Faktaboks

Magnus Buflod
Fødd
20. april 1908, Trysil, Hedemarkens Amt (no Innlandet)
Død
15. august 1997

Magnus Buflod var ein norsk lyrikar, målar og musikar frå Trysil.

Bakgrunn

Magnus Buflod var fødd på Vestre Buflod i Trysil i Hedemarkens amt (no Innlandet). Han voks opp i ein kunstnarisk og musikalsk familie og budde heile livet i Trysil, med unntak av eit år på Bjerkely Folkehøyskole. Buflod arbeidde òg ei tid som teiknelærar ved Øverbygda skole. Buflod spelte fele og komponerte folkemusikk, og frå 1946 levde han av å måle naturbilete og portrett.

Forfattarskapen

Buflod voks opp i den litterære krinsen i Trysil rundt Sven Moren og var jamaldring med Einar Skjæraasen og Halldis Moren Vesaas. Han tok tidleg til å skrive, og i 1934 debuterte han på eige forlag med diktsamlinga På leiting.

Fram til 1976 gav han ut seks diktsamlingar, dei fleste på Noregs Boklag. Han hadde eit kristent livssyn, som gav ein djup religiøs grunntone til dei fleste dikta hans. Buflod brukte bilete frå naturen og miljøet omkring seg for å kaste lys over sentrale og allmenne livsproblem, i ei utprega musikalsk lyrisk form. Buflod er representert i fleire diktantologiar, og nokre av dikta hans er òg tonesette. I 2008 kom Dikt i samling.

Utmerkingar

Han fekk Statens kunstnarstipend i 1949. Buflod blei tildelt Austmannaprisen i 1974 og Sunnmørsprisen i 1977, og han blei æresmedlem i Hedmark forfatterlag i 1989.

Bibliografi

  • På leiting (Lyrikk, 1934)
  • Dagrand (Lyrikk, 1942)
  • Elva går opp (Lyrikk, 1948)
  • Enno ein morgon (Lyrikk, 1965)
  • Frå havet kjem elva att (Lyrikk, 1970)
  • Før frosthogget fell (Lyrikk, 1976)
  • Dikt i samling (Lyrikk, posthumt, 2008)

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Magnus Buflod
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036412005925

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg