Temaside: Den nynorske skjønnlitteraturen 1850–2015
Over 1400 har debutert med skjønnlitteratur i bokform på nynorsk og dialekt etter at Ivar Aasen fann att det nynorske skriftspråket. Her er historia om den nynorske diktinga.
I mai 2018 gav Jan Inge Sørbø og Det Norske Samlaget ut den første nynorske litteraturhistoria i bokform. Frå 23. august same år blei forteljinga om den nynorske skjønnlitteraturen 1850–2015 fritt tilgjengeleg for alle på Allkunne.no.
Publiseringa er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum, som driv det digitale oppslagsverket Allkunne.no, Det Norske Samlaget og forfattaren Jan Inge Sørbø.
Den digitale utgåva består av åtte illustrerte periodeartiklar, eit samandrag og tilhøyrande kvissar. I tillegg kjem om lag 900 oppdaterte artiklar om diktarar som har publisert på nynorsk eller dialekt. Prosjektet har blitt mogleg gjennom gåver frå Fritt Ord, Kulturdepartementet og Sparebanken Vest.
Forfattarane som er presenterte på Allkunne.no er frå alle fylka, og dei syner at den nynorske litteraturen har røyster frå heile landet. Dei har skrive essay, dikt, drama, biletbøker, viser, romanar, noveller og forteljingar. No blir dei presenterte på nett, og tilgjengelege for nye generasjonar.
Sjå òg artikkelen «Den nynorske litteraturen 1848–2018», som handlar om den nynorske litteraturen generelt.













Sist oppdatert: 23.12.2020