Kviss: Ny, norsk nynorsklitteratur og gjendikting
Kjenner du forfattarane bak titlane, og omvendt? Kven har skrive twitternoveller og seinare gitt dei ut som bok? Kven har omsett barnebøkene om Bø og Bæ til nynorsk? Kva heiter diktsamlinga Ruth Lillegraven debuterte med i 2005?
25 spørsmål om ny, norsk nynorsklitteratur og gjendikting. Skjerp hjernecellene og vis kva du kan!
Trykk her for å starte kvissen
Problem med å starte kvissen?
Nokre nettlesarar kan hindre kvissen i å starte om blokkering av sprettoppvindauge (pop-up) er på. Sjekk derfor om dette kan vere årsaka dersom kvissen ikkje startar. Her er ei rettleiing for korleis du slår av blokkering av sprettoppvindauge i ulike nettlesarar.
Kviss om ny, norsk nynorsklitteratur og gjendikting til utskrift:
Om du heller vil skrive ut kvissen for å bruke den i klasserommet, i selskapet, på påskehytta eller på puben, kan du gjere det under.
Last ned kviss og fasit i eitt dokument (pdf)
Sist oppdatert: 16.08.2018