet. I 1995 kom «Nordmannen» (Ivar Aasen, 1863) på andreplass etter dialekt-visa «Du ska få en dag i mårå» (Alf Prøysen, 1966) då lyttarane til Nitimen i NRK P1 kåra Noregs nasjonalvise. På 17. mai blir nynorske songar sungne i heile landet. Eit døme som er tilfeldig, men typisk, er bokmålskommunen Rakkestad i Østfold, 26 mil frå nærmaste nynorskkommune. Der står den danske songen «Ja, vi elsker» (Bjørnstjerne Bjørnsson, 1859) åleine i lag med «No livnar det i lundar» (Elias Blix, 1875), «Gud signe vårt dyre fedreland» (Elias Blix, 1891) og «Fagert er landet» (Anders Hovden, 1907) i det årlege 17. mai-programmet.

Med visebølgja i 1960- og 70-åra, dialektrocken i 1980- og 90-åra og rappen- og visepopen på 2000-talet har norsk folkemål teke stadig meir plass på den nasjonale musikkscena. Songbøker til folkehøgskular, ungdomslag og kristne foreiningar har vore med på å spreie den nynorske songen.

Det er ikkje uvanleg at folkespråket står sterkare i song og dikt enn elles. Det som er særmerkt med Noreg, er at nynorsk har fått ein sjølvsagd plass i radio, på fjernsyn og i teateret trass i konkurransen med eit anna riksspråk. Dette har ikkje skjedd utan motstand, men motstanden er gradvis blitt mindre.

Ivar Aasen skreiv syngjespelet Ervingen i 1855, Hallvard Haande skreiv komedien Ei Hugvending i 1873, og i 1901 gav Ivar Mortensson-Egnund ut det historiske spelet Varg i Veum. I 1911 la Det Norske Spellaget, med Hulda Garborg i spissen, ut på turné med desse tre teaterstykka. Dei spela på norsk mål, møtte applaus nokre stader og pipekonsertar andre stader.

Allereie før Det Norske Teatret blei skipa, hadde eit turneteater halde over 200 framsyningar på nynorsk. Dei synte at det var skodespelarar som kunne spele på nynorsk, at det var stykke i fleire sjangrar som kunne bli framførte, og ikkje minst at det var eit publikum for nynorsk teater. Dette publikummet finst framleis. Frå 1980-åra har Det Norske Teatret vore den leiande musikalscena i Noreg, og på 2000-talet er dette teateret det det mest besøkte teateret i landet. Teatera Hordaland Teater og Sogn og Fjordane Teater har òg nynorsk som spelspråk. Dramatikken til Jon Fosse har ført nynorsk scenespråk, og omsett nynorsk dikting, ut i heile verda.

Heilt frå stumfilmane baserte på forteljingane til Kristofer Janson er nynorske tekstar blitt til film. Nynorsk normaltale har likevel vore lite i bruk i norsk filmproduksjon. Teaterstykke var lenge ein vanleg sjanger å debutere skjønnlitterært i på nynorsk, og det var teatergruppene i ungdomslaga som spela desse stykka. Dei nynorske teaterstykka førte til at mange vaksne fekk lese nynorsk høgt. Teateret var i byrjinga den delen av litteraturen som førte nynorsk inn i flest munnar, og ut til flest vaksne.

Dei frilynde ungdomslaga oppmoda folk i heile landet til å skrive. Lenge hadde dei handskrivne medlemsblad som blei lesne opp på møta. For mange nynorskskribentar var dette dei første tekstane dei skreiv offentleg. Nynorskmiljøet skapte med andre ord eigne institusjonar som fremja skriving og lesing på nynorsk. Frå dette miljøet kom det òg mange skodespel, mest komediar. I underkant av 150 personar har debutert som diktarar på nynorsk eller dialekt i bokform med skodespel mellom 1851 og 2017. Heile 106 av dei debuterte mellom 1900 til 1940.

Allereie i den første sendinga til Kringkastingsselskapet AS 29. april 1925 blir det talt nynorsk, og nynorsk blei nytta i NRK frå radioen blei etablert i 1933. Då NRK opna dei offisielle fjernsynssendingane i 1960, var dei første talte orda i sendinga på nynorsk, og då TV2 blei lansert i 1992, var det første debattprogrammet, Holmgang, leidd på nynorsk. NRK har krav om 25 prosent nynorsk innhald i både tekst og tale. TV2 har frå 2018 hatt krav om nynorsk innhald i tekst og tale. Det har dei ikkje hatt tidlegare.

Noreg skil seg frå mange andre språksamfunn ved at det er vanleg å tale dialekt offentleg, og i alle moglege samanhengar. Framvoksteren av denne toleransen har gjort at nynorsk normaltale i liten grad har slått igjennom. Det blir snakka og lese nynorsk i radio, fjernsyn og høgtlesingar, men lite elles. Sjangrar som i den tidlege nynorske historia ofte blei lesne med nynorsk normaltale, blir ikkje lenger det. Det gjeld mellom anna talar og preiker.

Heilt frå 1912 har fleire stortingsrepresentantar blitt refererte på nynorsk. Både preiker, politiske talar og innlegg i kommunestyre, fylkesting og storting er blitt lesne frå nynorsk. Medan trontalen har vore framført på svensk, fransk, dansk og bokmål av kongen eller kronprinsregenten, blir den årlege meldinga om rikets tilstand lesen på nynorsk, vanlegvis av den yngste statsråden. Begge blir lesne under opninga av Stortinget kvart år og er med på å gjere synleg at Noreg og norsk forvaltning har vore og er fleirspråkleg.

Dokumenterer seg sjølv

Fonna forlag gav ut Norsk Allkunnebok (1948–1964), og Nynorsk kultursentrum driv Allkunne.no (2009–). Dei to leksikonverka har begge arbeidd med å syne heile verda og alle vitskapar på nynorsk og med nynorsk ordtilfang, og å dokumentere viktige institusjonar, personar og hendingar sett med eit nynorsk blikk.

Eit fullverdig leksikonverk har likevel aldri kome på nynorsk. For at Norsk Allkunnebok skulle bli fullført, var det svært få oppslagsord på dei siste bokstavane i alfabetet, og ei omfattande kommunereform i 1960-åra gjorde òg at prestisjeprosjektet med artiklar om alle by- og heradskommunar heller ikkje blei fullstendig. Allkunne.no manglar òg mange emne – og mange av artiklane er omsette frå tidlegare publiserte leksikon på bokmål i staden for å bli skrivne på ny av nynorskbrukande fagfolk. Manglande finansiering av begge prosjekta har halde igjen for ambisjonane.

Det nynorske blikket er annleis enn det danske var, og det bokmålske er. Dei to oppslagsverka har, saman med institusjons- og personbiografiar gitt ut på ulike forlag, dokumentert folk og organisasjonar som elles ikkje hadde fått så brei omtale. Det er andre personar som er viktige sedde frå ein nynorsk ståstad, enn dei som elles har fått merksemd i Noreg.

Dei nynorske oppslagsverka, forlaga og avisene har gjort at fleire kultur- og samfunnsbyggjarar, med meir varierte bakgrunnar, både geografisk, kulturelt, sosialt og økonomisk, er blitt skrivne inn i det nasjonale minnet. I sakprosaen er nynorsk meir i bruk for å skildre og drøfte språk, litteratur, historie, landbruksvitskap, folkekunst og folkeminne enn andre emne. Utan det nynorske blikket hadde fleire blitt gløymde, og fleire område av landet hadde vore blinde flekkar i den norske idé- og kulturhistoria.

Den nynorske litteraturen

Den nynorske litteraturen femner tydeleg breitt. Dei som bur i kommunar med nynorskvedtak, møter nynorsk informasjon frå offentlege styresmakter, og i dei same områda møter mange nynorsk i lokalpressa og i kyrkja. Nynorsk finst òg i vitskapleg litteratur, humorbøker, teikneseriar, barnebøker, sakprosa, næringslivet, foreiningslivet, offentleg forvaltning på alle nivå, og i ei riksavis, på teater og på internett, men då må ein ofte aktivt oppsøkje nynorsk innhald.

Den nynorske skjønnlitteraturen blei etablert i kortformer: viser, dikt, forteljingar, einaktarar og teikneseriar. 170 år etter er også den nynorske romanen og historieframstillinga etablert. Likevel står framleis det nynorske støast i små format. Dei store utgivingane om Noreg og norsk kultur er stort sett skrivne på bokmål.

Nynorskbrukarane har i over 150 år ført tale og skrift nærmare kvarandre i mange sjangrar og på mange område. Dei har fått fleire stader der dei kan bruke skriftspråket sitt, og dei har teke språket i bruk desse stadene trass i motstanden. Det er gitt ut skjønnlitterære tekstar i og frå alle fylka, det har vore nynorskjournalistar i alle distriktskontora i NRK i kortare eller lengre periodar, det har vore gitt ut aviser og blad med nynorsk som formelt redaksjonsspråk frå Kristiansand i sør til Vadsø i nord og i nynorske skulekrinsar frå Søgne i sør til Kvænangen i nord.

Med innkjøpsordningane for litteratur (1965–) har staten hatt innverknad på kva forlaga har gitt ut av bøker. Sidan dikting av ein viss kvalitet nesten alltid blir kjøpt inn, er risikoen ved å gi ut ei nynorsk skjønnlitterær bok liten. Viljen til å gi ut sak- og bruksprosa for barn og vaksne, lærebøker for høgare utdaning, populærlitteratur og omsett skjønnlitteratur er mindre, sidan det er større risiko for at slike bøker ikkje blir innkjøpte. Innkjøpsordningane har ført til at det blir gitt ut meir litteratur, og det har styrkt den nynorske diktinga. Likevel er det eit paradoks at ordningane har medverka til at dei fleste nynorske bøkene kjem ut i dei sjangrane der det er færrast lesarar.

Det fanst i 2018 læreverk på nynorsk i dei nasjonale danningsfaga innanfor høgare utdanning: filosofihistorie, kunsthistorie, nordisk språk og litteratur, historie og juss, og i profesjonsfag som journalistikk, lærarutdanning, sosialfag og sjukepleie. Likevel manglar læreverk for andre profesjonsutdanningar, til dømes innanfor politi, rekneskap og økonomi, medisin og psykologi.

Det er gitt ut ei eiga nynorsk kulturhistorie (2006), ei pressehistorie (2010) og ei skjønnlitteraturhistorie (2018). I 2018 er det 113 kommunar som får brev frå staten på nynorsk, og det er over 76 000 nynorskelevar i grunnskulen. Nynorsk er i 2018 eitt av 17 språk i Europa med eit fritt tilgjengeleg allment og oppdatert oppslagsverk på internett. Den nynorske litteraturen står sterkt samanlikna med litteratur på dei fleste skriftspråk i verda, fordi han blir brukt mange stader, i mange sjangrar og av mange folk. Bruken av språket er ikkje avgrensa til enkeltsjangrar, fagområde eller institusjonar. Likevel er nynorsk mindre til stades på nokre område enn andre.

Kjelder

Samtale med Cecilie Seiness 28.5.2018

Samtale med Ottar Grepstad 14.5.2018 og 6.6.2018

Samtale med Susanne G. Lange 28.8.2018

Samtale med Gro-Tove Sandsmark 11.9.2018

Samtale med Kirsti Lunde 11.9.2018

17. mai-program for Rakkestad kommune 2015, 2016, 2017 og 2018

Øystein Hide: «Tabu i den nynorske dagboktradisjonen», foredrag i Ørsta 29.6.2017

 

Jarle Bondevik: Og ordet vart nynorsk. Soga åt den nynorske Bibelen. Bergen 2003

Bjarte Birkeland og Bjørn Kvalsvik Nicolaysen: Folkemål og danning. Nynorske lærebøker 1867–1915. Oslo 1986

Tone Birkeland, Gunvor Risa og Karin Beate Vold: Norsk barnelitteraturhistorie, 3. utgåve. Oslo 2017

Naja Bentzen: Europe’s online encyclopadias. Equal access to knowledge of general interest? Brussel 2018

Johs. A. Dale: Nynorsk dramatikk i hundre år. Oslo 1964

Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913–2013. Oslo 2013

Jon Olav Gatland: Ein driftig djevel i Bergen. Historia om Mons Litleré. Oslo 2018

Ottar Grepstad: «Så mange år, så mange ord» i [Audun Heskestad]: Jubileumskalender 1993. Det Norske Samlaget 1868–1993. Oslo 1993

Ottar Grepstad: Det litterære skattkammer. Sakprosaens teori og retorikk. Oslo 1997

Ottar Grepstad ofl.: Nynorsk innhald på internett. Ørsta 2004

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Oslo 2006

Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010

Ottar Grepstad: Språkfakta 2015. Oslo 2015

Ottar Grepstad: Skjønnlitterære debutantar på nynorsk og dialekt, 2. utgåve. Ørsta 2018

Ottar Grepstad: «Slik blei nynorsk blant dei hundre mest vitale språka i verda», foredrag på fagdag for NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter i Ørsta 23.4.2018

Oddmund Løkensgard Hoel: Mål og modernisering 1868–1940. Oslo 2011

Jens Johan Hyvik: Språk og nasjon 1739–1896. Oslo 2010

Gudrun Kløve Juuhl: Demokratisk prøverom – analyse av eit ordskifte for born og ungdom gjennom 30 år, masteroppgåve i nordisk litteratur. Oslo 2006

Turid Kleiva, Bjørn Karsrud, Aud Søyland og Inger Helene Arnestad (red.): Nynorsk av hjartans lyst. Oslo 1985

Vidar Lynghamar: Nynorsk sakprosa 1900–1999. Nynorsk skriftkultur sett gjennom den nynorske sakprosaen, masteroppgåve i nordisk litteratur. Oslo 2002

Mål og makt nr. 3/1988, «Nynorsk på scenen»

Mål og makt nr. 4/1988, «Teater og dialekt»

Janne Nygård: Eit forsøk på utvide språket. Dei naturvitskaplege artiklane i Syn og Segn i utbyggingsfasen fram til 1940, masteroppgåve i nynorsk skriftkultur. Volda 2014

Idar Stegane: Det nynorske skriftlivet. Nynorsk heimstaddikting og den litterære tradisjonen. Oslo 1987

Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø (red.): Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år. 1955–2005. Oslo 2005

Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Oslo 2018

Harald L. Tveterås: Olaf Norlis Forlag 1890–1990. Oslo 1990

Terje Aarset: Den nynorske songskatten. Bergen 2009

 

Jarle Bondevik: «Bibelomsetjing», Allkunne.no, sist oppdatert 12.10.2018: https://www.allkunne.no/framside/sprak/omgrep/bibelomsetjing/67/1604/ [lesedato 14.10.2018]

Knut Davidsen: «Lover og forskrifter på nynorsk», Lovdata.no, sist oppdatert 12.11.2015: https://lovdata.no/artikkel/lover_og_forskrifter_pa_nynorsk/1631 [lesedato 4.8.2018]

[Ottar Grepstad]: «Dagen i dag», Allkunne.no: https://www.allkunne.no/framside/sprak/dagen-i-dag/8/0/ [lesedato 14.10.2018]

Ottar Grepstad: «Eit språk blir til», Allkunne.no, sist oppdatert 21.10.2011: https://www.allkunne.no/framside/sprak/eit-sprak-blir-til/34/0/ [lesedato 14.10.2018]

Nasjonalbiblioteket: «All verdens kunnskap. Leksikon fra perm til skjerm», nettutstilling, Nb.no: https://www.nb.no/utstillinger/leksikon/ [lesedato 4.5.2018]

Nettsida til Rennebu Historielag, ved Ingrid Lånke, Rennebuhistorielag.no: http://rennebuhistorielag.no/ [lesedato 28.8.2018]

 

Peikarar

Den første nynorske teksten på internett, Wiumlie.no, publisert 13.3.1993 

Først publisert: 31.10.2018
Sist oppdatert: 31.10.2018