Hopp til innhold
Foto: Herborg Pedersen/ Samlaget
Foto: Herborg Pedersen/ Samlaget
X
Innhald

Edmund Austigard

Edmund Austigard er forfattar og direktør i Det Norske Samlaget.

Austigard er fødd 18. september 1964 i Årdal i Ryfylke. Han er utdanna diplomøkonom frå Bedriftsøkonomisk Institutt og har i tillegg to mastergradar frå USA i finans, politisk økonomi og marknadsføring. I 2004 gjekk han på Aschehougs forfatterskole. Han har vore direktør i Samlaget sidan 2011.
 
Han debuterte i 2005 med romanen Krinsereglane, som fekk svært gode kritikkar, og følgde opp med romanen Taxi for B.A. Beckström – eller kunsten å danse på furu i 2007. I 2011 kom romanen Solskinsbussen, som er ein frittståande oppfølgjar til Krinsereglane.
 
Krinsereglane er ei av fleire bøker frå 2000-åra der vi ser ei fornying av sjangeren bygdedikting, der kjende tema blir forstørra, parodierte og gjorde til gjenstand for humor. Andre døme på denne retninga er Olaug Nilssens Vi har så korte armar (2002) og Øystein Vidnes’ Bondeforteljingar (2002).
 
Austigard fekk Sigmund Skard-stipendet i 2008.
 
Å krinse etter reglar
Handlinga i romanen Krinsereglane er lagd til Årdal i 1920-åra, med ei rammeforteljing frå 1940-åra. Skildringa av eit lukka bygdesamfunn der det finst strenge reglar for tankar, ord og gjerningar, er her drege ut i det ekstreme, og dermed absurde. Austigard skildrar det nærmast rituelle ved tilværet gjennom mange små detaljar, til dømes reglane for korleis ein skal krinse på kaien når mykje folk er samla for å sjå på rutebåten, eller den rette måten å ete aure på.
 
Dette samfunnet er svært sårbart for moderniteten som sakte vinn fram. Det finst mange teikn på denne utviklinga, til dømes at det oppstår prisforskjellar på kaffi mellom dei to butikkane på staden. Kan ein stole på noko lenger når kaffiprisen ikkje ligg fast, er det urovekkjande spørsmålet.
 
Når så den klassiske grensetvisten går mellom to eigedommar på Golandhaugen, er dette nok eit teikn på at hendingane i romanen kan lesast også som ei meir allmenn historie om kunsten å leve i fred med naboen i ei omskifteleg tid.
 
Kunsten å leve eit gjennomsnittsliv
Austigard følgjer opp kravet om å halde seg til reglar og samfunnsnormer i roman nummer to, Taxi for B.A. Beckström. Den 92 år gamle mannen med yrkesbakgrunn frå Statistisk sentralbyrå uroar seg over at han bryt med statistikken berre ved å leve. Han har nemleg nådd ein alder som ligg langt over gjennomsnittet. Heime blir livet hans styrt av regelen om at ein ikkje må trø spor i furugolvet. Når han i tillegg verken kastar skugge eller lagar fotspor i snøen, skjønar vi at kampen for å vere heilt vanleg og ikkje setje merke etter seg har gått så langt at det stikk motsette skjer. Det absurde frå debutromanen er ført vidare i roman nummer to, men der ei heil bygd fekk spele med i Krinsereglane, er det i Taxi for B.A. Beckström éin person som får stå i sentrum, og som oppfyller konformitetskrava utan press frå ein fellesskap.
 
Kjelder
Forfattarside om Edmund Austigard, Det Norske Samlaget, samlaget.no, http://www.samlaget.no/forfattar.cfm?id=2744 [lesedato 18.08.2009] 

Først publisert: 18.08.2009
Sist oppdatert: 27.10.2014