Hopp til innhold
X
Innhald

Hermann Aune

Hermann Edvin Aune, forfattar og folkeminnesamlar frå Gauldalen. Han skreiv bygdebøker, lyrikk og prosa for vaksne og barn.

Hermann Aune var fødd 3. mars 1914 på Støren i Midtre Gauldal i Sør-Trøndelag. Han døydde 31. oktober 1968 i heimbygda si, 54 år gamal. Aune gjekk på Gauldal folkehøgskule i 1933–34 og på realskulen i Volda i 1934–35. Samstundes som han arbeidde som forfattar, hadde han ulike engasjement i Midtre Gauldal kommune frå 1937 til 1967. Han var mellom anna formannskapssekretær og formann i skulestyret.
 
Aune debuterte som forfattar i 1939, med folkeminneboka Skikk og tru. Han skreiv bygdehistorie, noveller, skodespel, lyrikk og barnebøker.
 
Fleire av dikta han skreiv, er tonesette av komponistar som Alf Cranner, Bjarne Amdahl, Finn Ludt og Otto Nielsen. Aune gav ut tre diktsamlingar, den siste, På villan tuve, i 1967. Dikta krinsar gjerne om det nasjonale. Dikt som «Gamal fjellgard» (1967) og «Elvesong» (1967) tek utgangspunkt i bygdelivet, og bileta er ofte knytte til naturen. Viser og dikt i samling kom i 1983.
 
Novellene til Aune kan plasserast i den trønderske heimstaddiktingtradisjonen, og sympatien ligg hos husmenn og kulturen deira. Dette finn vi òg att i dei åtte barnebøkene, der lesaren møter dei trønderske husmannsheltane Svein Uredd og Randi Heimlaus.
 
Hermann Aune var folkeminnegranskar og bygdebokforfattar. Saman med Jens Haukdal stod han bak trebandsverket Bygdefolk og bygdeliv i Støren (1961–70).
 
Etter året på folkehøgskulen skreiv Aune ei tid nynorsk, men etter kvart vart litteraturen prega av dialektfarga bokmål. Han erklærte seg sjølv som samnorskmann.
 
Aune fekk post mortem Norsk kulturråds dialektpris i 1994.
 
Kjelder
Hallgerd Aune ofl.: Trønderforfattarar i 100 år. Trondheim 1999
Harald Refseth: Hermann Aune – den mangslugne. Melhus 2014

Først publisert: 05.01.2015
Sist oppdatert: 05.01.2015