Aina Basso
Aina Basso
Aina Irene Basso, historikar med kvensk bakgrunn på farssida og forfattar av historiske romanar der unge kvinner er hovudpersonar.
Anne Bjørkedal
Anne Bjørkedal, forfattar og healar.
Anne Osvaldsdatter Bjørkli
Anne Osvaldsdatter Bjørkli
Anne Osvaldsdatter Bjørkli er forfattar frå Balsfjord i Troms. Bøkene hennar for barn og ungdom tek for seg alvorlege tema, men ofte med ein humoristisk vri.
Arne Bjørndal
Arne Bjørndal
Arne Bjørndal, forskar, folkemusikksamlar, folkemusikar og ekspert på talar og songar til bryllaup.
Arnfinn Berstad
Arnfinn Berstad var odelsgut som vart heradsskogmeister og forfattar av både dikt og prosatekstar.
Arnfinn Bruflot
Arnfinn Bruflot, norskamerikansk handverkar, redaktør, forfattar og målmann. Bruflot er den siste norskamerikanaren som har skrive om livet som utvandrar på nynorsk.
Arnt Birkedal
Arnt Birkedal
Arnt Birkedal, forfattar av dikt, romanar og kortprosa både for barn, ungdom og vaksne. Kreativ språkleik og skiftande sprang mellom kvardag og fantasi er særpreg ved diktinga hans.
Arve Brunvoll
Arve Brunvoll
Arve Brunvoll er prest, professor og salmediktar. Han var med i redaksjonen for Norsk Salmebok (1985), og han har omsett fleire tekstar som har vorte svært populære.
Bernhardine Catharine Brun
Bernhardine Catharine Brun, guvernante. Ho blei den første som publiserte ei heil diktsamling på landsmål.
Bernt Bøe
Bernt Bøe
Bernt Idar Gudrunson Bøe har i mange tiår drive eit mangfaldig og omfattande kulturarbeid på Nordmøre, både som opphavsmann, utøvar og arrangør.
Björk Bjarkadóttir
Björk Bjarkadóttir
Björk Bjarkadóttir er forfattar, grafisk designar og illustratør av barnebøker. Bøkene hennar er kjenneteikna av fargerike og harmoniske illustrasjonar, som tek opp daglegdagse tema for dei unge lesarane.
Brit Bildøen
Brit Bildøen
Brit Bildøen, forfattar av barnebøker, romanar og lyrikk. Ho har i tillegg arbeidd med gjendiktingar.
Christian Botha
Christian Botha, lærar, forfattar og språkpolitikar. Han stod midt i språkstriden i slutten av 1930-åra, då Stortinget vedtok nye rettskrivingsreglar, som skulle byggje bru mellom bokmål og nynorsk.
Dagmar Blix
Dagmar Blix
Dagmar Blix, lærar og forfattar frå Lofoten, har skrive over 20 bøker, mest for barn og ungdom, og er rekna som ein av dei sentrale barnebokforfattarane i Nord-Noreg.
Elias Blix
Elias Blix
Elias Blix var professor og politikar, men framfor alt kjend som salmediktar og bibelomsetjar. Gjennom virket sitt står Blix som den fremste pioneren for nynorsk kyrkjespråk.
Else Karin Bukkøy
Else Karin Bukkøy, barnevernssjef og forfattar som skriv noveller, romanar og ungdomsbøker.
Engvald Bakkan
Engvald Bakkan
Engvald Bakkan, apotekar og forfattar, var ei lågmælt forfattarrøyst frå skog- og heiebygda Åmli i Aust-Agder.
Geirdis Bjørlo
Geirdis Bjørlo
Geirdis Bjørlo, barnebokforfattar, regissør, skodespelar og dokkemakar.
Gunstein Bakke
Gunstein Bakke
Gunstein Bakke er forfattar, diktar og omsetjar. Bakke sin forfattarskap er underfundig og underhaldande, intelligent og avansert.
Hallvard Bergh
Hallvard Bergh
Hallvard Arneson Ellestad Bergh, lærar, barnebokforfattar og folkeminnesamlar. Han skreiv både på dialekt, landsmål og riksmål.
Hanne Bramness
Hanne Bramness
Hanne Bramness, norsk lyrikar, barnebokforfattar og gjendiktar, som debuterte i 1983 med diktsamlinga Korrespondanse. Ho har fått ei rad prisar for ein allsidig og kritikarrost forfattarskap.
Ingeborg L. Bø
Ingeborg L. Bø var lærar og forfattar.
Inger Bråtveit
Inger Bråtveit
Inger Bråtveit, forfattar, litteraturvitar, omsetjar, journalist og skrivelærar som er ei tydeleg og viktig røyst i samtida.
Ingjald Bolstad
Ingjald Bolstad, folkehøgskulemann, skribent og talar.
Ingrid Bjørkum
Ingrid Bjørkum
Jan-Magnus Bruheim
Jan-Magnus Bruheim
Jan-Magnus Bruheim, diktar og forfattar. Han var først og fremst lyrikar, men skreiv også ein del prosa, deriblant ei rekkje barnebøker.
Jens Brekke
Jens Brekke
Jens Brekke, lærar, kulturarbeidar og songar frå Vik i Sogn. Han er ein framståande formidlar av Per Sivle si dikting, men har også skrive og framført ei rekkje eigne viser og småforteljingar.
Johanna Bugge Berge
Johanna Bugge Berge, kulturarbeidar og kunstnar som henta motiva sine frå natur, folkeliv og folkekunst i Telemark.
Johannes A. Barstad
Johannes A. Barstad
Johannes Andreas Barstad var prest i Volda og på Voss. Han skreiv salmar, og han grunnla og redigerte i over førti år det kristelege målbladet Stille Stunder, som framleis kjem ut.
Johannes Belsheim
Johannes Belsheim
Johannes Engebretson Belsheim, husmannsgut og skomakarson frå Valdres som vart heidersmedlem av vitskapsselskapet i Praha. Midt i livet tok han avskil frå eit presteembete for å konsentrere seg om bibelgransking og anna forfattarverksemd.
Johannes Bull
Johannes Catharinus Bull, ingeniør og industrileiar, som helst skreiv engelsk eller landsmål, og som var ein viktig økonomisk hjelpar for mange nynorske aviser.
Julius Baumann
Julius Baumann, forfattar, foreiningsmann og folketalar som var ein svært viktig kulturpersonlegdom blant norske utvandrarar i USA og Canada.
Kai Martin Brekke
Kai Martin Brekke
Kai Martin Brekke er journalist og har skrive tre kriminalromanar med handlinga lagd til Indre Sogn.
Kari Bakke
Kari Bakke
Kari Kristina Lenvik Frydenlund Bakke, gründer, petitskribent og lyrikar, som skreiv på sognemål i delar av forfattarskapen sin.
Kjetil Augundson Brottveit
Kjetil Augundson Brottveit, redaktør og forfattar som i 2004 fekk Sørlandets litteraturpris for romanen Nattradioen.
Kolbjørn Brekstad
Kolbjørn Brekstad
Kolbjørn Brekstad, skulemann og forfattar av historiske romanar for ungdom og vaksne. Aliaset hans var Allen Bergen.
Kåre Bjørgen
Kåre Bjørgen, lyrikar, skreiv dikt i nasjonalromantisk tradisjon. Han hadde sin poetisk mest produktive periode under krigen og fekk ettermælet farga av at han var aktiv i Nasjonal Samling.
Lars Berg
Lars Berg
Lars Kornelius Edvard Berg var lærar og forfattar. Han var motstandsmann og krigsfange under andre verdskrigen. Berg tok initiativ til skipinga av Hålogaland Teater.
Liv Randi Bjørlykke
Liv Randi Bjørlykke er ein kjend kåsør med humoristiske betraktningar frå eit (tilsikta konservativt) bygdeperspektiv.
Magnhild Bruheim
Magnhild Bruheim
Magnhild Bruheim er forfattar og journalist. Ho har mellom anna skrive fleire romanar i sjangeren bygdekrim og fleire spenningsromanar for ungdom.
Magnus Buflod
Magnus Buflod
Magnus Buflod, lyrikar, målar og musikar frå Trysil.
Mary Bente Bringslid
Mary Bente Bringslid
Mary Bente Bringslid, sosialantropolog og barnebokforfattar som har studert den moderne norske bygdekulturen og vore ein representant for den nye forskinga på eige samfunn innanfor sosialantropologien.
Milada Blekastad
Milada Blekastad
Milada Blekastad var ein særmerkt personlegdom i norsk kulturliv. Ho kom frå Praha til Noreg som ungjente og vart ein framståande formidlar av tsjekkisk kultur.
Morten Bjerga
Morten Bjerga
Morten Bjerga debuterte med romanen Fyrtårnet i 1999.
Oddgeir Bruaset
Oddgeir Bruaset
Oddgeir Bruaset, journalist, programskapar og forfattar. Gjennom ei rekkje fjernsynsprogram og bøker har han formidla historiene til folk som bur og har budd på avsidesliggjande stader.
Olaf Berg
Olaf Berg
Olaf Berg, forretningsmann i Steinkjer. Han var ein fargerik fargar, som levde eit eventyrleg liv på to kontinent, og han var ein frodig forteljar.
Olav Beito
Olav Beito
Olav Toreson Beito, professor og nynorsk språkgranskar. Han studerte dialektar og stadnamn og gav i 1970 ut den største nynorske grammatikken etter Ivar Aasen.
Olav Brusletto
Olav Brusletto, norsk forfattar frå Hol i Hallingdal. Han gav ut to romanar og hadde mange dikt på trykk ulike stader.
Olav Gullik Bø
Olav Gullik Bø
Olav Gullik Bø er ein norsk forfattar og lærar. Han har skrive fleire diktsamlingar og mange skodespel med tilknyting til lokale historiske hendingar i Valdres.
Olava Bidtnes
Olava Bidtnes
Olava Bidtnes er ein norsk poet som etter at ho debuterte som pensjonist, har gitt ut fleire diktsamlingar.
Oskar Braaten
Oskar Braaten
Oskar Braaten, diktar, forfattar, dramatikar og bladmann som skildra fabrikkmiljøet på austkanten i Kristiania i første halvdelen av 1900-talet.
Oskar Stein Bjørlykke
Oskar Stein Bjørlykke
Oskar Stein Dalen Bjørlykke, teolog, lærar og prisløna forfattar av ei lang rekkje bøker for barn og vaksne.
Rune Belsvik
Rune Belsvik
Rune Johan Belsvik, framståande, prislønt og nyorienterande forfattar av ei rekkje barne- og ungdomsbøker, romanar, noveller, dikt, forteljingar og skodespel i meir enn 30 år. Han har skrive bøkene om Dustefjerten og Verdas mest forelska par.
Sissel Solbjørg Bjugn
Sissel Solbjørg Bjugn
Sissel Solbjørg Bjugn, forfattar av skjønnlitteratur for barn og vaksne. Nokre av bøkene har ho sjølv illustrert.
Sjur Bygd
Sjur Bygd var forfattar, gardbrukar, lokalpolitikar og bankmann. Bøkene hans er fine og djuptloddande skildringar av bygdesamfunn i ei brytingstid.
Stein Torleif Bjella
Stein Torleif Bjella
Stein Torleif Bjella, musikar og lyrikar frå Ål i Hallingdal som skildrar lagnaden til Bygde-Noreg med humor og melankoli.
Sturla Brørs
Sunniva Relling Berg
Sunniva Relling Berg
Sunniva Relling Berg, forfattar
Sverre By
Sverre By
Sverre Einride By, lærar, skulestyrar, målmann og forfattar av barne- og ungdomslitteratur.
Torstein Børte
Torstein Børte var kjend som ein munter mann, men skreiv meditative, tenksame dikt.
Tove Bakke
Tove Bakke
Tove Bakke, omsetjar og gjendiktar av om lag 60 bøker og skodespel. Ho har omsett bøkene til Anna Gavalda til nynorsk.
Trygve Bjerkrheim
Trygve Bjerkrheim
Trygve Alvgeir Bjerkrheim, teolog og forfattar, skreiv tusenvis av dikt og songar, mellom dei «Det er makt i de foldede hender» og «Han tek ikkje glansen av livet».
Trygve Bjørgo
Vidar Bergset
Vidar Bergset
Vidar Bergset, lærar, kulturarbeidar og forfattar, har bak seg ein mangfelt forfattarskap, i fleire sjangrar.
Wilhelm Bødal
Wilhelm Bødal
Wilhelm Bødal var lærar og forfattar og skreiv fleire bøker bygde på segner og historiske hendingar frå Indre Nordfjord.
William Blake
William Blake var ein britisk målar, grafikar og poet som har halde fram med å inspirera litteraturen lenger enn mange av sine romantiske samtidige.
Åsmund Bjørnstad
Åsmund Bjørnstad
Åsmund Bjørnstad er professor i planteforedling, forfattar og gjendiktar. Naturen står i sentrum for arbeidet hans som forskar, formidlar og diktar. Som gjendiktar har han laga norske versjonar av krevjande og verdifull poesi.