Hopp til innhold
X
Innhald

Liv Marie Austrem

Liv Marie Austrem, forfattar, har to gonger fått Brageprisen for sine lågmælte og velskrivne barnebøker. Med oppvekst frå Gudbrandsdalen har ho formidla nordnorsk kystkultur med stor entusiasme, både som fagbokforfattar og som dramatikar.

Austrem er fødd i Vågå, der ho òg voks opp. Ho er utdanna cand.mag. med mellomfag i drama og har sidan skrive ei rekkje bøker innanfor ulike sjangrar.
 
Saman med kunstnaren Akin Duzakin har ho laga fleire biletbøker som er blitt særleg godt mottekne. Tvillingbror (1995) og Tvillingsøster (1997) fekk begge Brageprisen. Av dei andre bøkene for born og ungdom er romanen Runar vart 17 år den viktigaste. Denne boka fekk ho Nynorsk Barnebokpris for i 1988. Austrem har òg skrive romanar for vaksne, fleire skodespel og fagbøker.
 
Både i fagbøkene og i skodespela er kystkulturen i Nord-Noreg og emne frå psykiatrien viktige. Austrem fekk Yttri-prisen i 1997.

Først publisert: 28.12.2009
Sist oppdatert: 28.06.2011