Faktaboks

Mathias Askevold
Fødd
20. mai 1854, Askvoll, Vestland
Død
oktober 1919, Oslo

Mathias Askevold var handelsmann og forfattar. Askevold var blant dei mestseljande nynorskforfattarane på byrjinga av 1900-talet, med skrønesamlingar frå Sunnfjord.

Bakgrunn

Mathias Askevold var fødd i Askvoll i Sunnfjord i dagens Vestland og døydde i Oslo. Som ungdom reiste han til Bergen, gjennomførte handelsskule og arbeidde som butikkmann, handelsreisande og kontorfullmektig. Frå 1900 budde han i Oslo og kalla seg «sjølvlærd litterat».

Forfattarskapen

Han skreiv for fleire blad, mellom anna Peik, Firda Folkeblad og Frå By og Bygd. I periodar der inntektene av skrivinga var låge, livnærte han seg med å selje annonsar for vekeblad, mellom anna for bladet Tidsfordriv, på provisjonsbasis.

I Bergen tok Askevold til å vanke i litterære miljø og underheldt med forteljingar på møte i Vestmannalaget. Han skreiv fleire morosame småforteljingar på sunnfjorddialekt, som kom med i Frå By og Bygd og i samlingane med småstubbar som blei gitt ut på Mons Litlerés forlag. Askevold var ein av fleire som var med på å skape ein nynorsk prosatradisjon gjennom å få skrøneforteljingar på prent. Andre som hadde forteljingar i dei same antologiane, var Per Sivle, Bolette C. Pavels Larsen, Paul Bergh, Vetle Vislie, Rasmus Løland, Arne Garborg og Nils Bergslien.

Forlaget lét debutantar, amatørar og profesjonelle stå side om side. På den måten fekk dei lyfta fram nye røyster, samstundes som dei etablerte gav von om kvalitet og auka sal. Smaastubbar kom ut frå 1886 til 1893, og dei fleste av desse antologiane kom i fleire opplag. Frå 1890 gjekk dei ut til alle tingarane av avisa Firda i Sunnfjord. På den måten bidrog Askevold med stykke i det som blei blant dei første nynorske skjønnlitterære bestseljarane.

Nesten alle skrønene er små forteljingar om bygdeoriginalar og artige eller galne ting dei har gjort. Ofte handlar det om kor gale det går for dei når dei kjem til byen. Han lét dei ulike karakterane ha ulike dialektar, og det same gjeld dei ulike personane i forteljingane. Dei to største økonomiske suksessane hans var Skrøner og historier (1904, 2. opplag 1905) og Nye skrøner og forteljingar (1907). Andreopplaget av den første boka var det tredje største opplaget av noko bok i Noreg det året. Få hadde nådd ut til så stor del av folket med forteljingar på nynorsk og dialekt som Askevold.

Frå 1900 var han knytt til fleire blad i Oslo og Sunnfjord. Han fekk ei stor mengd dikt på prent, men dei er aldri blitt utgitt i ei samling. Det er nok gjennom blada han nådde flest, med høgare opplagstal for avisene og blada enn for dei fleste bøkene han gav ut.

Askevold bidrog òg til å dokumentere og formidle lokalhistoria i Sunnfjord og gav ut ei bok om bygdekjempa Ola Storevik i 1909. Han var òg ein stor samlar og hadde ei samling på 4000 bilete av norske kunstnarar og forfattarar. Bergen Museum eig samlinga i dag.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olaf Almenningen (red.): Målreising i 75 år. Noregs mållag 1906–1981. Oslo 1981
  • Finn Arnesen: Fra Rudolf Muus til Margit Sandemo. 75 års folkelesning fra Bladkompaniet A.S. Oslo 1990
  • Idar Stegane. Mons Litlerés forlag. Eit pionertiltak i nynorsk forlagsdrift. Oslo 1983
  • Sverre Tusvik: Bestseljarar. Oslo 1994
  • Kristian Ulltang: «Askevold, Mathias», Norsk Allkunnebok, bd. 1. Oslo 1948

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg