Hopp til innhold

Den nynorske skjønnlitteraturen 1850–2015

Sidan Bernhardine Catharine Brun gav ut den første diktsamlinga på nynorsk i 1857, har over 1400 debutert med skjønnlitteratur i bokform på nynorsk og dialekt. Med nynorskforfattarane tok realistiske bygdeskildringar, barneblikket og ironien plass i nordisk litteraturhistorie. 

Les fordjupingsartiklar om kvar periode:

I byrjinga var språket

I 1848 publiserte Ivar Aasen Det norske Folkesprogs Grammatik, og i tiåra etter vart det etablert institusjonar som la grunnlaget for den nynorske skriftkulturen. Ganske raskt vart det etablert aviser og blad (Dølen 1858, Fraa By og Bygd 1870, Fedraheimen 1877) og interesseorganisasjonar (Vestmannalaget 1868, Det Norske Samlaget 1868) som fremja bruk av nynorsk i Noreg. I tillegg vart nynorske tekstar frå byrjinga av også prenta i blad, aviser og av forlag som elles publiserte på dansk, og seinare dansknorsk og bokmål.

Allereie før nynorsk vart jamstilt med dansk i 1885, hadde 30 forfattarar debutert med skjønnlitteratur i bokform på nynorsk. Denne tidlege diktinga var like mangfaldig som skjønnlitteraturen elles i Europa: dikt, viser, salmar, skodespel og forteljingar.

Nynorske aviser, truleg stilt ut i teatersalen til Bondeungdomslaget i Oslo i ca. 1930. Den første tida var avisene eit vanleg medium å debutere med skjønnlitterære tekstar i. Foto: Ukjend. Frå Norsk Allkunnebok-arkivet. Nytta etter avtale mellom Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbiblioteket.

Nynorske aviser, truleg stilt ut i teatersalen til Bondeungdomslaget i Oslo i ca. 1930. Den første tida var avisene eit vanleg medium å debutere med skjønnlitterære tekstar i. Foto: Ukjend. Frå Norsk Allkunnebok-arkivet. Nytta etter avtale mellom Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbiblioteket.

Definisjonar

Ordet nynorsk vert i desse artiklane om den nynorske skjønnlitteraturen nytta om skriftspråket som er basert på dei norske talemåla, og som Ivar Aasen fann. Nynorsk har sidan 1929 vore den offisielle nemninga på språket.

Presentasjonen av den nynorske skjønnlitteraturen er stort sett avgrensa til skjønnlitterær prosa, lyrikk og essayistikk for barn og vaksne i bokform, men ved nokre høve vert også skodespel og songlyrikk nemnde.

Eit sentralt omgrep for å forstå nynorsk kulturhistorie, og mykje av den nynorske diktinga, er norskdomsrørsla. Dette er ei fellesnemning for målrørsla og den frilynde ungdomsrørsla. Den frilynde ungdomsrørsla målber ideane etter Grundtvig: «menneske først, kristen så». Dei skapte fellesskap gjennom aktivitetar som dans, skodespel og lesesirklar. Fellesmålet for norskdomsrørsla var åndeleg, nasjonal og politisk kulturreising i Noreg. Rørsla bidrog til dette gjennom å skape miljø for lesing, skriving og samtale om norsk historie, samtid og framtid.

Mange tok språket i bruk

«Brudeferden i Hardanger» (1926) var den første heilaftans spelefilmen. Filmen var basert på forteljinga «Marit Skjølte» av den første store nynorske prosaforteljaren Kristofer Janson. Stumfilmen var teksta på dansk. «Fuglane» (1957) av Tarjei Vesaas blei polsk spelefilm i 1968, og blant anna sett opp på fleire kinoar i Frankrike. I 2011 vart romanen «Få meg på for faen» (2005) sett opp av Jannicke Systad Jacobsen. Alle plakatar nytta etter avtale med Norsk Filminstitutt.

«Brudeferden i Hardanger» (1926) var den første heilaftans spelefilmen. Filmen var basert på forteljinga «Marit Skjølte» av den første store nynorske prosaforteljaren Kristofer Janson. Stumfilmen var teksta på dansk. «Fuglane» (1957) av Tarjei Vesaas blei polsk spelefilm i 1968, og blant anna sett opp på fleire kinoar i Frankrike. I 2011 vart romanen «Få meg på for faen» (2005) sett opp av Jannicke Systad Jacobsen. Alle plakatar nytta etter avtale med Norsk Filminstitutt.

Frå 1843 til 2017 hadde over 1400 debutert med dikting i bokform på nynorsk og dialekt. Då er ikkje omsetjingar og gjendiktingar talde med.  Debutantane er frå alle landets fylke, og bøkene er gitt ut på forlag i alle fylka. Alle sjangrar er representerte, og dei fleste nasjonale og internasjonale idéstrøymingar har kome til syne i denne diktinga.

Lyrikk heilt frå Ivar Aasen (debut 1843) til Guri Sørumgård Botheim (debut 2009) er sette tone til og nytta på scene, radio og heime. Forteljingar frå Kristofer Janson (debut  1866) via Tarjei Vesaas (debut 1923) til Martine Grande (debut 2013) er filmatiserte som stumfilm, spelefilm eller animasjon.

Fleire av dei nynorske diktarane har vorte nominerte til og vunne norske, nordiske, europeiske og internasjonale litteraturprisar og stipend. Kristofer Janson var den første nynorske diktaren som fekk diktarløn 1876–1882. Arne Garborg fekk allereie på 1890-talet stipend frå miljøet Freie Bühne i Berlin, og Lars Petter Sveen og Nils Henrik Smith er plukka ut som utvalde unge røyster å løfte fram til Noreg er hovudland på bokmessa i Frankfurt i 2019.

På nominasjonslistene til Nobels litteraturpris 1901–1967 står både Arne Garborg, Olav Duun, Hans Henrik Holm og Tarjei Vesaas. Sistnemnde var første nordmann som fekk Nordisk råds litteraturpris. Ein annan vinnar av same prisen, Jon Fosse, var første diktaren som flytta inn i statens kunstnarbustad Grotten. Dei nynorske diktarane er omsette til mange språk. Barnebøkene til Maria Parr, dikta til Odveig Klyve, romanane til Tarjei Vesaas og skodespela til Jon Fosse er berre nokre døme på dikting på nynorsk som er omsett til  minst 20 språk eller fleire.

Blikk mot verda

Studentmållaget i Oslo gav, saman med Samlaget, ut «Klassiske bokverk» frå 1921. Forlaget Skald har frå 2016 ein eigen klassikarbokklubb. Her er framsidene på dei første bøkene i kvar serie. Framsidene er publisert etter avtale med forlaga.

Studentmållaget i Oslo gav, saman med Samlaget, ut «Klassiske bokverk» frå 1921. Forlaget Skald har frå 2016 ein eigen klassikarbokklubb. Her er framsidene på dei første bøkene i kvar serie. Framsidene er publisert etter avtale med forlaga.

Det er kanskje lett å forstå diktinga på nynorsk i kontrast til eller i samspel med litteraturen på dansk og bokmål. Den nynorske litteraturen refererer til seg sjølv og til annan litteratur i Noreg – men like mykje til Europa og verda i samtid og fortid. Allereie pionerane Ivar Aasen (Prøver af Landsmaalet 1853) og Aasta Hansteen (Skrift og Umskrift i Landsmaalet 1862) publiserte omsetjingar og gjendiktingar frå tysk, engelsk og dansk saman med eigne tekstar.

Forlaget Det Norske Samlaget (1868–) fekk tidleg statsstøtte for å omsetje Bibelen og klassiske tekstar til nynorsk. Frå 1897 til 1934 er over 20 sentrale nynorske diktarar, omsetjararar og organisasjonsfolk busette i korte eller lengre periodar i Asker. Dette miljøet, som mellom anna bestod av Marta Steinsvik, Hulda Garborg og Henrik Rytter, omsette historisk og samtidig litteratur frå engelsk, fransk og tysk til norsk.

Olav Duun lét seg inspirere av dei store russiske forteljarane. Aslaug Vaa reiste i  mellomkrigstida til Frankrike og Tyskland for å finne inspirasjon til dikta sine. Åse-Marie Nesse hadde gjendikta Wolfgang Hildesheimer, Carlos Fuentes og Nelly Sachs før ho i 1967 debuterte med ei diktsamling i dialog med Iliaden. Halldis Moren Vesaas omsette dramatikk og barnebøker frå fransk, tysk og engelsk til nynorsk i fleire tiår. Med Olav H. Hauge og Paal-Helge Haugen kom det frå 1960-talet inspirasjon frå japansk og kinesisk lyrikk inn i nynorsk bokheim, og Kjartan Fløgstad henta den magiske realismen frå Latin-Amerika i tiåra etter. Same staden som Åse-Marie Nesse fann seg heime i den prosaiske lyrikken.

Nynorske diktarar har gjort internasjonal litteratur tilgjengeleg på nynorsk og teke inspirasjon og idear inn i nynorsk litteratur. Den nynorske litteraturen har ikkje oppstått i eit vakuum, men vore i kontakt med annan litteratur frå mange stader, tider og idéstraumar.

Det vaks fram ein eigen, og dominerande, essayistikk på nynorsk frå 1950 og framover, der både filosofar som Gunnar Skirbekk og Hans Skjervheim, 70-talsforfattarar som Eldrid Lunden og Kjartan Fløgstad og nyare skribentar som vekslar mellom journalistikk og dikting, som Gunnhild Øyehaug, Marit Eikemo og Agnes Ravatn, har funne seg heime. Heilt frå Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg har tenking og meining med skjønnlitterære verkemiddel vore sjølvsagd på nynorsk.

Kortare avstand mellom lesar og forfattar

Tonje Glimmerdal på kjelke under førestillinga med same namn på Det Norske Teatret. Med «Tonje Glimmerdal» (2012) skapte Maria Parr ei jente som har «fart og sjølvtillit» som livsmotto. Den norske tradisjonen med bøker som tek utgangspunkt i barnet si eiga røynd og fantasi starta med nynorskforfattaren Rasmus Løland. Ei som har heldt fram med det er nemnde Maria Parr. Foto: Det Norske Teatret. Biletet er nytta etter avtale med teateret.

Tonje Glimmerdal på kjelke under førestillinga med same namn på Det Norske Teatret. Med «Tonje Glimmerdal» (2012) skapte Maria Parr ei jente som har «fart og sjølvtillit» som livsmotto. Den norske tradisjonen med bøker som tek utgangspunkt i barnet si eiga røynd og fantasi starta med nynorskforfattaren Rasmus Løland. Ei som har heldt fram med det er nemnde Maria Parr. Foto: Det Norske Teatret. Biletet er nytta etter avtale med teateret.

Elias Blix publiserte dei første salmane på nynorsk i 1869, fornya han salmetradisjonen for alltid. Han drog enkle og kjende mønster frå den munnlege songtradisjonen inn i kyrkja. Faste vendingar, ord frå daglegspråket og kjende parallellar, som storm og hav, vind og våger, gjorde han songen kyrkja likare songen heime.

Også Ivar Aasen tok songen inn i skriftlyrikken. Seinare lyrikarar, som Jakob Sande og Kjartan Fløgstad, følgde etter i denne tradisjonen. Dei tok songen inn i skrifta og fornya skriftlyrikken. Med nynorsklyrikken kom òg lyriske skildringar av kvardagar som ikkje hadde vore dikta om før. Halldis Moren Vesaas skriv menstruasjon, kvinnekropp og kvinneleg begjær inn i litteraturhistoria.

Det var også nynorskforfattarar som førte barnelitteraturen nærare barna sjølv. Med Rasmus Lølands Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906) kom dei første barnebøkene i Noreg der lesaren følgjer barnas eiga livsverd og eigen fantasi, frå deira eigne vinklar. Barnelitteraturen kjem i barnehøgd, i staden for å vere peikefinger frå pedagogisk utdanna kvinner eller teologisk utdanna menn. Tradisjonen med barnelitteratur i barnehøgd lever vidare i både dei fantasifulle Dustefjerten-bøkene (1991–2003) av Rune Belsvik og dei meir realistiske bøker om Lena og Trille (Vaffelhjarte 2005 og Keeperen og havet 2017) av Maria Parr.

Skodespelet var fram til andre verdskrigen ein viktig sjanger å debutere i på nynorsk. Teatermiljøa i ungdomslagsrørsla har trunge stykke å spele, og diktarar i og nær norskdomsrørsla skreiv mange komediar. Det folkelege språket, folkeleg humor og folkeleg dramatikk kom på scena med dei nynorske diktarane og med dei nynorske kulturmiljøa.

Realistiske bygdeforteljingar

Sven Moren, Johan Falkberget og Oskar Braaten sit på ei trapp på Moren. Foto: Dagfinn Grønoset, ukjent år. Kjelde: Trysil-Engerdal museum. Nytta etter avtale med museet, delt med lissensen CC BY-NC-ND 4.0.

Sven Moren, Johan Falkberget og Oskar Braaten sit på ei trapp på Moren. Alle skreiv realistiske forteljingar på nynorsk eller dialekt frå miljøet dei vaks opp i, anten det var på bygda i Østerdalen, bergstaden Røros eller bydelen Sagene. Foto: Dagfinn Grønoset, ukjent år. Kjelde: Trysil-Engerdal museum. Nytta etter avtale med museet, delt med lisensen CC BY-NC-ND 4.0. 

Den første nynorske litteraturen stod i opposisjon til romantikken som elles hadde prega nordisk litteratur, og særleg bygdeskildringar i litteraturen. Med det nynorske skriftspråket kom diktarar som fortalde om bygda slik ho var, ikkje slik bybuaren såg ho når han var på ferie.

Med nynorskdiktinga fekk den romantiserte bonden eit eige skriftspråk og kunne sjølv skrive om realitetatane. Desse realistiske bygdeforteljingane tek ulik form til ulike tider. Først gjorde Ivar Aasen og Aasmund Olavsson Vinje det på kvart sitt vis i lyrikken og reiseskildringane. Deretter kom dei mange forteljarane som kartlegg landskapet gjennom diktinga si, frå John Klæbo på Dønna i nord til Hans Seland frå Nes utanfor Flekkefjord i sør.

Kristofer Uppdal frå 1910 og Gro Holm på 1930-talet var dei første i Noreg som skildrar industrialisering og industrisamfunn i romanform. På 1960- og 1970-talet tok bygdeskildringane politisk form. Distriktsoppgjeret tok plass i diktinga på ulikt vis av forfattarar som Knut Gjengedal, Aslaug Høydal, Ingvar Moe og Edvard Hoem.

Frå 1980-talet og fram har det kome ei rekkje bøker frå bygdemiljø med eit litt forhutla persongalleri, i ein sakleg tone og objektiv stil, men også med ein grunnleggjande sympati. Ragnar HovlandOlaug Nilssen, Agnes Ravatn og Carl Frode Tiller har alle skrive bøker som kan stå som døme på dette. På same tid flytta også Audun Sjøstrand, Knut Hauge, Rune Timberlid, Magnhild Bruheim og Ragnhild Kolden krimforteljingane frå bygater til bygdemiljø på kysten så vel som til fjells.

Forteljingar frå bygdemiljø vert ofte kalla heimstaddikting, medan liknande skildringar frå byen vert oppfatta som universelle livssoger. Omgrepet heimstaddikting har vore nytta for å undervurdere dei mange nynorske diktarane som har skrive frå miljø som elles har vore lite skildra i norsk litteratur. Romanane til Olav Duun og Tarjei Vesaas er blant dei fremste vitna om at ein like gjerne kan skrive universelle forteljingar om liv og menneske på bygda som i byen. Den nynorske litteraturen har hatt både byen og bygda som landskap for realistiske forteljingar.

Nynorsk gav språk til nye røyster

Ingebjørg Mælandsmo i biblioteket på Romerike folkehøgskule. Foto: Lars Bry. Eigar: Museene i Akershus. Nytta etter avtale med museet.

Ingebjørg Mælandsmo er ei av forfattarane som hadde det som lenge var typisk nynorskbakgrunn. Ho var frå bygda (Heddal), møtte eit skrivande miljø i ungdomslagsrørsla, fekk utdanning frå folkehøgskule (Sagavoll) og lærarseminar (Notodden), debuterte som forfattar medan ho arbeidde som folkehøgskulelærar, noko ho arbeidde som fleire stader på Austlandet. Forfattar Ingebjørg Mælandsmo i biblioteket på Romerike folkehøgskule, der ho arbeidde. Foto: Lars Bry, Museene i Akershus. Nytta etter avtale med museet.

Mange av dei første nynorskforfattarane hadde ein heilt annan bakgrunn enn tidlegare forfattarar i Norden. Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg var barn av bønder og barn av bygda. Dei møtte språk, litteratur og tenking gjennom litterære miljø i Bygde-Noreg, knytt til kyrkje, trykkjarverksemd og skulevesen.

Nynorskdiktarane på byrjinga av 1900-talet var framleis frå bygda og ofte danna frå dei kultur- og kunnskapsinstitusjonane som stod i eller nær norskdomsrørsla: ungdomslaget, folkehøgskulen og lærarseminaret.

80-årsdagen i 1988 vart feira hos Arvid Torgeir Lie i Telemark, som sjølv fylte 50 same dag. Frå venstre: Gunnar Torvund, Liv Køltzow, Bodil Cappelen, Einar Økland, Kjell Heggelund, Kjartan Fløgstad, Liv Marit Økland og Olav H. Hauge. Foto: Olav H. Hauge-senteret sitt arkiv.

80-årsdagen til forfattaren og fruktbonden Olav H. Hauge i 1988 vart feira hos forfattaren og skogsarbeidaren Arvid Torgeir Lie i Telemark, som sjølv fylte 50 same dagen. Frå venstre: bilethoggaren Gunnar Torvund, forfattaren Liv Køltzow, kunstnaren Bodil Cappelen, forfattaren og psykologen Einar Økland, forfattaren og litteraturvitaren Kjell Heggelund, forfattaren og tidlegare industriarbeidar Kjartan Fløgstad, læraren Liv Marit Økland og Olav H. Hauge sjølv. Foto frå arkivet til Olav H. Hauge-senteret.

Frå 1970-talet av har ein større del av debutantar på dei fleste språk i verda vore akademisk utdanna. Den nynorske diktinga er ikkje noko unntak. Dei nynorske forfattarane skil seg mindre frå bokmålsforfattarane enn tidlegare, men dei er ofte frå bygda, nyttar oftare ironi og humor og har gjerne essayistiske innslag i diktinga si.

Aldri før har fleire debutert i bokform på nynorsk og dialekt enn på 2010-talet. Språket Ivar Aasen fann då han reiste landet rundt på 1800-talet, vert dikta på og lese kvar dag i året. Nye debutantar kjem til. Mange diktarar skriv vidare.


Les fordjupingsartiklar om kvar periode:

Kjelder

Tone Birkeland, Gunvor Risa og Karin Beate Vold: Norsk barnelitteraturhistorie, Oslo 2017

Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie, Oslo 2018

Ottar Grepstad: Viljen til språk, Oslo 2006

Ottar Grepstad: Skjønnlitterære debutantar på nynorsk og dialekt, 2. utgåva, Oslo 2018

«Nomination Database», Nobelprize.org, http://www.nobelprize.org/nomi... [lesedato 3.4.2018]

Først publisert: 14.05.2018
Sist oppdatert: 22.08.2019