
Morten Bjerga
Morten Bjerga (f. 1960 i Sandnes) debuterte med romanen Fyrtårnet (1999). Den handlar om ein prest som bryt ut av kyrkja og startar eit nytt trussamfunn med tolv «disiplar» som bur i eit fyrtårn. Det er ikkje heilt ukomplisert.
I Maratonmennene (2008) gir han eit muntert-alvorleg portrett av to lett aldrande menn som trenar til maraton.
Om artikkelen
Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.
Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.
Sist oppdatert: 12.11.2018