Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas Austlid

Andreas Austlid var folkehøgskulelærar, forfattar og den første som gav ut ein ABC på nynorsk.

Austlid var fødd av bondefolk i Austre Gausdal 26. desember 1851 og døydde på Toten 27. august 1926. Etter tre vintrar som elev ved Chr. Bruuns folkehøgskule i Gudbrandsdalen dreiv han ein fri folkeskule i Lom 1872–79. Deretter gjorde han seg meir kjend med høgskulerørsla i Danmark, og gjennom det meste av 1880- og 90-åra underviste han ved Hardanger folkehøgskule i Ullensvang. I 1899 oppretta han Møre folkehøgskule i Ørsta og i 1913 ein ny i Gausdal (som seinare flytta til Dovre).
 
I tillegg til høgskulearbeidet gjorde Austlid ein stor innsats for å skaffe bygdeborn gode lærebøker på norsk. Både ABC-boka hans (1880), den første leseboka (1889) og seinare eit trebands leseverk for folkeskulen (1902–06) vart sentrale hjelpemiddel for opplæringa i landsmålskrinsane.
 
På sine eldre dagar skreiv Austlid inngåande og livfulle skildringar av både danske og norske føregangsmenn i folkehøgskulen.
 
Frå katekismepugg til forteljing
Austlids pedagogikk var prega av eigne røynsler på godt og vondt. Han hugsa korleis han som smågut hadde fått høyre om Gud som ein god og trygg skapar og vernar. Men i skulestova vart det vanskelegare. Pontoppidans forklaring forvanska den enkle barnetrua. Gud var ikkje lenger den beste far, men «et ubegribeligt væsen».
 
I kontrast til den tradisjonelle katekismeundervisninga framheva Austlid forteljings-pedagogikken som han møtte på folkehøgskulen. Idealet hans var slike lærarar som aldri talte dogmatisk: «Endaa mindre moraliserte eller formana dei oss. Nei, dei fortalde – Og det var forteljingar: Det gneista av deim ... vi ikkje berre høyrde, men saag
 
Elevsentrert pedagogikk
For Andreas Austlid var det avgjerande viktig at læraren snakka same språket som elevane – både reint konkret og i meir overført tyding. Allereie som ung friskulelærar i Lom kutta han ut ikkje berre den omfattande læreboka av Pontoppidan, men også Luthers eigne forklaringar til katekisma.
 
Austlids ABC var den aller første på landsmål. Både der og i lesebøkene tok han utgangspunkt i det som var kjent og kjært for borna. ABC-boka vart send inn til ein konkurranse utlyst av Vestmannalaget, og føreordet syner kva Austlid ville med henne: «Gud velsigne Boki, so ho kan verda fyre Bornom som ein varm og rein Ange fraa Skog og Dal og Fjell, fraa all hans friske Natur!»
 
Motivasjonen låg i det å minske den store skilnaden som det til då hadde vore mellom talemålet og det skriftspråket borna møtte i dei første bøkene. Han hugsa sjølv kor vanskeleg det var: «Eg visste ikkje daa eg var liten at Ø skulde vera ei Øy og at H-a-t skulde vera Hatt og ikkje Hat.»
 
Eitt og anna eventyr hadde funnest i ABC-bøker tidlegare, men Austlid var den som for alvor tok det munnlege forteljestoffet frå folkekulturen inn i leseopplæringa. Både mengda av slikt stoff og variasjonen i tekstutval var epokegjerande. Seinare fekk Austlid støtte til å illustrere ABC-en, og frå 1888 kom boka med teikningar av Nils Bergslien.
 
Lesebok for folkeskulen
På nyåret 1886 fekk Austlid prenta eit opprop til «Lærarar, Lærarinnor, Barnevener, alle som kan og vil hjelpa». Der fortalde han om leseboka han lenge hadde emna på. Han var oppteken av at ho verkeleg måtte høve til borna. Ikkje berre språket, men også innhaldet måtte vere heimsleg og ekte norsk. Difor bad han folk om å sende inn stubbar og forteljingar frå ulike bygdelag.
 
Innslaget av slike «personlege folkeminne» (Sveinung Nordstoga) var med og gav særpreg til Lesebok fyr born, som kom ut med første bandet i 1889. Økonomien hindra rask oppfylging av verket, og i staden kom alle tre banda først seinare under tittelen Lesebok for folkeskulen (1902–06). Dei innsende tekstane var framleis ein viktig del av verket.
 
Landsmålsforfattarar som Arne Garborg, Anders Hovden, Ivar Mortensson og Johannes Skard ytte villig stoff, og Rasmus Flo hjelpte mykje til med redigeringa. Heimen, garden og grenda ramma inn dei fleste tekstane, og utgivaren var medviten om at han ville fremje ei nynorsk- og bygdenorsk danning som alternativ til den borgarlege kulturen som Nordahl Rolfsens Læsebog for Folkeskolen representerte.
 
Minne frå folkehøgskulen
Då Austlid rundt 1880 var eit par år i Danmark, noterte han mykje levande tradisjon om høgskulepioneren Kristen Kold. Etter at han var ferdig med lærebokarbeidet, gav han ut biografien Ein folkelærar om Kold i to band (1911–13). Mot slutten av livet publiserte han også minne om Chr. Bruun (Kirke og Kultur, 1920) i tillegg til talar og ymse sjølvbiografisk stoff i Salt fraa folkehøgskulen (1926).
 
Kjelder
Andreas Austlid: Salt fraa folkehøgskulen. Oslo 1926
Eivind Berggrav: «Austlid, Andreas Andersson», Norsk biografisk leksikon, bd. 1. Oslo 1923
Lars Eskeland: «Andreas Austlid», Norsk Aarbok. 1926
Erling Gjersdal: Gud velsigne borni og boki! Andreas Austlid og den norske skulen. Bergen 1995
Sveinung Nordstoga: «Den gamle Bondemaaten aa fortelja ein ting paa», Tekst i vekst. Oslo 2007
Dagrun Skjelbred: «… de umistelige Bøger». En studie av den tidlige norske abc-tradisjonen. Oslo 1999

Først publisert: 03.09.2009
Sist oppdatert: 27.10.2014