Hopp til innhold
X
Innhald

Kolbjørn Aune

Kolbjørn Aune, forfattar, historikar og bonde. Aune har skrive bøker og artiklar innanfor historie, språk og kultur. I tjue år var han tilsett som museumsstyrar ved Hemne bygdemuseum.

Kolbjørn Aune er fødd 17. september 1940 i Hemne i Sør-Trøndelag og er busett same staden. Han vart cand.philol. i 1970 ved Universitetet i Oslo, med norsk som hovudfag, historie mellomfag og folkeminnevitskap grunnfag.
Aune har vore redaksjonssekretær i Norsk stadnamnleksikon (1970–73), lærar ved Orkdal gymnas (1963–65), museumsstyrar ved Hemne bygdemuseum (1987–2007) og bygdebokforfattar (1972–95, deltid). Vidare har han vore skribent i spalta «Øyeblikket» i avisa Sør-Trøndelag sidan 2006. Frå 1971 har han drive slektsgarden på Holla i Hemne.
I 1964 var Aune ein av initiativtakarane til reetableringa av Fosen historielag, og same året vart han vald til sekretær i laget. Sidan har Aune hatt ulike styreverv i historielaget i fleire periodar. Elles har han hatt styreverv i mellom anna Trøndelag folkemuseum (Sverresborg) (1994–99), Sør-Trøndelag museumslag (1981–88), Hemne kulturstyre (1980–83), Hemne museumsstyre (1971–87) og Hemne og Snillfjord Sau og Geit (2000–09).
Aune har vore aktiv som redaktør, forfattar og medforfattar i ulike samanhengar. Fagområda hans har vore lokalhistorie, kulturhistorie, målføre, namnegransking, folkeminnevitskap og folkelivsgransking. Frå 1965 var Aune ein av redaktørane for Årbok for Fosen (utgitt av Fosen historielag), og 2014 var siste året hans som redaktør her. Han har òg vore redaktør for Fosens historie, band 1 (2005) og redaktør og medforfattar for Fra bunke til tine. Melk og meieri i Hemnedistriktet (1998). Av andre bøker kan nemnast Sledenemninga. Ordgeografisk studie med kart (1976), Dem snakka på ‑o. Dialekten i Hemne (1985), Hemneboka. Andre bandet. Bygdesoge frå 1930-åra til 1940 (1979), Segn – tru – skrøne. Ni artiklar om folkeminne (1975), Dyr i tradisjonen (1981) og Hemnværingen og orda (2006).
I 1985 fekk Kolbjørn Aune kulturprisen for Hemne kommune.
Kjelder
E-post frå Elling Alsvik, etnolog/førstekonservator ved Sverresborg, 9.10.2013
E-postar frå Kolbjørn Aune 26.11.2012, 11.2.2014, 21.3.2014 og telefonsamtale 25.2.2014
Telefonsamtale med Eilert Bjørkvik, kasserar i Fosen historielag og medredaktør av Årbok for Fosen, 25.2.2014
E-post frå Pål Kristen Langøien, rådgivar ved Interkommunalt Arkiv Trøndelag, 21.3.2014
Telefonsamtale med Norsk Sau og Geit 25.2.2014
E-post frå Gunn-Hilde Opsal, kulturkonsulent ved Hemne kommune, 26.2.2014
Hilde Borgfjord: «Leder'n», Nytt om gammelt, nr. 81.
Fosen historielag: «Om Fosen historielag», fosen-historielag.no: http://www.fosen-historielag.no/v1/?side=nav&id=31 [lesedato 25.2.2014]
Edna Hovden: «Vil ha kandidater», sovesten.no, publisert 11.9.2013: http://www.sovesten.no/index.cfm?event=doLink&famID=371463&frontFamID=55588 [lesedato 24.9.2013]
Peikarar

Først publisert: 15.08.2014
Sist oppdatert: 15.08.2014