Andreas Austlid
Andreas Austlid
Andreas Austlid var folkehøgskulelærar, forfattar og den første som gav ut ein ABC på nynorsk.
Bernt Th. Anker
Bernt Th. Anker
Bernt Theodor Anker, norsk prest som tidleg på 1900-talet heldt gudstenester på nynorsk i over tusen kyrkjer.
Brynjulf Alver
Brynjulf Alver var professor ved Universitetet i Bergen og ein av dei fremste forskarane i Norden innanfor folkloristikk og etnologi.
Edmund Austigard
Edmund Austigard
Edmund Austigard er forfattar og direktør i Det Norske Samlaget.
Hanne Aga
Hanne Aga
Hanne Aga, lyrikar som presenterte den poetiske skrivekunsten sin både gjennom eigne litterære utgivingar og gjennom film og tverrkunstnarlege framsyningar.
Henrik Angell
Henrik Angell
Henrik August Johanson Angell, offiser, forfattar, militærromantikar og krigshelt, som gjekk på ski over Hardangervidda før Fridtjof Nansen og fremja interessa for skiidrett.
Hermann Aune
Hermann Edvin Aune, forfattar og folkeminnesamlar frå Gauldalen. Han skreiv bygdebøker, lyrikk og prosa for vaksne og barn.
Inger Helene Arnestad
Inger Helene Arnestad
Inger Helene Arnestad, forfattar og omsetjar frå Åmot i Østerdalen, med både faglege og skjønlitterære utgivingar. Ho omsette bøkene om Albert Åberg til nynorsk.
Jan Askelund
Jan Askelund
Jan Oluf Askelund, lektor, forfattar og kunnskapsrik litteraturkritikar og formidlar.
Johannes Arneson
Johannes Arneson
Johannes Arneson, lærar, skulestyrar, folkeminnesamlar og forfattar som ivra for norskdomsarbeid gjennom eit langt liv.
Johannes Aursland
Johannes Aursland var gymnaslektor og skreiv eit lesedrama med emne frå norrøn gudelære. Han utvikla ein teori om at gudediktet «Voluspå» var skrive i Nordfjord.
Jon Auklend
Jon Auklend var lyrikar, lærar og lærebokforfattar. Han debuterte som forfattar med sogediktet Erling Skjalgsson i 1930.
Jørgen Amdam
Jørgen Amdam
Jørgen Einar Amdam, professor i kommunal planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda, der han òg var rektor i perioden 2007 til 2011.
Kolbjørn Aune
Kolbjørn Aune
Kolbjørn Aune, forfattar, historikar og bonde. Aune har skrive bøker og artiklar innanfor historie, språk og kultur. I tjue år var han tilsett som museumsstyrar ved Hemne bygdemuseum.
Liv Marie Austrem
Liv Marie Austrem
Liv Marie Austrem, forfattar, har to gonger fått Brageprisen for sine lågmælte og velskrivne barnebøker.
Mathias Askevold
Mathias Askevold, handelsmann og forfattar, var blant dei mestseljande nynorskforfattarane på byrjinga av 1900-talet, med skrønesamlingar frå Sunnfjord.
Olav Aukrust
Olav Aukrust
Olav Aukrust var ein viktig lyrikar i mellomkrigstida.
Ove Ansteinsson
Ove Arthur Ansteinsson, journalist, redaktør og forfattar, har vore kalla Hedemarkens diktar.
Rasmus B. Anderson
Rasmus B. Anderson
Rasmus B. Anderson, norskamerikansk filolog og professor. Han var ein skarp og uthaldande talsmann for norsk kultur i Midtvesten.
Ruth Alvsen
Ruth Alvsen
Ruth Alvsen, redaktør, journalist og forfattar. Ho var mellom dei første norske kvinnene som dreiv oppsøkjande reportasjejournalistikk.
Sakarias Ansok
Sakarias Ansok, småbrukar og sogeforteljar. Han var ein av dei første som systematisk samla inn kunnskap om fjell- og fjordgardane langs Storfjorden på Sunnmøre.
Sivert Aklestad
Sivert Simonsson Aklestad frå Hjørundfjord var gardbrukar, emissær, klokkar og lokalhistorikar. Han skreiv mange dikt og songar med kristeleg innhald.