Hopp til innhold
X
Innhald

Rasmus B. Anderson

Rasmus B. Anderson, norskamerikansk filolog og professor, skarp og uthaldande talsmann for norsk kultur i Midtvesten, fekk innstifta Leif Eiriksson-dagen som minnedag i Amerika, opnar den nesten 700 sider lange sjølvbiografien sin med å slå fast – på norsk, engelsk og latin – at livet er ein krig.

Rasmus Bjørn Anderson var fødd 12. januar 1846 i Albion, Wisconsin, USA, og døydde i heimstaten 2. mars 1936. Han utdanna seg ved Luther College, Decorah, Iowa, og byrja som lærar i Albion i 1866. I 1869 vart han tilsett ved statsuniversitetet i Wisconsin. Der bygde Anderson opp Institutt for skandinaviske studium, det første i sitt slag i USA, og vart utnemnd til professor ved instituttet i 1875.
Anderson var ein produktiv forfattar. På åtte år skreiv han meir enn eit dusin bøker, dei fleste av dei på engelsk. Frå rundt 1880 omsette han songar og andre tekstar frå landsmål til engelsk.
I 1883 trekte Anderson seg tilbake frå universitetet og byrja som forsikringsseljar. Etter ein periode som amerikansk diplomat i Danmark 1885–1889 kom han tilbake til USA og prøvde seg på ulike felt i forretningslivet. Frå 1898 til 1922 var han redaktør for den norske vekeavisa Amerika.
 
Ein livslang krigar
Anderson såg livet som ein strid, og var frå ung alder sjølv ein stridsmann. Som ungdom fekk han høve til å studere ved Luther College, Decorah, men før studietida var omme, vart han utvist frå colleget, fordi han hadde stelt seg i spissen for eit studentopprop mot kadaverdisiplinen ved skulen.
Frå teologi vende Anderson interessa mot norsk tradisjon og sagatid. Særleg var han oppteken av Leif Eiriksson. Han heldt førelesingar om den norske oppdaginga av Amerika, og sommaren 1873 drog han saman med Ole Bull til Noreg for å skaffe pengar til ein Leif Eiriksson-statue. Tilbake i Amerika skreiv han America Not Discovered by Columbus, der han argumenterer for at det var Leif Eiriksson og norske vikingar som oppdaga Amerika, då dei steig i land ved Vinland. Boka kom i 1874, ho var smålåten i omfang, knappe hundre sider, men innhaldet var kontroversielt. Trass i heller hard medfart frå kritikarar kom America Not Discovered by Columbus ut i åtte opplag.
Statue av Leif Eiriksson vart det òg, men ikkje ved Wisconsin-universitetet i Midtvesten, slik Anderson hadde tenkt seg. Som følgje av usemje i planleggingsgruppa vart statuen reist i Boston på Austkysten. I 1932 fekk Anderson oppleve at president Franklin D. Roosevelt proklamerte 9. oktober som offisiell Leif Eiriksson-dag i Amerika.
 
Faglitteratur og folkedikting
Som professor i skandinaviske språk gav Anderson ut ei rekkje bøker med norske og nordiske tema. I 1874 kom Den norske maalsag, der han gjer greie for det nye landsmålet som tok form i Noreg. I Norse mythology frå 1875 gir han ei fyldig innføring i den gamle norrøne gudetrua. Målet med bøkene var ikkje berre å spreie kunnskap om norsk språk og historie, men å gjere norskamerikanarane stolte over eigen kulturarv.
Dei siste tiåra på 1800-talet var ei nasjonal og politisk blomstringstid i Noreg, og Anderson var med og formidla dei nye straumdraga i Amerika. I 1881 omsette han Ivar Aasens «Nordmannen» til engelsk, og han gav «Kjerringa med staven», «Pål sine høner» og ei rekkje andre folkeviser på landsmål engelsk språkdrakt. Han beundra den unge Ibsen, var ven med Bjørnstjerne Bjørnson og omsette sju av bondeforteljingane hans til engelsk. Seinare tok han i kvasse ordelag avstand frå både Ibsen og Bjørnson, som han meinte var vorten unasjonale og ateistiske. Då Ibsen fekk Nobelprisen i litteratur, skreiv Anderson energiske avisinnlegg der han framheva Ibsen som ein uverdig vinnar.
 
Eit kvart hundreår med avispolemikk
I Anderson si samtid var det fleire norskspråklege aviser i Amerika. Den største var Skandinaven, grunnlagd i 1866, der Anderson var ein flittig bidragsytar i 20 år, til han i 1866 braut over tvers med avisa, som han skulda for å ha vorte for liberal. Anderson meinte at alle dei norske avisene var i forfall. Særleg var han arg på reklamen, som han oppfatta som løgnaktig og usømmeleg. Frå 1898 til 1922 var han redaktør for si eiga avis, Amerika, der han med utrøytteleg iver fordømde moderne norsk litteratur, som han meinte reiv ned nordmennene sitt gode rykte i Amerika. Han var kjend for å vere nådelaus i omtalen av sine meiningsmotstandarar.
Forretningsmann med mange jern i elden
I 1883 forlét Anderson universitetet for å leggje seg opp pengar. Han starta som forsikringseljar, og fortel at han snart tente ti gonger så mykje som han hadde gjort som professor. Etter nokre års avbrot som politikar og sendemann til Danmark stod han i 1889 på nytt ved ein skiljeveg. Det var ikkje snakk om å ta opp att universitetskarrieren, eller halde fram med politikken. Den talentfulle Anderson såg nye opningar. Ei stund var han med og importerte reinsdyr frå Nord-Noreg til Alaska. Han starta Wisconsin gummiselskap og kjøpte opp svære område i Mexico, der selskapet planta gummitre.
Han grunnla eit forsikringsselskap og sat sjølv som president for selskapet i mange år. I sjølvbiografien sin fortel han om tida som agent for Möllers tran: På fire år besøkte han alle byar med meir enn 5000 innbyggjarar i USA og Canada aust for Rocky Mountains for å promotere den norske medisintranen. Særleg galdt det å overtale lækjarstanden om dei gode verknadene av tranen. Difor deltok han på lækjarkongressar, og han sørgde for å få innpass på medisinskular der han kunne påverke studentane.
Kjelder
Jostein Fet: New Norse Literature in English Translation 1880–1982. Volda 1985
Lloyd Hustvedt: Rasmus Bjørn Anderson. Pioneer Schoolar; The Norwegian-American Historical Association, bd. 2. Northfield, Minnesota 1966
Rasmus B. Anderson og Albert O. Barton: Life Story of Rasmus B. Anderson, 1915. Digital utgåve ved American Memory,memory.loc.gov, http://memory.loc.gov/cgi-bin/query/r?ammem/lhbum:@field(DOCID+@lit(lhbum16082div0)) [lesedato 23.9.2011]
«Rasmus B. Anderson, ‘Grand Old Viking’ Dies», i The Wisconsin State Journal, 3.3.1936. Digital utgåve ved Wisconsin  Local History & Biography Articles, wisconsinhistory.org, http://www.wisconsinhistory.org/WLHBA/articleView.asp?pg=1&orderby=&id=151&pn=1&key=&cy [lesedato 23.9.2011]
Paul Knaplund: Rasmus B. Anderson, Pioneer and Crusader, The Norwegian-American Historical Association, http://www.naha.stolaf.edu/pubs/nas/volume18/vol18_2.htm [lesedato 23.9.2011]

Først publisert: 23.09.2011
Sist oppdatert: 03.05.2013