Hopp til innhold
X
Innhald

Hanne Aga

Hanne Aga, lyrikar som har presentert den poetiske skrivekunsten sin både gjennom eigne litterære utgivingar og gjennom film og tverrkunstnarlege framsyningar.

Hanne Aga er fødd 28. mars 1947 i Røra i Nord-Trøndelag. Ho voks opp i Vest-Agder og Hardanger, men har budd i Nord-Noreg det meste av sitt vaksne liv. I dag bur ho i Tromsø. Aga er utdanna fysioterapeut, og ho har òg mellomfag i nordisk og har studert samfunnsvitskap ved Universitetet i Tromsø, i 1981 og 1982.
Aga er med i Nordnorsk forfatterlag (Nnf) og Den norske Forfatterforening (DnF) (frå 1984). Ho var medlem av Det litterære Råd i DnF frå mars 1992 til mars 1994.
Debuten som forfattar kom i 1981 med diktsamlinga Skjering med lys. Frå 1987 har ho fått eit treårig arbeidsstipend, Statens kunstnarstipend og frå 1991 Statens garantiinntekt. I 1990 fekk ho Blixprisen for forfattarskapen sin.
Frå samanbrot til avklaring
Sjangeren Aga nyttar, ligg mellom dikt og poetisk forteljing. Tekstane er gjerne tette og knappe. Diktaren uttrykkjer seg utan store ord, ofte med motiv som går att gjennom den enkelte samlinga. Fire av bøkene har undertitlar som peikar mot opne lesemåtar, uavhengig av tradisjonelle sjangerskilje. Hard klar rose (1985) har undertittelen «ei open historie», Bror Sorg (1986) har sjangernemninga «poesiroman», Utan bevis (1991) er «tekster til kropp og språk», og Kraftas (1994) er kalla «poesi/forteljande».
I den fjerde boka til Aga, Bror Sorg (1986), finst det ei stemme som leitar i fortrengde minne etter eit språk for å forstå eit tap og uttrykkje ei sorg. Boka inneheld korte tekstar med poetiske trekk og med ei tydeleg utvikling som gjer dette til ei forteljing. Historia i boka skildrar eit kjærleiksforhold mellom bror og syster, åtskiljing, samanbrot og framveksten av nytt språk og ein klår identitet hos hovudpersonen. Historia blir fortald på ein måte som kombinerer element frå ulike typar tekst, og forteljinga skiftar raskt mellom oppleving, refleksjon, skildrande innslag og poetiske ytringar.
Hausten 2008 gav Aga ut si ellevte bok sidan debuten, Som om ein ny dag skal komme. Kjensla av å vere framandgjord, som kjem til uttrykk i Bror Sorg, er fråverande i denne siste boka. Døden kjem til syne som eit omdreiingspunkt i diktsyklusen. Uttrykket i syklusen er avklart og ope, og dikta om døden er ikkje prega av smerte, liding eller svart sorg. «Eg» står ikkje ved ein absolutt barriere mellom liv og død, men lèt desse modiane gli over i kvarandre i ei open kontaktflate. Tekstane kling godt, er språkleg finpussa og utan overflødige ytringar – knappe i ytre form, men djuptgripande i poetisk oppleving.
Tverrkunstnarlege prosjekt
Aga har vore med på opplesingar og framsyningar både i inn- og utland. Med framsyninga «Steinrosetoner, musikk/poesi/dans» turnerte ho for Rikskonsertane i 1988 og 1989. Ho var òg medskapar og deltakar i poesifilmen «Stein/Roser» (Knut Erik Jensen, NRK Fjernsynet 1990) og medprodusent saman med Malvin Skulbru på poesikonserten «Friheten kommer» (1992 og 1994) for Folkeakademiet og Norsk Forfattersentrum. «Friheten kommer» er framført også i Polen og England. Aga var utøvar og medprodusent for poesikonserten «Tid for bruer», framført første gongen under Festspillene i Nord-Norge i 1998. Saman med Malvin Skulbru og fleire andre var ho òg medskapar og utøvar på den lyriske danseframsyninga «Eit anna lys, eit anna vatn», som var på turné i Finnmark og Nord-Russland i januar 2000. Og – som ein av dei første frå Noreg – blei ho i 2002 invitert til å opptre på Medellín, ein stor poesifestival i Colombia.
Kjelder
Hanne Aga og Ivar Orvedal: «Eit møte mellom Hanne Aga og Ivar Orvedal – eller med andre ord: Poesi», Nordnorsk Magasin nr. 6/1984
Kari Hervold: «Det udelelege er delt, og språket dekker ei sorg. Hanne Agas poesiroman Bror Sorg i lys av Julia Kristevas teori om kvinnelig språk og subjekt», Norsk litterær årbok 1989
Kristine Næss: «Introduksjon til Hanne Agas forfatterskap og boka Kraftas. Poesi/forteljande», publisert 22.4.1995,  offisiell nettstad for Hanne Aga, http://aga.nvg.org/hanne/introduksjon.html [lesedato 28.3.2011]
Hilde Kat. Eriksen: «– Kjærleiken gjev oss eit andlet. Ein analyse av Hanne Aga: Bror Sorg». Hovudfagsoppgåve i nordisk, Institutt for språk og litteratur, Universitetet i Tromsø 1991. Elektronisk versjon ved Munin, Universitetet i Tromsø, http://www.ub.uit.no/munin/handle/10037/2510 [lesedato 28.3.2011]
Peikarar
Offisiell nettstad for Hanne Aga

Først publisert: 07.02.2012
Sist oppdatert: 08.05.2013