Hopp til innhold
X
Innhald

Jørgen Amdam

Jørgen Einar Amdam, professor i kommunal planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda, der han òg var rektor i perioden 2007 til 2011.

Jørgen Amdam er fødd i Ørskog på Sunnmøre 29. april 1945. Han er utdanna jordskiftekandidat ved landbrukshøgskulen på Ås (1970), med lisensiatgrad i landbruksvitskap (1974). I 1980 vart han vurdert som kvalifisert til professorat i jordskiftefag og fekk i 1980 rett til tittelen dr.scient.
I 1973 vart Amdam tilsett som høgskulelektor i samfunnsplanlegging ved Distriktshøgskulen i Volda, frå 1974 førsteamanuensis, frå 1994 professor. I periodar har han hatt permisjon frå denne stillinga for å vere prosjektleiar for forskings- og utgreiingsarbeid ved Møreforsking. I perioden 2007–11 var han rektor ved Høgskulen i Volda.
Amdam har gjennom desse åra vore forfattar og medforfattar av ei lang rekkje forskingsrapportar og utgreiingar innanfor fagfelta samfunnsplanlegging, planleggingsteori, kommunal verksemd, regionalpolitikk og regionalplanlegging.
Amdam har òg hatt ei rekkje tillitsverv i ulike styre, utval og råd. Sidan 2003 har han vore president i «International Society for the Study of Marginal Regions».
 I 2012 vart Amdam tildelt Forskings- og utviklingsprisen frå Høgskulen i Volda, for stor forskingsinnsats nasjonalt og internasjonalt gjennom fleire år.
Kjelder
Samtale med Jørgen Amdam 29.3.2011
Peikarar

Først publisert: 05.02.2014
Sist oppdatert: 05.02.2014