Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Brusletto

Olav Brusletto, norsk forfattar frå Hol i Hallingdal. Han gav ut to romanar og hadde mange dikt på trykk ulike stader.

Olav Brusletto var fødd i Ustedalen i Hol kommune 16. august 1885 og døydde der 21. januar 1944. Han tok lærarskuleeksamen på Notodden i 1906 og gjekk på Voss folkehøgskule tre år seinare. Etter det var han lærar fleire stader, mellom anna ved Dovre folkehøgskule i 1920–22. Lengst var han lærar i Lio i Ustedalen, men måtte slutte på grunn av sjukdom i 1932.

Brusletto var ei drivkraft i ungdomslag, fråhaldslag og målarbeid i Lio og Ustedalen, og han hadde mykje av æra for at ungdomslaget fekk bygd seg eige hus. Han var mykje brukt som folketalar.

Brusletto gav ut to bøker: Gjenom eld i 1930 og Prøva i 1936. Dessutan hadde han dikt og artiklar på trykk i Hallingdølen, Hallingen, Jul i Hallingdal, Dølaminne og Høgskulebladet. Han var oppteken av religionsfilosofi og filosofisk prega idear, mellom anna beundra han Mahatma Gandhi.

Brusletto var ein nær venn av Olav Sletto, og Slettos bok Elveland er ei samling med brev stila til Olav Brusletto. Sletto omtaler han òg i «Minneboki».

Kjelder

Gunnar Bæra: Olav Brusletto. En bibliografi. Hamar 1976

Fjellkall: «Olav Brusletto», i Jul i Hallingdal 1965, s. 7–10

Peikarar

Johs. A. Dale og Lars Reinton: Ei bok om Olav Sletto. Oslo 1966. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Først publisert: 13.03.2019
Sist oppdatert: 13.03.2019